tirsdag 16. februar 2010

162) Rut 4,1-22.


Nytt livsavsnitt
162) Rut 4, 1-22.

       I kap. 4 lers me korleis Boas løyser Rut og tek henne til ekte. Me har alt lese at No'omi kom tomhendt heim frå Moab, men at Rut ikkje trong dra tomhendt heim frå Boas.
       Men nå var desse tomhendte dagar slutt. Eit heilt nytt livsavsnitt tok til, både for Rut og Boas, og sikkert for No'omi og.

Begge hadde retten
       Straks det vart dag, gjekk Boas til byporten for å ordne saka. Den andre og nærare løysingsmannen kom framom og Boas ba han stansa. Deretter samla han ti av dei eldste i byen. Dei hadde etter alt å døma stort ansvar og stor makt, etter skikken i landet påå den tida. Her skulle dei fungera som vitne i samtalen og avgjerda med løysingsmannen.
       Det viser seg nå at No'omi hadde selt eit stykke mark som Elimelek hadde ått, v.3. Det må ha vore hans part i den felles åkeren som låg utafor byen. Boas ga den andre løysingsmannen høve til å kjøpa åkeren etter den rett han hadde som nærare slektning. dei ti skulle vera vitne til det. Berre desse to hadde slik rett etter Elimelek. Og den andre sa verkeleg at han ville kjøpa det.

Boas både ville og kunne
       Boas ser ut til å ha venta med å nemna det neste: Om du kjøper åkeren, må du og ta Rut til kone. Du er skuldig å ta henne til deg og slik reisa opp att namnet etter Elimelek og son hans. Rut har truleg då ikkje hatt born med første mannen, og nå måtte løysingsmannen gi henne born.
       Då han fekk høyra det, vara han verdig med saka. Han kunne ikkje ta seg av Rut, og heller ikkje då nytta seg av løysingsretten til jorda. Det er ikkje sagt klårt kvifor han ikkje kunne det. Han var viljug til å kjøpe jorda, men kunne ikkje ta seg av Rut. Det står ikkje at han var gift før og slik ikkje kunne løysa henne – sjølv om det kunne vera tilfelle. Ein meiner elles at denne mannen ikkje hadde god nok økonomi til alt: Både å kjøpa åkeren og sørga for Rut. hans eigen gard ville då lida skade. Då avgjerda var teken, stadfeste dei det ved å ta av seg skoa, v. 7. Begge gjorde det til vitnemål om at dei var samde. I tillegg tok Boas dei ti til vitne på at han hadde kjøpt åkeren.

Den sanne løysingsmannen, kap. 4, 9-16-
       Denne skikken eller lova om løysingsmannen finn me i Moselova. I 5.Mos. 25,5ff finn me orda om at ei enkje ikkje måtte gifta seg ut or ætta og ta ein framand til mann.Lova var slik at eldste sonen i det nye ekteskapet skulle kallast son til første mannen hennar slik at namnet hans levde vidare, og dermed minnet og ætta hans. Dette gjaldt om det første ekteskapet var barnlaust.
       Kor mykje Boas og den andre var i slekt med Elimelek er usagt, men dei var truleg ikkje brørne hans. Her er det nok ein fjernare slektning som nemnd i3. Mos.25,48f. Dette må vera bakgrunnen for hendinga i Ruts bok, og slik eit døme på korleis lova verka i praksis.
       - Og namnet løysar fører tanken lett til ein annan løysar som Guds folk eig. Som syndige menneske har me fleire likskapsdrag med Rut, og me treng ein som er i stand til å fria aoss ut or vår store naud.
       Berre på tre vilkår kan denne løysinga skje: Løysaren må vera viljug til å løysa.han må ha rett til det. Og han må betala prisen (ha råd). Alle desse tre vilkår vart oppfylde av Boas – og av Jesus, slik me skal sjå vidare i Ruts bok.

To løysarar – for oss
       Rut opplevde at det eigentleg var to som skulle løysa henne, slik det faktisk er med oss åndeleg sett. Her vil me ”anvenda” soga om Rut på oss i frelsesspørsmålet.
       Den første løysaren er Guds heilage lov. Og alle menneske freistar først av alt å bli løyst av han. Mange jødar i bibelsk tid levde i den trua at lova kunne frelsa dei. Etter syndefallet ligg denne tanken djupt i kvart einaste menneske den dag i dag.
       Det skjer ved at menneska prøver å leva så godt dei kan. Somme er religiøse og meiner dei kan halda dei ti boda etter Guds vilje. Jesus sa faktisk det til den rike, unge mannen: Vil du gå inn til livet, så hald boda. Mat. 19,17. Då tala han om den første løysaren. Han meinte ikkje at den unge mannen kunne eller skulle bli frelst ved å halda lova. Men han skulle prøva seg der først. Nokre meiner at når dei gjer så godt dei kan, vil ikkje Gud krevja meir av dei. Dei held seg frå avgudar i det ytre, misbrukar ikkje namnet åt Herren eller Guds dag.Og dei er så gode mot andre som dei meiner dei kan klara. Somme held seg gjerne til ”den gylne regelen” i Mat.  7,12: Alt som de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot dei.

Sjølvbedrag
       Slike tankar er sjølvbedrag. Ikkje noko menneske har klart å halda Gud bod, og ingen greier å leva etter den gylne regelen. Også den er ein del av lova sin funksjon. Jesus gjorde det klårt i bergpreika (Mat.5) at Guds lov ikkje berre skulle tolkast etter bokstaven. Det var ikkje nok at ein held seg frå direkte mord, sa han. Vonde ord var jamlikt med drap. Og eit ureint blikk og ein tanke var hor og  brot på det 6. bodet.
       Nå sa den første løysaren at han ikkje kunne løysa Rut.Problemet var ikkje at han var uviljug. Men han var ikkje i stand til det.
       Slik er det med menneske som vil frelsa seg ved lovgjerningar. Dei kan ikkje. Og aldri har noko menneske greidd det. Om det skriv Paulus klårt i Gal.2,16: For av lovgjerningar vert inkje kjøt rettferdiggjort. Og i Rom.8,3 seier han: Det som var umogeleg for lova,  det gjorde Gud.Det er altså ikkje tale om at serleg sterke og gode menneske kan makta å bli frelst ved sitt eige liv. Ingen kan det. Dette er ein fellesnemnar for heile slekta.

Viktig  erkjenning
       Før dette er klårt for eit menneske, slepp ikkje den andre løysaren til.Det er viktig. Det er noko av meininga med orda i Gal.2,19: For ved lova er eg død for lova. Og Rom. 3, 20: For ved lova kjem ein til å kjenna synda; og Rom. 7,7:Eg kjende ikkje synda utan gjennom lova. Det er vel ikkje heile tydinga av desse orda, men noko.
       Då slepp den andre løysaren til, nemleg Boas. Det det var klårt at Rut ikkje kunne løysast ved den første, sa Boas at han ville gjera det! Så tok han dei eldste i byen og alt folket til vitne på det, v. 9. Dette var med andre ord offentleg kjend, ingen skulle vera i tvil om at Boas hadde teke Rut til seg og kjøpt att  åkeren. Ja, seier han i v. 10: Rut har eg vunne meg til kone. Ordet for vunne er det same som å kjøpe. Boas hadde kjøpt Rut og slik vunne henne til kone. Det vert slik ei mistyding i NO-78 som seier at Boas tek Rut til kone. Sjølv om han nok likte Rut og var glad i henne, fekk han henne ikkje gratais. Dei hadde gjort ein handel utan at det er sagt noko meir om prisen eller kven han betalte til. Sjølve kjøpet må nok referera til åkeren som han kjøpte. Men Rut var medrekna totalt sett.[1]

Vakkert bilete
       Dette er eit vakkert bilete på den andre løysaren vår, Jesus. For det er han som slepp til når Guds ord har vist oss at me er fordømde og fortapte syndarar. Då seier han: Eg vil løysa deg. Han elskar oss og vil ha oss inn i sitt rike. Ja, han vil ha syndige menneske som si brur.
       Men han fekk det ikkje lett og ikkje gratis. Han måtte forlata himmelens herlegdom, bli fødd i ein stall og tåla  spott av vond emenneske. Til sist gjekk vegen om Getsemane og Golgata. Der kosta det han livet å løysa oss! Han døydde og betalte med blodet sitt for å frelsa heile verda. Slik vart han ein løysar for alle menneske. Men det er viktig å ha det klårt for seg, at det er berre dei omvende, som tek imot frelsa ved tru, som blir utløyst og frelst.

Inn i slekta og kvilestaden
       Me finn desse tankane ofte i Bibelen. Job seier t.d. i si naud: Eg veit at utløysaren min lever, Job.19,25. Og Jesus sa at han var komen for å tena og gi livet sitt som løysepenge for mange (Mat. 20,28). Paulus vitna om Jesus og sa: Han ga seg sjølv til løysepenge for alle (1.Tim.2,6). Peter skriv slik om prisen som vart betalt:De er frikjøpte – med Kristi dyre blod (1.Pet,1,19). Ved å ta imot Jesus i tru får me eiga retten til å vera Gud born. Joh.1,12.
       Boas tok Rut til seg og fekk sonen Obed. Så hadde Rut funne sin kvilestad, fått sin eigen heim. Det gjekk som Boas hadde sagt, kap.2,12: Herren skal løna deg og gi deg fullt vederlag. Løna var framfor noko anna, seier Brandtzæg med rette: At Dfavid vart etterkomaren hennar og seinare Jesus. Også No'omi vart kveikt i sjela då ho såg kor godt det gjekk Rut.Ho vart fostermor til den vesle guten.
       Så me og få venda oss til løysaren og der få eit godt og velsigna liv i teneste for den same frelsar og Herre.

 Slektsregister, Kap. 4,17-22
      
       Boka vert avslutta med eit oversyn over etterslekta. Liner vert dregne framover til kong David. Og det syner at boka er skriven relativt seint etter hendinga. Det må altså ha vore i eller etter David si tid.
       Naboane var interessert i det som hende, serleg konene var med her. At barnet vert kalla son til No'omi heng saman med jødisk skikk, slik me har vore inne på. Obed var i røynda son til Mahlon og/ Kiljon, sønene til No'omi. Ettersom Rut hadde vore gift inn i familen, fødde ho nå ein son for No'omi. Slik rekna dei det.
       Det er litt underleg at naboane gir barnet namn. L. Morris trur det kan henga saman med at Rut og Boas aksepterte det ettersom dei viste slik interesse, eller at det var ein lokal skikk.[2]
       Først kjem ættefedrene til Boas. han stamma frå Peres av Juda stamme. 1.Mos. 46,12. me legg merke til at Mahlon ikkje er nemnd, og at barnet Obed er rekna som son til Boas – som han og var etter kjøtet.
       Deretter kjem slekta fram til David. Etter dette er Obed farfar til David. Ettersom Boas var ekte jøde og kunne føra slekta si attende til Juda, kunne det skje med rette. Og kvifor blir det gjort her? Ein grunn er nok at det var viktig å visa at Rut vart oldemor til kongen, og berre det forsvarar at Ruts bok får ein plass i Skriftene.
       Men truleg går tanken vidare – i det lange profetiske perspektiv: David skulle bli stamfar til Messias, og Rut blir slik ein del av hans ættetavle. NT ser det slik. Matteus reknar opp ættetavla til Josef i kap. 1, den går attende til Abraham – ettersom Matt. ev. er skrive for jødar var det viktig. Her er Boas med i rekkja av forfedrar. Til vanleg er berre faren med i slike lister. Ved nokre få namn er kona med  hjå Matteus. Boas fekk sonen Obed med Rut, står det, kap.1,5. Det profetiske perspektivet har slik med at Rut er stammor til Messias, menneskeleg tala.


[1] Det er altså ikkje tale om kjøp av ein slave el.l.
[2] L.Morris: Tyndale comm. p. 315.