tirsdag 16. februar 2010

163) Rut 3.


Tålmod
163) Rut 3.

      
       Me har sett korleis Rut arbeidde på åkeren til Boas, ein slektning av Elimelek, verfar hennar. Nå var ho enkje og hadde slik lite framtid. Ho skulle hatt ein heim og fått meir tryggleik i livet.
       Rut sjølv tok seg ikkje til rette og søkte ikkje menn ute på åkeren. Ho hadde vel tenkt på å få ein ny mann og heim, for ennå var ho ung. Men ho hadde tid å venta og syner slik eit fint tålmod. Her er noko å læra for einkvar. Ekteskapet er ein del av Guds plan og vilje. Men det er skrive i ordet at det skal skje i otte og age for Gud, i Herren. 1.Tes.4,4-5.
       Mykje vondt i heimane og mange skilsmål kunne vore ugjort om menneska hadde tenkt meir på det og hatt tid å venta. Serleg unge menneske skulle kanskje læra å ha meir tid her. Mennesket må mognast i livet før det kan tåla påkjenningar. Og eit ekteskap er meint av Gud å vara livet ut. Då blir det mange kvardagar, og det kan skapa konfliktar. Difor skal ein ikkje vera for snar her. Det gjeld både menn og kvinner.
       Men No'omi tenkte på sonekona si og la ein plan for henne, slik me har lese i v.1-9.
       Ordet heime tyder eigentleg kvile.[1] Rut skulle nå koma til ro og ikkje flakka om frååker til åker for å finna mat. Kvile er eit vakkert ord for ein heim.

Skikk – ikkje snare
       No'omi kjende skikkane i Israel, korleis dei pleidde å gjera dette. Det synes å vera ukjent for Rut. No'omi bad henne vaska og salva seg og gå ned til treskevollen der Boas var. Men ho måtte vera varsam og ikkje gå før alt arbeidet var gjort og Boas var ferdig med måltidet. Når han la seg skulle ho leggja seg ned ved føtene hans og venta.
       Dette må ha vore skikken deira i slike høve. For No'omi seier at Boas vil seia henne kva ho skal gjera. V.4. Her er altså ikkje tale om at Rut skal freista Boas til synd eller leggja ut ei snare for han. Det er rett og slett tale om ein skikk. Det var truleg slik ei kvinna gjorde det klårt for ein mann at ho var interessert. Så fekk han svara slik han ville.

Lydig og audmjuk
       Om Rut sjølv hadde tenkt på Boas slik, veit me ikkje. Men les me vidare frå v. 5, høyrer me at ho svara lydig: Eg skal gjera alt det du seier. At ho svara slik er ikkje berre uttrykk for lydnad mot vermora slik skikken var i tida. Det syner litt av hennar karakter: Ho bøygde seg og var viljug å gjera det andre sa. Ho sa ikkje imot eller ville pressa sin vilje fram.
       Då kvelden kom, gjekk Rut tiltreskeplassen og la seg stilt ved føtene hans. Er ikkje det eit vakkert ord om korleis ho var? Ho ville ikkje laga noko oppstyr om seg sjølv på nokon måte. Midt på natta vakna Boas og kvakk til då han såg ei kvinne ved føtene sine. Men heller ikkje han var ein slik lauskar som nytta seg av dei kvinner som baud seg til. Difor spør han straks: Kven er du?
       Svaret som Rut gir, viser igjen noko av hennar karakter. Ho seier: Eg er Rut, tenestekvinna di, v. 9. Slik stiller ho seg på den låge plassen som før. Ho tek ikkje noko for sjølvsagt. Ho kan likeså vel rekna med å få nei som ja. Ho var ein framand og det var kvinner nok i Israel som Boas kanskje ville ha. Difor finn me henne aaudmjuk ved føtene hans.Så bed Rut om at han vil leggja kappa si over henne, og det var jamgodt med eit frieri på den tida. I Esek. 16,8 er det nytta som uttrykk for å ta ein til ekte. Der er det brukt om at Herren tek Israel til ekte: Då breidde eg snippen av kappa mi over deg, sa Herren. Og du vart mi.
       Her kan det vera interessant å vita at ordet for kappe er det same  som er omsett med vinger i kap. 2,12.[2] Der brukte Boas det ordet til Rut og sa ho hadde kome til Israels Gud for å finna livd under vengene hans. Nå brukar Rut det same ordet til Boas og seier: Brei kappa di over meg, eller: Brei vengene dine over meg. Ordet tyder begge deler.På same måten som ho søkte ly hjå Israels Gud ved at ho kom til Betlehem med No'omi og trudde på hennar Gud,bed ho nå om ly hjå han. Med det ville ho seia at han skulle ta seg av henne og gi henne ein heim. Det er same ordet som er brukt i hebr. NT om venger i t.d Åp.4,8, og då Jesus sa til jødane: Kor ofte ville eg ikkje samla dyk som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Det er og uttrykk for skjul og livd og vern.
      
Løysingsmann – men kven?
       Då Rut ba Boas om å leggja kappa si over henne, slik me las i kap.3,9, var ikkje det eit tilfeldig spørsmål.Heller ikkje var det kjensler eller eit plutseleg innfall som dreiv henne. Sjølv om vermora No'omi hadde bede henne gjera det, var det og noko meir som låg til grunn for oppmodinga. Du er løysingsmannen min, seier ho v. 9. Me skal tala meir om det seinare.Her nemner me berre at ho med det faktisk minner han om at han etter jødisk lov hadde ei viss plikt til å ta seg av henne. Det er No'omi som har undervist henne om dette.
       Les med resten av kapitlet, ser me at Boas var glad over svaret. Han seier: Herren velsigne deg, dotter mi. Etter svaret hans treng ho ikkje meir vera i tvil. Ho skal løysast og få ein mann og heim. Men det var ikkje sikkert at det vart Boas som skulle gjera det. Det var ein nærare slektning som dei først måtte spørja. Men elles kunne ho vera trygg. At hana kalla henne dotter si, kan kanskje tyda på ein viss skilnad i alder; at ho var yngre enn han.

Livsstilen er viktig
       Ho får god attest av han nå: Du har vist større truskap nå enn før, seier Boas, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene. v. 10. Ho er ei god kvinne, seier han. Og dette vitnemålet er ikkje berre hans meining. Nei, alt folket i byen  veit det, kviskrar han til Rut i nattestilla. Folk har lagt merke til denne framande og sett at ho ikkje levde som heidningar flest. For ho vart nok rekna for ei heidningekvinne ennå. Det understrekar forfattaren og boka. Namnet Rut er nemnd 12 gonger, og av dei er ho kalla moabitt 5 gonger.
       Ho var med andre ord eit samtaleemne i byen. Ordet om at heile byen tala om Rut tyder eigentleg byporten. Der samla folket seg som på eit torg, og der sat domarane i byen og avgjorde saker. Difor var det viktig kva folk sa om henne der.
       - Som kristne er me på same måten i fokus for alle og einkvar me møter. Dei legg merke til korleis me lever og gir oss attest. Det kan nok vera at denne attesten ikkje alltid er rettferdig når nokon vil sverta oss. Men det skal leva i tanken vår at me er lys og salt her i verda. Folk får ofte det inntrykk av kristen tru og liv, som dei får av oss. Og det legg eit ekstra alvor over livsstilen vår.
       Boas ba henne vera hjå han den natta – stadig ved føtene – så skulle saka ordnast neste dag. Då ville dei oppsøkja den andre løysingsmannen. Dersom han ikkje ville eller kunne løysa henne, lova han rett ut at han skulle gjera det, v.13. Her i nattestilla fekk altså Rut ein lovnad. Det var dyre ord for henne som ho nok tok vare på.

Ikkje til anstøyt
       Før det var lyst, sto ho opp og gjekk heim att til No'omi. Korkje ho eller han skulle vera interessaert i at folk skulle sjå at ho hadde vore der om natta. Slikt har folk alltid lett for å tala om, og dei legg ofte merke til det dei sjølv tenkjer. Her handla dei klokt og unngjekk slik å bli skada. Den same klokskapen kan vera nyttig for mange, altså å leva varsamt for ikkje å vekkja anstøyt hjå andre. Ofte kan det som er gjort i uskuld sjå ut som synd og skam for den skitne fantasien. Ved å handla klokt kan slikt unngåst.

Trulovingsgåve
       Men før ho gjekk, fekk ho seks mål bygg av Boas med seg heim til vermora. Han ville ikkje at den framtidige brura skulle koma tomhendt heim.Det er litt uvisst om kor mykje ho fekk. Leon Morris trur det var 6 seah, som er ikring 40 kg.[3] Det var ikkje så lita trulovingsgåve – og ho var tung å bera.
       No'omi  var nok spent på korleis natta hadde vore og spsurde straks ho kom: Korleis gjekk det med deg? Svaret var nett dei 6 mål korn, og det ovetydde vermora: Rut hadde nok ikkje gått til fånyttes til Boas. Difor kunne ho trøysta jneta og seia: hald deg i ro. Det var ikkje meir å gjera for henne. Nå var det opp til han.

Løysingsmannen gjev seg ikkje
       Og Boas får ein uvanleg vakker attest av No'omi: Den mannen gjev seg ikkje før han får saka ordna, og det i denne dag, v.18. Gåva hadde nok overtdd henne, og kanskje kjende ho mannen frå før.
       - Denne attesten kan også seiast om vår utløysar. Han gjev seg ikkje før alt er ordna. I alle høve er det sant om Frelsaren. Han gav seg ikkje. Alt vart gjort for å sona verda si synd, og alt vert gjort for å kalla syndarar inn til krossen. Han gjer og alt for å føra sine gjennom denne vanskelege og vonde  verda. Skal me vegen om dødsporten, treng me ikkje stå der aleine. Vår ”Boas” vil ta oss ved handa og føra oss fram. Han gjev seg ikkje. Han søv ikkje og slumrar ikkje, Israels vaktar. Det kan me leva i vissa om. Salme. 121,4.
-


[1] Heim er i slekt med indogermansk ci som tyder å liggja. Etymologisk ordbok.
[2] Hebr. Kanaph. Hovudtydinga er skjul, tildekking.
[3] L.Morris i Tyndale Comm.p. 294.