mandag 15. februar 2010

149) 2. Krøn. 7, 14.

Om vekking.
149) 2. Krøn. 7, 14.

2. Krøn. 7, 1-3 + 11-16.

Bøna til kong Salomo er slutt, og Gud kjem med svar. Herrens herlegdom kom og fylte huset. To gonger hende det. Kap. 5, 14. Eld kom frå himmelen over offeret. Det var det synlege prov på at Gud var der og godkjende handlinga.

Det er viktig for oss og at Gud kan velsigna oss og det arbeidet me gjer. Det er ikkje nok å be at Gud skal velsigna det me gjer. Vår arbeid må vera i samsvar med hans vilje, om det skal skje. Herrens herlegdom treng me. Den fylte templet her. Gud var der og kom dei nær. DET treng me.

I v. 11-16 (jfr. 1. Kong. 8-9) er fortalt om forholdet mellom Israels Gud og hans folk. Det gjeld i prinsippet også oss. Han vil ha eit lydig folk, som lever og lærer etter hans ord og vilje. Då velsignar han, og då er kristenlivet godt.

Desse orda kan nyttast for å visa bakgrunnen for sann vekking. Det gjorde Ch. Finney, ein kjend vekkingstalar i USA i 1840-50-åra.

Kva ventar Gud av oss ut frå denne teksten? Me skal ikkje oppfatta det som lov og krav i menneskeleg forstand, men som ei kjærleg påminning frå Gud.

1. Dersom dei audmjukar seg.

Gud er stor og me er små. Somme vil nok vera store, slik borna ofte vil. Men Gud minna Israel om at dei ikkje var det. Det er det minste av alle folk, sa han. 5. Mos. 7, 7b.

Gud vil me skal erkjenna det. Han ynskjer eit lite og ringe folk, som erkjenner si synd, sine manglar og svikt. Peter skriv kraftig om det i 1. Pet. 5, 5: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. I neste vers kjem det: audmjuk dykk difor… - Me har det best når me er små.

2. Dersom me ber.

Gud vil ha eit bønefolk. Det har alltid vore slik. Og kanskje er me minst i oss sjølve når me ber i sanning. Då er me tiggarar. Jesus sa: Be og de skal få. Mat. 7,7-8. Det finn me og i Luk. 18,1 og 1. Tes 5, 17.

”Jesus venter å se sine kjære på kne…” song me før. Der er godt å vera, for der kan me seia alt som ligg på hjarta vårt.

Finn nokon å be for – nemn dei på namn. Legg dei i Guds hand dag for dag. Les om Guds lovnader om bøna: Kvar den som ber, han får. Dette gjeld deg. Ikkje slik at du får det i dag. Men svaret kjem på Guds måte i hans time.

Be i Jesu namn, står det. Han har gjort alt og betalt for alt det du be om. Me får det difor på hans rekning.

3. Dersom dei vender om.

Dette er litt merkeleg: Er eg ikkje omvendt som kristen? Jo, som ein sann kristen er du det. Men ei synd kan lett snika seg inn og få feste. Somme bortforklarar den, gøymer den og freistar å gløyma den.

Då må du bekjenna synda for Gud! Det er omvending.

I Josva kap. 7 er fortalt at Israels folk tapte krigen ved Ai. Kvifor hende det? Det var bann i leiren. Nokon hadde teke av godset utan lov.

Akan sa då: Eg har synda, eg fekk lyst på det og tok det, v. 21. Og han blei straffa og steina for synda. Slik var det i den gamle pakt. Gud greip straks inn med dom. Ein dag vil han gjera det for folket i dag og – på domens dag. Men i mellomtida er han nådig og tek imot og tilgir synd for dei som erkjenner og vender om. Men det kan kosta.

Har du gjort det?

Då vert det sant det som står i v. 1b: Velsigninga kjem. Det er Guds svar. Og i teksten vers 14 heiter det: Då vil eg høyra i himmelen og tilgje synda deira og lækja landet deira.