tirsdag 6. april 2010

208) 2.Mos. 5, 1-3.


Lat folket fara!

208) 2.Mos. 5, 1-3.

.
Israel har vore i Egypt i lang tid. Der var dei trælar med hardt arbeid, laga teglstein. Grunnen var kanskje at dei ikkje hadde flykta i tide! Dei var nå blitt 2 mill menneske.
Det er bilete på synda og verda. Livet der blir hardare jo lenger me er der, og mange døydde i Egypt.
.
Gud fann ein reiskap. Moses var uviljug i byrjinga, men bøygde seg. Så gjekk han til farao og sa. La mitt folk fara. Dei skal tilbe sin Gud. Men farao nekta. Moses heldt likevel fram: Gud har møtt oss, lat oss gå.
.
Då sender Gud plager, for å tvinga farao. 6,1-. Det er sant, han har all makt.
Dette er ei Herrens befaling til alle tider: Lat mitt folk fare.  - ut or synda og verda. Kva fortel den oss?
.
1. Alle menneske er eigentleg Guds eigedom.
Han har eigedomsrett til alle, for:
a) han har skapt oss. Me er ikkje blitt til ved evolusjon, utvikling av dyr osv.
b) han har kjøpt oss ved Jesus død, då han forløyste oss på krossen.  Jes. 63, 9; Heb. 9, 27; Åp. 1, 5 og 5, 9.
Då er me hans!
.
2. Alle har gått seg vill.
Me er komne bort frå Gud - både ved syndefallet og våre eigne fall. 1.Mos. 3 og Jes. 53, 6. Dei fleste er nå trælar i syndens Egypt, og vil døy der – og gå fortapt. Syndaren er dømt til evig straff.
.
Alle får nå bod frå Gud: gå ut frå Egypt. Har du gjort det?
.
3. Herren befalar: Lat dei fara.
Dei må gjerast fri. Før dei til deira eige land, til Israel. kap. 3, 17.  Hald høgtid - det er kristendom. Heb. 13, 13.
.
4. Herren trong hjelp: Dette var Moses sitt ansvar.
Gud hadde ingen annan. Og Gud strevde med å få han til å gå. Menneska har alltid ei orsaking når det gjeld Guds rike.
Her ser me: Dei ufrelste er vårt ansvar. Dei må bergast.
Ungdom: Gud reknar med deg i misjonen.
Ibsen skriv i boka om Brand: "Jeg må, jeg må, jeg går en stormanns bud, hva heter han? Han heter Gud!” Det er eit kall til oss i dag.
.
a) Det er mange gamle utan liv i Gud. Dei er nær grava og skal møta i dommen. Dei er trøytte og det er vanskeleg å vekkja dei.  La dei fara - inn i Guds rike.
.
b) Det er store skarar av unge. Dei bryr seg ikkje om Gud og frelse. Då er dei på veg til fortaping i helvete. Guds ord seier der er pine dag og natt. Dei må høyra ropet: Lat dei fara - til himlen!
.
c) Millionar heidningar er utan Gud. Dei må få bod og vinnast. Misjonens herre venter på unge som vil gå.
Jesus vil ha mange - med sjelevinnarsinn. Rom.10, 1. Slike som har tru på vekkjing, som ventar vekkjing, som arbeider for det. Svend Foldøen sa: Det er hardt å arbeida for vekkjing, og mange er for late til det.
.
Skal me gjera det, må me setja noko til side, ofra noko, vera viljuge å slita litt for Guds rike. Jesu befaling er: Mark 16, 15 og 20.
.
For å forstå dette må du kjenna samfunnet med Kristi lidingar, Fil.3, 10. Lukk meg i dine smerter inn.¼
.
- Du vil møta motstand frå verda og dei religiøse som er nøgde med sin situasjon. v.2.  For dei kjenner ikkje Herren, og dei vil ikkje.
.
Men krafta for kvart Jesusvitne er eit møte med Gud, v. 3. Moses gjekk ofte til han og brukte tid der - difor lykkast han.
Der er løyndomen for alle.
.