tirsdag 23. februar 2010

177) Josva 2, 1-7 + 18.


Rahab.
177) Josva 2, 1-7 + 18.
.
Israel skal inn i det nye landet. Speidarar vart sende ut for å undersøkja korleis folket og forsvaret. Gud hadde gitt dei landet, men folket måtte kjempa for å få det.
.
Rahab, ei skjøke hjelpte dei, ho fekk lovnad om frelse. Og Gud heldt sitt ord i dette óg. Mt. 1,5 viser at ho vart ei av mødrane i Jesu slekt. Ho var mor til Boas, som me kjenner frå Ruts bok.
.
Ho er og bilete på ein kristen - og kva frelse er:
.
1. Ho var ei skjøke. v. 1.
Det tyder her ein grov syndar. Det blir dømt hardt av menneska. Hor er synd både mot Gud, mot sin eigen kropp og mot andre menneske. Det hra ein evne til å øydelggja einskildmenneska og heile samfunnet.  
.
Men det er ikkje berre store syndarar blir råma av Guds dom. Alle synder er like i så måte. Dei er brot på Guds vilje og tanke med oss. Den endelege dom over alle som lever i synd, blir fortapinga.
.
Men dette avsnittet viser óg at Gud elskar alle, syndaren har ein plass i Guds rike. Det består berre av syndarar som har fått tilgjeving for synda og lever truslivet sitt der. Den rettferdige ved tru, skal leva. Hab. 2,4 m.fl. st.
.
2. Ho tok imot budskapet.
Ho skjøna at Herren var med, v. 9. Ho hadde høyrt om Guds gjern. v. 10. Ryktet om kva Gud hadde gjort for Israel gjennom øydemarka, hadde gått føre dei. Heidningane hadde høyrt om de store ting og skjøna at dei hadde ein stor og sterk Gud med seg.
.
Rahab var ein av dei som hadde høyrt det. Kanskje det nett var reisande som kom frå Egypt og gjekk inn til henne, som hadde gjeve henne bodskapen. Nå skjøna ho noko meir. I lys av ordet om ein stor Gud, gjekk det opp for henne: Ho var ein syndar, ho trong miskunn, v. 12.
Då er det håp. Då speidarane kom til henne, vart det eit høve til å ordna si sak med Gud. Dei var sendebod frå han!
.
3. Ho vart frelst ved den raude tråden. v. 18.
Det var ein tråd med skarlagenfarge. Berre den var teikn på frelse. Men det heldt! Ikkje noko anna plagg eller tøystykke kunne hjelpe henne. Det måtte vera det sendebodet sa. Gud er alltid nøye slik. Det er som med ein resept til medisiner: Det må vera nøyaktig det som står på papiret.
.
Ho viste at ho trudde på dette ved å hjelpa speidarane, og gøyma dei. Det var eit uttrykk for tiltru. Ho overlet heile seg til det dei ville gjera for henne. Og ho hadde ikkje nokon annan garanti enn ordet deira. Det måtte ho stola på.
.
I NT er det berre eitt som kan frelsa: Det er Jesu røde blod. Skarlagenssnora er bilete eller symbol på blodet. Her er alle like. Alle er kjøpte fri med blodet, det er soninga på krossen. Berre der får me tilgjeving og frelse.
.
4. Ho kunne gå ut or huset, v. 19.
Ho hadde fridom til å gjera kva ho ville i så måte. Men då måtte ho ta konsekvensen av livet sitt. Då var ho fortapt som dei andre. Skarlagenssnora kunne ikkje berga henne om ho gjekk bort frå huset der det var.
.
Frelsa er friviljug. Ingen kan tvingast til å tru, og me er heller ikkje trygge om me går bort frå Jesus. I v. 21 ser me at Rahab bann snora i glaset, som teikn på kven ho trudde på og tilhøyrde. Det er den ytre vedkjenninga som Bibelen talar om.
.
Har du gjort det?
.