torsdag 8. april 2010

213) 1. Mos. 37.


Josef.
213) 1. Mos. 37.

I siste del av 1. Mosebok finn me soga til Josef - og så om Jakob og dei andre sønene. I kap. 37 finn me opptakten til hovudsaker i livet hans. Han vert ikkje til vanleg rekna som ein patriark, men han står likevel i ei særstode i Bibelen. Difor må han ha sin plass her.

I kap. 37, 2 tek også eit nytt avsnitt til (eit såkalt "toledot", ei ætteliste). Det er Jakobsætta, men ho handlar mest om Josef her.

Soga om Josef har vore godt kjent for Guds folk og var med i bibelsogene. Der høyrer han heime. Og Josef er eit vakkert bilete på Jesus - og på oss. Fleire sider evd livet hans viser det. Det er alltid hjelp og trøyst i å sjå korleis bibelske menn og kvinner levde, og sjå det saman med vårt eige liv. 1. Kor. 10, 11 og 13. 1. Mos. 49, 22-.

1. Først: Josef blei forkasta av sine eigne.

Han var elska av faren, v. 3-4. Han var den sonen Jakob fekk i alderdomen og han heldt mykje av han. Det viste han ved å gje han ein sid kjortel då han var ikr. 17 år. Slik favoriserte han Josef.

JESUS opplevde det same. Han var Guds Son, elska høgt av han. Då han kom til Guds folk på jorda, så tok dei ikkje imot han. Joh. 1,11. Dei vraka Guds utsending. Til og med brørne hans etter kjøtet trudde ikkje på han. Joh. 7, 5. Det viser seg alltid at folk deler seg i to grupper i synet på Jesus Kristus.

Men det var ein som skilde seg ut. Då dei andre brørne ville selja Josef til egyptarane, sa Ruben nei. Han ville hjelpa bror sin, v. 21--22. Og Juda slo lag med han, v. 26. Då var dei to mot ni og dermed tapte dei. Sjå og kap. 43, 8. Juda stamme vart Jesu stamme.

Slik har det vore til alle tider: Det var nokon som sa ja til Jesu kall, Joh. 1, 12. Det er dei frelste.

2. Josef vart hata for orda sine, v. 8-9 og 11.

Josef hadde draumar og syner og fortalde det til dei andre. Dei viste eigentleg at Josef skulle vera leiar over brørne ein gong. Og det tykte dei ille om. Dei vart nok såra i sitt stolte sinn. Etter kvart vaks hatet fram, og difor ville dei få han bort.

Kvifor kom dette hatet?
Me ser fleire grunnar til det:
a) At faren gav han ein betre kjortel enn dei fekk, var ei spire til avstand mellom brørne. Slik verkar det ofte når ein vert sett over andre.
b) Josef var ein god ung mann. Det vert ofte ikkje tålt i verda.
c) Han var flink, og han gav rapport til faren om det han såg, v. 2. Det fall naturlegvis ikkje i god jord.
d) Dinest kom draumane som sa at dei skulle tena han. Det er klart at slikt var vanskeleg å ta imot. Avstanden mellom gutane voks dag for dag.
e) Alle negative inntrykk som kom slik førte til avundsjuke hjå dei andre. Kanskje var det noko i det han sa? Og dei kunne ikkje nekta at han var ein snill og god gut. Apg. 7, 9. Midt i alt dette står det faktisk at Gud var med Josef! Det er han alltid med dei som går Guds veg.

JESUS opplevde det same. Mange jødar var imot han, sjølv om dei såg gode gjerningar av han og eit fint liv. Jesus måtet sjølv seia: Det skulle oppfyllast: Dei hata meg utan årsak. Joh. 15, 25. På Langfredag rasa folket mot han og var med ut til Golgata for å visa sin avsky. Og det hadde Gud sagt føreåt. Slik skulle det gå.

3. Josef vart kasta i brønnen, v. 24.

Der var ikkje vatn, og han vart ikkje skada. Men dei andre brørne ville skada han , v. 18, men dei kunne ikkje. Hadde det vore vatn i brønnen, kunne han altså drukna. Og desse sisternene (brønn) var slik at dei var trongare oppe enn nede. Difor kunne han ikkje krypa opp.

Ingen kan altså gjera meir enn Gud tillet. Det er ei grense for menneska sin vondskap, sjølv om me ofte synes han tøyer grensene vel langt.

Daniel sat i den brennande omnen, men vart ikkje skada. Gud var der. Paulus og Silas sat i fengsel i Filippi - og dei song lovsongar til Gud.

JESUS var og i dødens brønn - men stod opp att tredje dagen. Det skjedde ved Guds allmakt. Den er og for oss som trur, for Gud er med oss og vil berga sine i rett tid.

4. Josef vart selt som slave, v. 28.

Likevel hadde han framgang. Kap. 39, 2. Motgangen kan altså Gud bruka til noko stort. Å vera slave, er vel den lågaste stilling eit menneske kan koma i. Men det fører alltid til framgang på sikt når me gjer Guds vilje.

Han vart selt for 20 sekel sølv. Og Jesus vart selt for 30 sølvpengar. Det var prisen for ein slave.

Kvifor vart Josef selt til Egypt? Hadde Gud ein plan med det? Ja, det er tydeleg. Gud førebudde nå det som skulle skje seinare. Det var slik Jakob og sønene vart haldne i livet då hungersnauda kom i landet. Han gjorde det for at dei skulle leva!

Dette er eit vakkert bilete. Jesus vart menneske og "slave" og måtte inn i større liding enn Josef. Kvifor var det naudsynleg? Guds plan var å frelsa heile verda - så mange som ville koma. Då vart Jesus den bergingsmannen som hjelper alle som trur på han. Joh. 3, 16; Rom. 5, 6-8.
.