mandag 1. februar 2010

119) Ordt. 10, 12.


Kjærleiken skjuler.
Ordt. 10, 12.


Salomo talar om visdom og dårskap og kva som skiler dei. I dette verset er det skilje mellom hat og kjærleik. Dei er så motsette som det går an, men likevel ligg dei ofte nær. Kjærleiken, seier han, dekker over ei mengd med synd (Jak. 5, 20b; 1. Pet 4, 8b). Korleis kan den det? 

1. Jesus.
Først av alt går me til Golgata der Jesus lei for heile verda si synd. Då tok han synda bort og betalte skulda for alle. 1. Pet. 3, 18. Her skjedde det i sanning av mange synder vart skjulte og tekne bort. Det er Kristi forsoningsverk som gjorde det. Han var lammet som bar alle synder, Joh. 1, 29. Mange vers i Bibelen talar om dette. Gud har altså ordna alt på førehand.

2. Frelsa.
Når ein syndar så kjem til Jesus og vender om, får han full tilgjeving for synda. Då kan Gud bruka det som Jesus gjorde på den einskilde av oss. Det hender noko stort når eit menneske vedgår si synd og seier ope: Eg har synda, eg er skuldig. Då frelser Gud den einskilde av oss og skapar eit nytt liv. Me vert Guds born. Og det gjer han av di Gud elskar verda så høgt. 

3. Eg.
Skal eg skjula noko synd? Ikkje mine eigne for Gud. Men eg skal skjula andre sine synder og ikkje tala nedsetjande om folk. Det er ei slik praktisk formaning Peter kjem med når han siterer Ordt. 10,12. Me skal ikkje sladra og trekka fram gamle synder hjå andre og seia: Slik er du! Me skal ikkje bera andre sine feil utover bygd og by. Det er mange som gjer det, og det er synd. 

Me skal altså vera varsame for ikkje å skjemma ut Guds namn. Og då treng me stadig ny reinsing og hjelp. For menneska er så skrøpelege i dette stykket. Slik har eg opplevd meg sjølv også. 

4- Misjon.
Denne bodskapen skal me bera vidare ut til alle. Gud vil skjula di synd, han kan frelsa den djupast falne og bevara oss på vegen heim til himmelen. Gud, hjelp oss til det.