lørdag 20. februar 2010

174) Josva 13,1.


Ennå meir land.
174) Josva 13,1.
.
For nokre år sidan var det mykje tale om at det var ”meir å få” hjå Gud. Vanlege truande hadde ikkje fått så mykje av gudslivet, berre ei teskei, som ein sa. Det førte mange ut i ein trældom der dei stadig skulle søkja noko nytt.
.
Men det er likevel noko i uttrykket, når me ser det på ein sunn måte. Det kan ein gjerne uttrykka med orda frå Josvas bok: ”Men enno er det mykje av landet att som skal takast.” Dei hadde ikkje erobra heile Kana’ans land, slik meininga var. Striden og kampen var ikkje slutt enno.
.
Lat oss sjå på dette med tanke på erfaringslivet som kristen. Der er enno noko som ligg urøynt.
.
1. Bibelkunnskap.
Det første er gjerne bibelkunnskapen. Her tenkjer eg ikkje berre på rein teoretisk kunnskap om Bibelen. Og det er heller ikkje berre tale om å kunna mykje utaboks av Bibelen. Begge delar er nyttige, noko me alle må streba meir etter. Me får aldri nok kunnskap i det Ordet seier, og det er alltid nyttig å kunna mykje av Bibelen.
.
Billy Graham sa for mange år sidan at han sjølv ville prøva å læra heile NT utaboks og bad folket om å gjera det same. Slik kunnskap er ei kraft i kristenlivet og ikkje minst i møte med freistingar og kritikk av Bibelen. Då veit du meir kva du skal svara.
.
Men her er likevel noko meir. Det gjeld kjennskap til sjølve hovudsaka i Skriftene. Mange les berre einskildord utan å sjå samanhengen. Slik er det lett å tapa hovudsiktet med bodskapen i Bibelen. Då kan me også lettare ta feil av einskildord.
.
Ei viktig side ved bibelkunnskapen er profetiane. Her tenkjer me først og fremst på profetiar om Messias som vart oppfylte i Jesus frå Nasaret. Me finn dei gjennom heile GT, heilt frå det første ordet i Edens hage i 1. Mos. 3, 15 til den siste profeten. Som bibelstudium er dette eit sers interessant felt. Her er mykje nytt land for oss.

.
2. Erfaring i kristenlivet.
Alle truande har nokre erfaringar og opplevingar i livet med Gud. Sjølve omvendinga er ei slik erfaring. Trua på Jesus førte oss inn i eit heilt nytt liv der me såg ei ny meining med livet. For somme var det som å koma til eit nytt land der alt var sumar i den første tida.
.
Så kom kvardagen for oss alle. Kristenlivet var ikkje berre glede og gode dagar. Det vart kamp og tvil og kanskje stor motgang frå menneske. Ikkje alle kan takla det og trur at alt er galt med dei då. Etter kvart gjer dei den erfaring at slik er gudslivet. Det har mange sider som ein diamant har mange fasettar. Du vil nok få erfara at der meir land å ta her også.
.
Ei anna oppleving i livet med Gud er bønesvar. Det kan henda du har fått mange små bønesvar som du ikkje har sansa og skjøna var det. Det hende så sjølvsagt og naturleg, og du hadde gjerne gløymt at du ein gong ba nett om det.
.
I tillegg har me fått nokre spesielle bønesvar. Du kjempa i bøn for ein person som du ville skulle blir ein kristen. Kanskje etter lang tid fekk du oppleva at svaret kom. Det er store stunder når ein kristen får sjå det: Gud svara heilt bokstavleg på det du ba om.
.
Men her skal me tenkja på ein annan måte også. Det er ikkje sikkert at du ser bønesvaret i di levetid. Det er kanskje etterkomarar og andre som får oppleva det. Det var slik me ein gamal mann som hadde mange ufrelste born, og han hadde bedd for borna sine i 50 år, sa han på eit møte. Så la han til: Men ingen er frelst. Det var ei stille og heilag stund på bedehuset den kvelden.
.
Lenge etter kom ein annan mann til meg etter møtet der eg hadde nemnt han som ba. Då sa han: Mannen er død for lenge sidan, men nå er eldste sonen blitt frelst! Han fekk ikkje sjå det i sitt liv, men andre fekk oppleva bønesvaret. Her er mykje land å innta. Me skal be med stort frimot til Gud om at folk skal bli frelste. Han har svar – og ”det er underveis”.

.
3. Nye kan vinnast – heim og ute.
Jesus sa sjølv til sine før han drog attende til himmelen: Gå ut i heile verda og vinn menneske for himmelen. I den første kristne tida hende det mykje. Læresveinane reiste kring i mange land med ordet frå Gud, særleg Paulus gjorde det. Han veit me mest om, men andre var og ute på evangeliet.
.
Kyrkjesoga fortel at det har vore litt ujamt arbeid for Gud her. Det er særleg dei siste hundreåra det har vore mykje misjonsaktivitet. Mange unge har reist til andre land som misjonærar. Me skal ikkje gløyma dei. På grunn av indre og ytre misjon er mange ava oss truande i dag. Gud brukte nokre enkle reiskap til å visa oss til Jesus. Alt slikt er misjon.
.
Likevel – det er mykje nytt land att. Store skarar heidningar er utan evangeliet. Nokon må gå til dei. I vår såkalla kristne verdsdel har fråfallet og verdslegdomen teke overhand mange stader. Europa er ikkje eit kristent kontinent i eigentleg forstand nå. Verdslege tankar og levemåtar herskar i vårt eige land og tek over den eine arena etter den andre.
.
Enno er det mykje av landet att som skal takast!
Kor er du som vil vera ein tenar for Gud her? Det vert eit offer, med kamp og strid mot synda og verda og Den Vonde. Men du vil ha den sterkaste på di side. Er du med i stafetten?
.