tirsdag 16. februar 2010

158) 1. Sam. 10.


Saul 2.
158) 1. Sam. 10.

Etter møtet med profeten Samuel, skjedde det noko nytt i Saul sitt liv. Han vart eit nytt menneske, v. 6. For nå vart han salva av Samuel, v. 1. Salvinga var med olje på hovudet. Herren gjorde det. Saul skulle vera fyrste over Herrens arv, dvs. Guds folk. Det var eit stort oppdrag og ei fin teneste.

Så skildest dei. Saul skulle møta folket etter kvart og fekk høyra det på førehand, v. 2ff. Han skulle også møta andre profetar. Men kva hende med Saul, og kva nytt kjem nå?

1. Herrens Ande kom over han, v. 6.
Det var då han vart eit anna menneske!. Her er det meint åndeleg. Og då spør me: Korleis var Saul før? Var han sløv og verdsleg, nøgd med jorda og dyra sine?

Problemet var nok at han ikkje såg synda si og kor svak han var både som menneske og som ein Guds mann. Då Den heilage Ande kom til han, såg han annleis på seg sjølv enn før og kanskje på andre og.

Me er i grunnen slik alle. Me er åndeleg døde, blinde og tillukka. Ingen kan frelsa seg sjølv eller gjera noko for å bli verdig for Gud. Jesus sa i Joh. 16, 8: Når Anden kjem, skal han overtyda verda – om synd.

Me må alle dit: Sjå vår synd og at all frelse er i Jesus. Målet med livet er himmelen. Alt dette må Anden læra oss. Då vert du eit anna menneske! Og slik kjem fornyinga. Den skjer ikkje ved eigne krefter eller å gjera fleire gode gjerningar eller ofra mykje til misjon og Guds rike.

Lat Anden koma til. Då viser han deg dine svikt og dine feil og synder. Ta berre imot tilgjevinga – av nåde heile tida. Du får leva på tilgjeving dagleg. Det blir liksom innhaldet i Gudslivet ditt.

Asbjørn Aavik fortel om ein leir. På ein bibeltime hadde dei om det fjerde bodet. Der sat det ei jente som kjende seg truffen. Straks etter timen gjekk ho til telefonen og sa: Mor, du må tilgi meg, eg har vore så stygg! – Seinare budde Aavik i heimane hennar, og mor til jenta sa: Ho vart eit nytt menneske etter den leiren! – Slik er det. Alt bir nytt når me møter Jesus.

2. Saul skulle venta i sju dagar, v. 8.
Gud har ikkje hastverk. Han har mange gonger god tid. Han vil gjera verket godt og rett når han tek seg av eit menneske. La ordet få søkkja ned i sjela. Guds time er ikkje vår time. Me vil så gjerne at alt skal skje her og nå. Gud ser lenger fram.

Slik var det og med læresveinane etter oppstoda. Dei møtte Jesus, og han sa: De er mine vitne, gå ut i verda. Men han sa og: De skal venta i byen til de får kraft frå det høge, Luk. 24, 48-49. Mange er for rastlause til å venta her. Då vert arbeidet eit verk av kjøtet og ikkje av Anden. Det er stor skilnad på det.

3. Gud gav Saul eit nytt hjarta, v. 9.
Den tyske fortolkaren Fr. Detlizsch seier om dette: Gud endra han og gav han eit anna hjarta. Det er den endringa Paulus skriv om i 2. Kor. 5, 17: Det gamle er borte, sjå alt er blitt nytt.

Det skjernår eit menneske blir frelst og ein sann kristen. Gud må gjera det. Me er duglause og kan ikkje brukast av han. Me må endrast, bli skapt om til noko nytt. Me er skapt i Kristus, står det.

Profetien i den gamle pakta var nett dette: Ei ny pakt skulle koma, og menneska skulle få eit nytt hjarta. Før hadde dei eit steinhjarta, ved frelsa fekk dei eit hjarta av kjøt. Esek. 11, 19-20.

Ja, frelsa er at alt blir nytt. Det skjer ved Jesus. Paulus skriv om trua og rettferda i Gal. 2. I v. 20 står det: Kristus lever i meg. Det er det nye hjarta. Kristus er det nye livet mitt. Han er både rettferda mi og heile mi helging for Gud. Difor er det slik at det nye hjarta og mitt nye liv vil gjera Guds vilje. Og det nye hjarta sørgjer når det ikkje lukkast, når eg sviktar og fell i nye synder. Då må eg attende til Jesus og be om nåde – kanskje for tusende gong.. Men han tek imot meg!

4. Folket reagerer, v. 11.
Då han møtte kjenningane sine att, vart dei litt skræmde. Kva har hendt?  seier dei. Er Saul blitt profet? Det må tyda at dei såg han var eit anna menneske, det viste på utsida og. Folk vil merka etter kvart om du har vore i Guds nærleik. Fekk du noko av Jesus, vil folk skjøna det.

Me skulle hatt meir av dette, og fleire slike som Saul i denne fasen. Er det blitt slik med mange kristne at me er like dei andre. Dei ser ingen skilnad på deg og den ufrelste naboen? Då er det noko grundig galt. Lyset er alltid ulikt mørket. Lyset kan ikkje endra seg – då vert det mørke.

Nokre gonger er det slik at folk klagar på oss utan grunn. Verda hatar Jesus og hans rike. Difor vil ho inst inne hata oss og når det me mest klåre i vårt vitnemål.

Men Saul let seg ikkje merka med det og forsvarte seg ikkje, v. 27. Det er eit fint trekk ved Saul her. Då var han ein stor mann.

5. Korleis var Saul nå?
I v. 16 ser me at han ikkje fortalde dei andre at han skulle bli konge. Han var altså audmjuk og beskjeden. Han kunne ha sagt: Høyre på meg: Eg skal bli konge! Men han tagde, og det var ei frukt av møtet med Gud. Han visste at dette skulle han ikkje seia noko om nå.

I v. 21-22 ser me at han gøymde seg mellom kjerrene då det var spørsmål etter den som skulle bli kongen. Aavik kallar det ”hellig beskjedenhet”, og det er rett. Han står ikkje fram og seier: Her er eg! Dei måtte dra han fram. Gud vil ha slike ringe tenarar i si teneste. Kor er du?