fredag 20. november 2009

9) Hab. 2, 4.

Ved tru.

Hab. 2, 4.

”Men den rettferdige skal leva ved si tru.”


Dette er eit viktig ord i Bibelen. Me finn det 4 gonger i Bibelen. Og det er sjeldan at eit vers er sitert og nemnt så mykje. Me finn ordet i Romarbrevet, Hebrearbrevet og Galatarbrevet – alle desse er viktige lærebrev i Bibelen.

Ordet viser oss sjølve hovudlina i kristendommen: Berre dei truande blir frelste. Og det tyder at alt vårt eige er verdslaust når me talar om frelse og von og himmelen. Ingen av våre eigne gjerningar er gode.


Dette er audmjukande for oss sjølve. Det er denne tanke salmisten hadde då han song: ”Jeg står for Gud som allting vet, og slår mitt øye skamfullt ned.” Og Gud vil me alle skal koma til denne erkjenninga. Det er då me har bruk for Gud på den rette måten.


Profeten Habakkuk ser og ventar på at Gud skal tala til han. Han er anfekta av di Gud dømer hans folk, men let heidningane (kaldearane) gå fri, kap, 1,13 og 2, 1. Då svarar Gud at kaldearane skal få si straff, men ”den rettferdige av tru, skal leva” (slik sitatet er i Rom. 1, 17).

I den nye pakt gjeld det altså slik:


1) Me blir frelste frå synd og evig dom berre ved å tru på Jesus Kristus. Den som vender om til Gud og dermed vender seg frå synda og verda, og tek si tilflukt til Guds nåde i Jesus, blir frelst. Dei gamle haugianarane sa: Å tru er å koma til Jesus med sine synder. Og då får me alt av Gud, tilgjeving for alle synd og ei fullkomen rettferd. Det er nåde. Me trur altså på Gud og ikkje på oss sjølve. Den skilnaden er god å ha med.

Ein songar seier:

Å tro det er å slippe sin egen herlighet,

Og fly til nådens klippe, til Jesu kjærlighet.


2) Me blir også bevart i samfunnet med Gud ved den same trua. Me skal leva livet vidare som kristne på same måte som me vart kristne. Me får leva på tru. Det er ikkje slik at me vert frelste ved tru av nåde, og så må me halda fram som frelste ved eigne gjerningar og innsats. Ordet seier så klårt: Me skal leva ved tru. Heile tida som kristen er me det ved tru av nåde. Paulus er sterk når han talar om dette.

Det må vera slik, av di me heile tida er like fattige og syndige og treng nåde kvart sekund. Men ved trua er me like rike og eig all Guds nåde heile livet. Me får leva slik.

Me lever i ei spenning her, som songaren skriv: ”Du en frelser, eg en synder.”


3) Og ved himmelporten spør dei berre etter ein ting: Eig du Jesus. Då er porten open.

- Sjå elles om dette ordet fleire tekstar i NT om trua. Romarbrevet, Galatarbrevet Efesarane m.fl.