lørdag 13. februar 2010

128) Job-andaktar.

Andakter - Job.
(1).VERNA PÅ ALLE KANTAR.

Slik seier Satan til Gud - om Job (Job 1,10). I den eldre omsetjinga stod: hegna om han. Og det stemmer godt med hebraisk grunntekst. Der står eit ord som tyder å setja gjerde kring, t.d. med torner. Slik vart det vern mot villdyr og fiendar.

Slik var Gud med Job. Satan sa sant der. Gud hadde verna han på alle kantar.

På den måten tek han seg av oss kristne og. Me lever midt i ei vond og fårefull verd. Der er villdyr og fiendar på alle kantar. Det skal lite til for å riva oss bort frå det inderlege samfunnet med Jesus.

Difor har han hegna om oss. På alle kantar for å møta alle fiendar. Han sette eit gjerde kring oss som verda ikkje kjenner. Me er under serleg vern av Gud, me er Guds dyraste skapning. Guds nåde er gjerde ikring oss og Guds mange lovnader. Innafor her er me trygge.

Det veit Satan. Han hadde gått ikring gjerdet og sett om det var eit einaste hol. Men nei. "På alle kantar", står det, eller "omkring han". Gud er på di sida og vil verna deg i alt. Satan slepp aldri til lenger enn Gud vil.


(2). SATAN FRAMFOR HERREN.

Tenk Satan stig fram mellom Guds søner framfor Herren (Job. 1, 6f). Og her kjem han med anklage mot ein Guds ven. "Det er vel ikkje utan grunn han har age for Gud," seier Satan til Gud.


Det sette merke i meg i dag. Har eg baktankar med det eg gjer? Tener eg Gud for å tena på det sjølv?
Satan veit kor svake me er!
Og han går inn til Gud og klagar på oss. For Satan er fienden vår. Han er opphavet til freistingar og anfekting. Målet hans er å føra oss til fall - bort frå livet i Gud.


Me er ikkje fritekne for tvil og freisting om me er verna av Gud. Det er ofte Guds kjæraste born som vert anfekta mest. Dei sløve og likegyldige kristne gjer lite skade for Satan. Men slike som Job er fårlege for hans rike. Difor går han til åtak på dei. Han klagar dei dag og natt, er det skrive.
Du er kanskje inne i ei slik tid nå. Du tykkjer Djevelen er nærare enn Jesus.


Ver tålsam. Gud ser di sak. Han bergar armingar i deira naud (Job. 36, 15). Det er ljos i andre enden av tunellen. Vent på Herren. Du eig alle lovnadar.

(3). HERREN GAV, HERREN TOK.

Dette ordet er kanskje det mest kjende i Jobs bok (1,21). Job har opplevd sin store tragedie: alt er teke frå han. Han sit naken att. Likevel syng det i sjela hans: Det var Guds gåve alt, og han hadde rett til å ta det att. Ordet viser kor lite Job har vore bunden til dei jordiske og materielle ting.


Lukkeleg den som ser på livet slik. Om eg er naken eller eig alt, er det frå Gud. Difor kan eg lova Herrens namn i det som skjer - sjølv om det ikkje smakar så godt. For eg veit ordet er sant: alle ting tenar til gode for dei som elskar Gud (Rom. 8,28).


Dette er å vere audmjuk. Å bøya seg for Den Allmektige i alt. Han kritiserar ikkje eller klagar - slik tonen er så mange gonger i dag. Det hadde ikkje Satan rekna med (v.11)! Job prisar Guds namn - han veit at Gud står bak og tillet alt. Det er ikkje ein blind "skjebne" som rår - slik talar og folk i vår tid. Nei, Gud sjølv har tillete at slik skal skje. Visst skjønar han ikkje kvifor det skal henda slik. Men Gud skjønar det. Det er nok.
Til nå hadde ikkje Job synda i prøvinga. Slik gjorde Satan til skamme. Men Gud skulle tillata meir. Job skulle djupare ned i lutringa.

(4). LIKE ULASTANDE.

Satan hadde klaga Job og teke frå han alt han åtte. Då gir Herren han denne attesten: Framleis er han like ulastande (Job 2,3). 


Det hadde vore naturleg for Job å klaga då. Det skal ofte lite til før me synes alt går mot oss. Og då kan me vere snar til å sende klageskriv mot himmelen. Det kan vere om naboar, om sjukdom, og arbeidsmiljøet eller økonomi. Alt tårnar seg opp og me tykkjer me vert mistydde.
Sume gonger er alt dette sant. Livet vart ikkje slik me hadde tenkt eller vona. Det vart kanskje mange motbakkar.


Men Job klaga ikkje Gud i denne tida. Kva han gjorde seinare vert noko anna. Nå bøygde han hovudet og tok imot det Gud sende i vegen hans. Han var like ulastande - ikkje framfor Gud men for menneskje.
Gud tillet altså Satan å røva frå oss mykje. Som med Job kan han ta mest alt frå oss. Det gjeld jordisk gods såvel som slekt og vener.


Kan me fylgja Job her, vert me sæle som kristne. Det ligg ei stor kraft i det å kunne bøya seg under det Gud sender utan å klage. Skje din vilje, Gud, for den er best.


(5). SEI GUD FARVEL OG DØY.

Det er kona til Job som seier dette til mannen då prøvingane heldt fram. Satan tok ikkje berre borna og buskapen hans. Job fekk svullar over heile kroppen og sat som ein stakkar og skrapa seg med potteskår. Kva kunne meininga vere med dette? Hadde det ei meining?


Nei, sa kona. Gud er urettvis, og det gagnar ikkje å tru på han. Sei han farvel. Spotta han heller og døy.
Tenk, for ei oppleving det måtte vere. Få slik tiltale midt i sorg og vanskar. Og av sin næraste. Kona hans. Ho som skulle støtta han og trøysta. Dei var saman i sorga over borna og buskapen.


Det verste er å få motgang av sine eigne. Mange av oss kan tåla slag av utaforståande. Det er ikkje meir å venta der. Men å møta motvilje og unødig kritikk av dei næraste er sårt. Det har skapt mykje vondt mellom menneskja og skilt ven frå ven. Truande er blitt motlause i arbeidet for Gud ved slik unødig kritikk, og truleg har misjonsarbeid blitt hindra ved slik framferd. Me må be Gud om hjelp til å tåla det - og til ikkje å vere mellom dei som kritiserar. Og korleis skal det gå om me seier Gud farvel? Då kjem den evige død.

(6). JOB SINE TRE VENER.

Under dei store prøvingane som Job måtte oppleva, kom tre av hans vener til han ein dag. Kap. 2, 11. Dei hadde høyrt om ulukka. Sjølv budde dei i andre byar. Nå kom dei for å syna han medkjensle og trøysta han.
Dette var ein god tanke. For ein som har sorg og motgang, treng hjelp. Mest av alt treng han eller ho medkjensle. Dei hungrar etter å møta nokon som kan forstå. Det er ikkje alltid dei mange og forstandige ord som skal til. Det er viktigare at nokon har tid å sitje ned. Å høyra og lytta. Eller berre sitja der, utan ord og forklaring. 


Då dei såg Job, kjende dei han ikkje att. Så prega var han av sorga.
Då gret venene. I sju dagar og sju netter sa dei ikkje eit ord til han. Og Job klaga seg ikkje over det. For kanskje var det det beste som hende i denne tida. Nokre som hadde tid til å dela dei tunge tankar med han. For i dei tunge tider fins det ikkje gode nok ord som trøyst. Men kor lenge ville dette vare ved? 


Framhaldet av Jobs bok syner at venene tok til å klaga Job. Han må ha synda på ein spesiell måte når Gud kan straffa slik, sa dei. Men var det rett? Gud svara sjølv på det: de har ikkje tala rett om meg (42, 7). For Gud er ikkje slik, det såg Job til sist (kap. 42, 3-5).

(7). JOB SI FORBANNING (KAP. 3,1).

For første gong opnar Job munnen etterat venene er komne. Dei hadde sikkert ei god meining med å kome. Men Job sat i si eiga verd, og dei fann aldri inn til hjartelivet hans.
Job banna den dagen han vart fødd, slik og profeten Jeremia gjorde (Jer. 20,14). Livet var for tungt å bera, og kvifor skulle dette henda? Det er så djupe spørsmål at ingen finn eit heilt svar i dette livet.
Dersom han fekk lov å døy, ville han sleppe lidinga. Og var han aldri fødd, ville han vore fri alt (v. 11). Me er vitne til den grufulle kamp trua kjempar midt i si anfekting. Det er eigentleg ikkje ein kamp mot Gud og heller ikkje forakt for livet. 


Job er fylt av store spørsmål. Kvifor skal slikt henda? Kva er meininga med livet når det er så meiningslaust? Ein anfekta kristen kjenner denne uroa. Han ynskjer så inderleg svar, få sjå ein lysning i tilværet.


Slik anfekting kan lett enda i svartaste mørke. Ikkje få så slutten på alt i slike tider. Er det ei meining - eller går alt utan plan i livet? Og svaret finn me ikkje før i siste kap: "Ingen ting er umogeleg for deg" (kap. 42, 2). I det må me alle kvila, sjølv i dei mørkaste tider.

(8). TENK ETTER! (JOB 4, 7).

Det er ein av trøystarane, Elifas frå Teman, som ber Job tenkja. Han kjem som ein visdomslærar og skal syna Job den rette vegen. Feilen for denne ulukka ligg hjå Job sjølv. Han klagar over at det var nyttelaust å tala til Job. Kva tid miste ein skuldlaus livet? spør han. Tanken er denne: hvis Job hadde levd rett, ville ikkje denne ulukka koma.


Slik er alle trøystarane eigentleg like: dei legg skulda på Job for ulukka som har kome over han. Ser ein flyktig på orda deira, ser dei rette og åndelege ut: Kan eit menneske vera rettferdig for Gud? (v. 17). Det ser einkvar ærleg sjel. Elifas ville leggja saka fram for Gud (5, 8), som om Job ikkje hadde gjort det - heile den tida han levde rettvist for Herren. 


Den same Elifas klagar seinare Job for å bryta ned agen for Gud (15, 4). Og etter dette kjem han med og slår han med dom og ber han venda om (22). Men det er ikkje ein Guds forkynnar som talar her. Det er hyklaren - som alltid legg byrder på andre utan å røra dei sjølv. 


Orda i Gal. 6, 7 kan mistydast til skade for sjelene. Det er sant at me må hausta det me har sådd. Men me kan ikkje dermed seia at alt som skje med oss kjem av direkte, konkrete synder i vårt eige liv. Det ser me av Joh. 9, 3. Difor skal me ikkje døma andre når dei må lida. Det er inga trøyst.

(9). RETTFERDIG FOR GUD.

Det er Elifas som spør: Kan ein menneske vera rettferdig for Gud? (Job. 4, 17) Og han legg til: Gud finn feil hjå englane. Så heilag er han.


I oss sjølve er me ikkje rettferdige og kan aldri bli det. Om me fasta og bad eller plaga oss sjølve eit heilt liv, var me like ureine. Så grundig har syndefallet øydelagt oss.


Kanskje skjøna ikkje vismannen Elifas djupna i desse orda. Og det gjer ikkje mange nå heller. Men sanning er det. For dette ordet tek frå oss all von til oss sjølve, me vert ribba for den siste tråd. 


Skal eit menneske bli rettferdig for Gud, treng han noko heilt anna enn eigne ufullkomne gjerningar. Me treng Guds eiga rettferd. Og den er openberra i Kristus. Der kan me få alt det me ikkje har. Og me får det gratis, av nåde. Kristus kjøpte rettferdsdrakten til oss då han ropte sitt "fullbragt" på korset. Og det skjøna ikkje Elifas. Difor var det ei mager trøyst for Job å høyra det han alt visste.


Men i evangeliet opplever me svaret: ved tru på Jesus eig me alt me treng (Rom. 5, 1). Me får ikkje hjelp til å bli betre eller kraft til å leva eit meir rettferdig liv. Det er ikkje rettferdiggjering. Me får eit heilt nytt liv, og det er berre det som gjeld for Gud. Ved trua eig me Kristi eige fullkomne liv. Meir enn det treng ingen av oss. Då er me reine for Skaparen - slik Jesus er det.

(10). MI SAK I GUDS HAND.

Det er Elifas som seier dette, med tydeleg adresse til Job: han bør leggja si sak i Guds hand. Job. 5, 8. For han gjer storverk og under som ingen kan telja. 


Først er det ei irettesetjing av Job: Han har synda ettersom det ikkje er nokon verknad utan årsak, v. 6-7. Han har heller ikkje vendt seg til Gud. Det er lett å seie kva me ville gjera i ei vond stund. Men når me sjølv opplever der vonde, vert me like hjelpelause som andre. Då er det ikkje lett å gjera det me har sagt før.
Likevel er det eit godt råd han gjer: kva er betre enn å venda seg til Gud i alt? Og kva anna kan me gjera i vonde tider enn å leggja saka vår i Guds hand? Det var det Jesus sjølv gjorde: han truga ikkje når han leid, men overlet si sak til han som dømer rettferdig (1. Pet. 2, 23). Me skal ikkje hevna oss sjølve ved urett. Me skal leggja alt i Guds hand. 


Me treng å be om ny nåde kvar dag - me er sjeldan utan skuld i dei vonde dagar som møter oss. Då får me koma til han som far. Og når me lagt alt framfor han, skal me kvila der. Han tilgjev og vil ta seg av oss etter sin gode vilje.