mandag 15. februar 2010

152) 2 Kong 25, 27-30

Jojakin.

152) 2 Kong 25, 27-30

Dette er avslutningsorda om kong Jojakin i Juda. Han vart bortførd til Babel. Der hadde han vore i 37 i fangeskap, og det for faren sine synder, kong Jojakim, eller Eljakim. Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens augo, står det (23, 37) Men ein ny konge, son til Nebukadnesar, sette Jojakin fri, v. 27. Han tala venleg til han og gav han ein høgare plass enn dei andre kongane.



Då står det at Jojakin la av seg fangedrakta og var altså ein fri mann. Men han fekk ikkje alt det han trong som ein reserve eller eit stort lager som skulle vara livet ut. Nei, han gjekk dagleg til bords hjå kongen, står det, v. 29. Han fekk altså nok for dagen i dag. Men slik var han og sikra framover. Heile livet gjorde han det. Han fekk det han trong, seier ordet her. Og han fekk det av kongen, dag etter dag.



Kor likt er ikkje dette ein kristen. Me var fangar under synda og Satan. Men ein ny konge kom og sette oss fri. Kongenes konge gjorde det på krossen på Golgata. Heile Jesu verk ligg gøymt her.



Det er sant som Johannes Pedersen skriv om dette i Dansk bibelværk: ”Nå treffer vi Abrahams sæd i Babel under Herrens straff og nåde, for at løftet til Abraham skulle kunne oppfylles. Grunnsynspunktet i det store historieverk er den evige pakt, som Herren har sluttet med Davids hus. På denne pakt hviler håpet om verdens frelse fra alle syndefallets følger.” Det er hendinga med Jojakin som vert kalla ”den lille lysstråle” i kommentaren ”Gullbruben”. For det viser at Gud ikkje hadde gløymt Davids ætt og sitt eige folk. Ein dag skulle det kome ord om berging for alt folket.



Slik kongen sørgde for Jojakin, vil Herren sørgja for oss både åndeleg og timeleg. Me er i hans hender i alt som skjer med oss. Så må me takka og lovsynga Gud for dagleg brød så vel som for tilgjeving for syndene. Alt er gåver frå Gud.