onsdag 14. april 2010

224) 1. Mos. 12, 6-20.


2. Truslivet i landet.

224) 1. Mos. 12, 6-20.

.
  Abraham og Sara er nå komne til Kanaan, og dei hadde Lot med seg. Dei gjekk på Guds lovnadar og reiste gjennom heile landet. Så slo dei seg ned og bygde ein heim i lag. Dette viser oss noko om korleis ein kristen heim skulle vera. Korleis er mange heimar i dag? Held dei det bibelske mål?
.
  1. Herren openberra seg, v. 7.
Herren synte seg og dei tala saman. Gud var nær, og det var eit fint "forhold" mellom dei. Slik er ein kristen heim ein stad der Gud får visa seg. Der er det godt og velsigna sjølv om dei ikkje alltid er samde i alt. For der er Jesu sentrum og hovudsak. Og då må det bli godt. Ein heim kan vera ein himmel eller eit helvete på jord.
.
  Det er problem og for kristne, i heim og på arbeid. Men ein kristen kan løysa slike ting i Guds nærleik. Men då må me og vere viljuge å visa Guds sinnelag mot kvarandre. Me må læra av Jesus, Mat. 11, 28. I første rekkje må me læra kjærleik og å vere audmjuke mot kvarandre. Det harde hjart­elag og sinn har skapt mykje vondt i heim og kyrkje.
.
  Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, Salme. 25, 14. Der otten for Gud er, stig himlen inn. Då openberrar han seg for oss. Og den openberring kjem ved ein open bibel, falda hender og i lag med veneflokken. Der får Gud vera nær. Der kjem vel­signinga.
.
  2. Han levde mellom heidningar, v. 6. 
Kanaanitt­ane budde då i landet. Dei dreiv avgudsdyrking, usedelegdom og utukt av mange slag.  Dei dyrka Astarte som fruktbarhetsgud med ein laussluppen sexkultur. Dette påverka Israel fleire gonger og førte dei til fall og fråfall.
.
  Slik lever me midt i denne verdslege verda. Og den er ein fåre for Guds born. Verda er ei sterk makt som kan påverka oss og føra oss vill. Tanken vår blir lett verdsleggjort og får oss til å tenkja på same måte som heidningane. Radio, TV og aviser hjelper oss til dette.  Då kan me bli lik denne verda både i tenkjemåte og i levemåte. Det ser me t.d. på måten me bur på og levemåten vår. Her ser folk ofte meir på korleis naboen og slekta har det enn kva lommeboka tillet og Gud vil. Bunyan kallar ein slik levemåte "forfengeleg­dom". Det er ikkje ufårleg for gudslivet å leva slik som naboen gjer! Alvoret er borte, og verda vert dominerande. Og der dominerar ofte det som er gøy og det som ser flott ut.
.
  Då skjer ein ting: der verda får makt,  minkar Guds openberring. Det blir kaldt og egoistisk mellom oss. Me vert meir opptekne av dette livet enn av himlen. Det er døden.
  Er dette i ferd med å skje imellom oss nå?
.
  3. Han bygde eit altar, v. 7-8.
Kor han kom, bygde han eit altar for sin Gud. Alteret var ute. Dei hadde ikkje tempel eller gudshus på denne tida.  Difor var det synleg for alle. Heidningane kunne sjå kva han gjorde.
.
  Difor vart dette ei vedkjenning for Abraham. Det synte at han var annleis enn dei. Han tilbad ein annan Gud. Han skamma seg ikkje men viste fram si tru. Slik er kristenlivet. Me må vere viljuge å byggja altaret ute, til vitnemål for alle. "Med hjarta trur me til rettferd, og med munnen sannar me  til frelse" (Rom. 10, 10).
.
  Men altaret var og ein offerstad. Der ga Abra­ham eit offer til Herren. Og noko av dette offe­ret var takk til Gud for all hjelp. Nå kan det vere eit offer å vere ein kristen eller å ha ein kristen heim. Spørsmålet er om me er viljuge til det? Alterets tale er her: Gud har førsteplassen i mitt liv. Då kjem og spørsmålet om å leve enkelt i heimen - for å ha noko å gje til misjonen.
.
  Korleis skal eg reisa dette altaret?
  Ved husandakten bygger me altaret heime. La Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, sa Paulus. Kol. 3, 16. Husandakten er ryggraden i kristne heimar. Sviktar me her, vil det lett svikta alle stader i livet vårt. Det kan vere som eit skred. Det tek til i det små med svikt ovafor borna eller sviger­borna. Så tek det eine det andre med seg og gudslivet sløvar litt etter kvart.
.
  Begynn i det små om du har svikta. Les frå ei god andaktsbok og be ei kort bøn. Så vil du oppleva at frimotet aukar med bruken.
.
  Søk først Guds rike, sa Jesus. Gud vil det beste for oss. Let me hans rike har prioritet i livet vårt, vil me oppleva velsigning ved det. La møter og misjon går framom alt privatliv. Hygge og selskapsliv kan bli eit hinder for Gud dersom det kjem i hans plass. Alt skal vere vitnemål om frelsa. Livet vårt er eit alter som syner kven me lever for.
.
  Og der ved altaret påkalla han Herrens namn. Han ba  ikkje berre i naud og sorg. Han hadde stadig kontakt med sin Gud. Det er noko av krafta i Abraham sitt liv. Me veit av erfaring at bønelivet i heimen kan lett øydeleggjast ved uforstand og ulydnad. Eit skakt ord til maken kan vere nok til å hindra bøna i lang tid. Difor står det i 1. Pet. 3, 7: lev med kvarandre med forstand - så bønene ikkje vert hindra.
-