mandag 19. april 2010

234) 1. Mos. 3, 15.

Kristi død.
234) 1. Mos. 3, 15.
.
  Dette ordet er kalla Protevangeliet som tyder det første evangelium. Jesus er ofte nemnt i Bibelen, faktisk frå første blad mest. Me legg merke til det han sa sjølv i Luk. 24, 26f. Det var ein underleg bibeltime. Der talte Jesus om seg sjølv ut frå Bibelen. Her vil du stadig møta noko nytt, som å reise i eit framand land.
.
  a) Jesus er nemnt i alle skrifter i GT. Det er eit langt og inspirerande studium å lesa GT slik.
  b) Jesu død er nevnt alle stader - i forskjellige tydingar eller bilete.
  c) Lidinga er sentral, det er hovudtemaet. Det var difor han kom.
  d) Jesus må forklarar seg sjølv i Skrifta. Det er umulig å forstå for tanken. Her må brukast eit språk som folk flest ikkje er van med. Han utla for dei, dvs. han forklarte og oversette det for dei slik at dei såg kva Gud hadde meint med ordet. Det skjer framleis ved hjelp Anden.
  e) Då brann det i hjarto deira, v. 32. Det er fornyinga, når hjarta brenn for Kristus. Rom. 12, 11. Det er ikkje nok med ein gong, det er ei stadig fornying. Og den skjer ved stadig å halda seg til ordet, lesa om Kristus og hans verk for oss.
.
  La oss sjå på dette første ordet i Bibelen om Frelsaren. Det er serleg hans liding og død det talast om. Det er viktig for oss, sjølve livskjelda. 1. Kor, 2,2.
.
  Me legg først merke til ein ting: det står ikkje noko om frelse og utfriing i kap. 1-2 i Genesis. Då levde menneska i uskuld og trong inga frelse. Gud hadde tenkt på frelsa frå æva av (Ef. 1), men menneska trong ikkje høyre om den før dei sjølv var falt i synd.
.
  I kap. 3 derimot er katastrofen omtalt: syndefallet. Mennesket var som slekt komen bort frå Gud i eit redningslaust mørke utan von. Då er frelse nødvendig. Og då kjem protevangeliet - det første lys i Bibelen om ei ny tid. Fleire ting kan seiast om det:
.
  1. Det er sagt til Satan. Slangen var Djevelen. Åp. 12, 9. Han ber skulda for fallet. Han var freistaren. Og Han har heile tida visst korleis det vil gå til slutt.
.
  2. Det blei eit fiendskap ved fallet.
Det er vesentleg i Bibelen. Bortsett frå den skilnad det er mellom Israel og heidningane i Bibelen, er det fleire slike makter, fiendskapar.
  a) Det vart fiendskap mellom menneska og Gud. Synda førte med seg Guds vreide over heile slekta. Joh. 3, 36. Synda skapar motstand mot Gud i oss. Me har ikkje lyst til å fylgja Guds veg. Me har fått slangens sæd i oss. I Ef. 2 er me kalla vreidens barn. Ei slik slekt treng forlik med Gud. For dette fiendskap er av evig karakter og fører folk til sist i evig mørke i helvete.
.
  b) Det andre fiendskap er mellom verda og Guds folk. Dei er som eld og vatn.  Enten er du med eller mot. 1. Joh. 3,1; Joh. 16, 1-3; 15, 19-20; 16,33. Det er ikkje slik å forstå at me skal vere fiendtleg innstilt mot verda eller hata dei. Men det er eit skilje av så alvorleg karakter.
.
  c) Dinest kjennest denne kampen og i våre hjerto som truande. Me har fått to naturer som vil slåsst mot kvarandre. Dei to naturer fører med seg at me er "simul justus et peccator": syndar og rettferdig på same tid, som eit gamalt luthersk ord seier. Gal. 5, 17. Ef. 6, 12. Det blir faktisk eit kjennemerke på oss som Guds folk at me har kampen i oss mellom Gud og Satan.
.
  d) Dette skal nå eit klimaks når Anti-Krist kjem i den store trengsel. Satan sjølv står bak det vonde som skjer alt nå og i avslutninga. Me ser konturar av avslutningskampen alt nå - t.d. i kommunistiske regime med forfylgjing av truande og i islamske land.
.
  3. Eit oppgjer er profetert om her.
 Som i alle krigar vil det bli eit siste slag der ein skal vinna siger. Her er det sagt for første gong at kampen mellom Gud og Satan skal enda i eit gigantisk oppgjer. Det er ikkje ein profeti om ein person som kjem. Men etter samanhangen med syndefallet kan det ikkje vere noko anna enn Jesus på korset det viser til. Ingen andre har gjort det eller kan gå til angrep på slangen slik.
.
  Og resultatet? På ein måte fekk begge ein siger!
  A. Kristus seira. Han er kvinnens ætt- som knuste slangens hovud. Han ga Satan dødsstøytet på Golgata kors. Det var Jesu siger. Kol. 2, 15; Joh. 12, 31; Joh. 19, 30.

Opp på Golgatas dunkle høyde,
mørkhetens fyrste til fektning drog...
.
  Merk at at han skulle knusa slangen sitt hovud. Då er han uskadeleggjort, for der sit gifta. Men ein slange kan framleis slå med halen og gjera skade. Det viser at me kjempar mot ein beseira fiende.
.
  Den endelege siger skal skje i domen. Åp. 20.
.
  B. Satans "siger". Han skulle knusa Jesu hæl. Det vart altså ingen lettkjøpt siger for Jesus. Han måtte sjølv lida. Jesu lekam skulle døy. Difor kom han for å ofra sin kropp. Hebr. 10, 5-10. Men Jesu lekam er ein liten del av Kristus. Det var hælen hans. Det vart eit offer for synd. Hebr. 9, 26.
.
   Då trudde Djevelen at han hadde vunne sigeren, og kunne drepe Guds Son. Det må ha kome som eit sjokk, menneskeleg tala, det som hende på påskedag: oppstoda. Men ein knust hæl er ikkje dødeleg. Det er motsett med slangen sitt hovud: det veks aldri ut att slik t.d. halen kan.
.
  Men dette største offer vart redning for verda.  Jesus vant siger i døden slik han gjorde tre dagar seinare i oppstoda. 1. Joh. 3, 8. Hebr. 2,14. Rom. 16, 20. Ingen annan makta det. Han vart verdens frelsar og tok vår dom, 1. Mos. 2, 17.
.
  Har du teke mot det?
.