tirsdag 23. februar 2010

178) Josva 1,7.


Avvegar
178) Josva 1,7.
.
Moses er død, og Josva skal ta over. Her får han rettleiing om den rette vegen. Han må ikkje vika av, 5.Mos. 5, 33. Det er ein evig regel i Guds rike. For dersom leiarane vik av frå den rette vegen, vil snart alt folk gå der.
.
Her er avvegar eller grøfter - og dei fører ikkje til målet. Ofte er dei så like alle andre vegar at ein lett kan ta feil, særleg i byrjinga. Og når ein har gått lenge på ein veg, er det ikkje lett å bryta over og seia: Eg har teke feil. Difor gjeld det å starta rett.
.
Nokre farlege avvegar for ein kristen:
.
1. Falsk truande.
Kanskje du ikkje er fødd av Gud, og lever som ein hyklar. Du er utan liv i Gud, berre eit ytre skal. 1. Joh. 5. Kva hjelp er det i det, om du ikkje vinn fram til målet når reisa er slutt?
.
Jesus må bu i oss, Ef. 3,17. Paulus ber om det! For dei. Alle kan fara vill, det syner Bibelen. Du kan byrja rett, men halda fram på feil måte og dermed enda i fortaping.
Utan kunnskap er det nyttelaust. Men her gjeld det ikkje berre kunnskap. Joh. 3. Nikodemus visste mykje, men han visste ingen ting om gudslivet. Han var ikkje ein sann truande.

Det nye livet blir fødd, ved tru av Anden. Her kan me ikkje ta oss saman og gjera store og gode gjerningar. Dei fører ikkje fram. Mange falske lærarar har nemleg dette i si tru: Du må gjera noko i tillegg til Jesus, slik det var med judaistane i Galatia. Paulus måtte skriva eit sterkt brev til dei.
.
2. Falsk lære. Det skal det særlig bli mykje av i den siste tid. Heile kyrkja skal fara vill, ser det ut til. Nokre unnatak er det, men i det store og heile vil folket vera på ville vegar i endetida. Her gjeld det å halda fast ved ordet og vera varsam med alt det nye. Det er trass alt det gamle evangelium me blir frelste ved! Det er alltid noko mistenkeleg ved nye tolkingar som Guds folk aldri har høyrt før.
.
Her vil me sjå på eit par vers i Bibelen. 2. Tim. 2, 18 seier: ”Dei har fare vilt frå sanninga.” Det går an å byrja rett og enda galt om ein lyttar til og fylgjer vranglæra. Det er alvorleg tale. I same brev kap. 3, 13 les me: ”Men vonde menneske og slike som kverver synet til folk, går fram til det som verre er. Dei fører vilt, og fer sjølve vilt.”  
.
I 1.Tim. 4, 16 finn me ei sterk formaning her: ”Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det. For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.” Det er altså viktig med rett lære. Somme er lite nøye her og meiner det ikkje er viktig. Her ser me at feil lære fører til feil tru og leier folk ut i fortaping.
.
Fleire brev er skrivne mot vranglære, slik som Gal., 1.Joh., Kol. Den rette frelseslære legg alltid vekt på nåde og tru og alt for Jesu skuld.
.

3. Søvn.
Bibelen åtvarar mot søvn, for den sløvar sinnet slik at me ikkje ser om tru og liv er rett. Det kan gjelda a) det åndelege. Verda tek over i tanke og sinn. Ein vaker ikkje over om læra og trua er sann og sunn. Jesus talar sterkt om å vaka - Luk. 21,34-36. Det gjeld ungdom og manndom. Her bør me alle be og synga: løys du dei band som til verda oss bind.
.
Det kan også gjelda b) livet som kristen. Då vert gjerne folk mindre forsiktig i småting og småsynder. Må Gud få hjelpa oss til å ta det nøye. Søvn fører også til at ein vert sløv i kristenlivet. Det vert ein vane, eit ritual utan varme og glød.
.
Herre la det lukkast, vekk oss – og hald du oss vakande her.
Amen.
.