mandag 1. februar 2010

118) Fork. 3, 11.


Alt er fagert.
Fork. 3, 11.
.
Alt har Gud gjort fagert i si tid. Æva og har han lagt i hjarta deira.
Her skal me tala om dei evige ting, og ikkje om jordiske saker. Då må me tala om Gud og hans gjerning.
.
1. Gud har skapt alt, også mennesket. Han skapte det i sitt bilete, altså reint og heilagt slik at det høver for himmelen. Utviklingslæra (evolusjonen) er mennesketale og difor upålitande. Darwin prøvde å koma utanom Gud og trudde ei tid sjølv at han hadde funne løysinga: Alt er utvikla frå ingen ting. Han var ikkje så viss om det mot slutten av livet.
.
2. Djevelen kom og øydela gudsbiletet. Mennesket vart ein syndar, men han kunne ikkje ta frå oss alt, nemleg kjærleik frå Gud. Gud elska sin skapning også etter syndefallet. Men djevelen er ei stor makt og ein farleg person for alle.
.
3. Gud gav oss noko: Først ein kropp som me treng for å leva her i verda. Men så gav han også ein lengt etter Gud. Ikkje slik at me leitar og søkjer etter Gud av natura. Fallet tok det frå oss. Men det ligg likevel noko i oss som me ikkje kan forklara. Salomo seier her: Også æva har han lagt i vårt hjarta. Det kan tyda.
.
a) Me er ”evighetsvandrarar” her i livet. Me skal ikkje vera her alltid, og tilværet vårt er ikkje slutt når me døyr. Der er eit skilje med dyra. Men har sjel og ånd som lever sitt eige liv, så å seia. Ein dag skal me gjera rekneskap for livet vårt. Mange har gløymt det og lever berre for dette livet. Ein bonde sa då det var tale om æva og Gud: Når eg døyr, er det som når hesten min døyr, eg grev han ned bak løa og han er ikkje meir. Det er synd om dei som tenkjer slik. Mange vil vakne altfor seint og sjå: Gud lever.
.
b) Dette gjer at me inst inne ikkje er nøgd med livet her. Det må vera noko meir. Gud la noko i oss som gjer at me veit: Der er visst noko vak død og grav. Alle kjende folkeslag har hatt ein religion, og dei tilber gudar som skal hjelpa dei i livet etter døden. Det er eigentleg berre det moderne teknikk-menneske som meiner noko anna. Men kanskje dei og har ein gud utan at dei veit det? Dei er så opptekne med livet og det som høyrer til her, at det vert som ein religion. Dei tilber seg sjølv og har menneske til gud. Me har mange døme på at folk har erkjent ope då dei vart frelste at dei tenkte slik: dette liver er ikkje alt; det må vera noko meir; er dette livet med moro og kortvarig glede alt?
.
4. Kva seier Gud nå?
- Han sende sonen sin til jorda for å frelsa folket. Han ga mange lovnader om det i den gamle pakt. På Golgata vart det fullført. Joh. 19, 30. Då skjedde noko veldig. Gud var i Kristus på korset. Han tok til med ei god gjerning, og fullenda henne.
.
- Han forlikte verda med seg sjølv. 2. Kor. 5, 19. Den uskuldige vart den skuldige og tok all straff. Det var i grunnen eit stort under. Dermed var grunnvollen lagt for frelsesverket.
.
- Nå kallar han folket til seg og tilbyr ei ferdig frelse. ”Du skal intet gjøre for å frelse få, nei, blott ordet høre, hvile deg der på.” Han kallar frå tidleg barndom og ungdom, og så lenge det er sjanse for åt folk vil seia ja. Salme. 50, 1. Fra sola går opp og til ho går ned. –Du har nok høyrt kallet mange gonger, men har du svara ja? Eller skuvar du det frå deg og tenkjer: ein annan gong. Det er djevelen si røyst. Det kjem aldri nokon annan gong viss du ikkje bryt over tvert og tek imot. Til lenger du seier nei, til større er faren for at du vert forherda. Difor er det viktig: kom nå!
.
- Ein dag skal han ta oss heim til seg. Me veit ikkje kva tid det er eller alle detaljar om Jesu atterkome. Men han skal koma, det er tydeleg i Skrifta. Og meir treng du ikkje vita. Det er ikkje kunnskapen om dette som frelser deg. Det gjer trua på Jesus og hans verk. Ta difor imot i dag!