tirsdag 16. februar 2010

153) 1 Kong 17, 14.


Kjelda.
153) 1 Kong 17, 14

Dette verset står der soga om Elias er fortalt. Det gjeld enkja i Sarepta. Ho hadde lite att og hadde tenkt å eta sitt siste måltid – og så døy. Då kom profeten. Om ho ville laga til noko for han og? Då er det lovnaden kjem: Mjølkrukka skal ikkje verta tom og oljekrusa ikkje vanta olje.

Det fører oss til tanken me skal stansa for her: Kjelda hjå Gud er aldri tom. Han har alltid noko å gje oss. Her er det som alltid i Guds rike: Det er dei audmjuke som får gåver, for det er dei som oppdagar kjelda. ”Han giver og giver og giver igjen.” Salme 23, 1 vert sann her: Det vantar meg ingen ting. Er det ikkje då godt å leva? Og Gud har mange gåver for oss.

Kva er denne rike nådekjelda?

1. Forlating for syndene er det første me kan dra fram. Den er så grunnleggande for ein kristen. Tenk eg får koma dag etter dag og be om tilgjeving for synd. Eg har vore ved den kjelda tallause gonger i livet mitt. Men det er ikkje slik at me kan tenkja: det er ikkje så farleg å synda, for eg kan be om forlating. Det er å synda på nåde, og då har du ikkje den rette ande og liv med Gud. Eit Guds barn kjem audmjukt i bot og bøn om nåde. Det høyrer med til å ferdast i lyset.

2. Gleda over forsoninga. Ordet om Jesu død på krossen der han betalte og sona vår synd blir me aldri trøytte av. Og undringa er i grunnen like stor, sjølv om ho endrar karakter med åra: Tenk, ordet om krossen er gyldig i dag! Det gjeld meg! Det er den sterke grunnvollen for kristentrua vår. Ikkje kjensler og medgang i livet, men gleda over Golgata og blodet som rann. ”Å, tenk det var all ting for meg.”

3. Å bli bevart hjå Gud, er ei stor kjelde for ein kristen som aldri blir tom. Dei gamle kristne før kalla det for ”Guds bevarende nåde”. Han tek seg av oss dag for dag. Han er med oss alle dagar – i trengsler og naud og i medgang. Så skulle me læra å takka han meir, og la han få visa oss kor mykje med treng om han.

4. Kraft i tenesta. Menneskeleg sett kan me bli trøytta, også i arbeidet for Guds rike. Lekamen vår toler ikkje alt press og stress som ofte møter eit menneske. Sirdalspresten sa ein gong til ein sliten predikant: Reis heim, for ein trøytt predikant kan ikkje tena Gud. Det var kanskje hardt sagt, men sant. Krafta til teneste ligg ofte i kvilepausane. Då får Jesus ta oss tett inn til seg igjen. Og der hjå han var kraft nok. Den kjelda gjekk aldri tørr. Då spør han oss sakte og stille: Vil du ta eit tak igjen? Slik fekk denne enkja tena Gud ved å hjelpa ein trøytt profet. Og slik kan me få støtta og trøysta nokon me møter på vegen.
---