fredag 9. april 2010

217) 1. Mos. 12, 1-13; 20, 2.


Patriarkane I. Abraham.
217) 1. Mos. 12, 1-13; 20, 2.
.
  Abraham er den første patriark, ordet tyder stamfar. Han var av Sems ætt og er mykje omtala i NT. Me finn han både i Rom, Gal, Hebr. og Jakob. Han er kalla dei truande sin far og levde ikring 1900 år f. Kr. Me vil stansa for nokre sider ved hans liv her:
.
  1. Kallet.
  Kallet fekk han i kap. 12, 1 då han var i Mesopo­tamia. Dra ut, sa Herren. Dra bort frå heidenska­pet. Kaldea var kultursenter på same tid som synda florerte der. Det er her me finn den vidkj­ende Hammurabis lov og t. d. astrologien.
.
  Til oss kjem og kallet til omvending, Mat. 3. Vend om frå synda og verda og frå det tvilsame. Farvel du brede strede, du ser meg aldri mer, seier songaren.
.
  Elias sa på Karmel: Kor lenge vil de halta til begge sider. Vel kven de vil tena. 1. Kong. 18, 21. Og Jak. 4, 4 seier klårt: venskap med verda er fiendskap med Gud.
.
  Dette var eit offer for han og det krevde tru. Han skulle forlata alt sitt og alle sine. Her hadde han berre Guds ord og lovnad. Og det stolte han fullt og fast på. Hebr. 11. Det er tru.
.
  2. Lovnaden.
  Abraham vart ikkje sendt ut tomhendt. Han fekk Guds ord med seg, og det var pålitande, v. 2-3.
  Han skulle bli eit stort folk - sjølv om det såg vonlaust ut lenge ettersom han ikkje fekk born. Men frå han ættar både jødar og arabarar.
.
  Han skulle få velsigning. Gud skulle vere med. Då er alt godt for eit menneske . Ordspr. 10, 22. Like eins skulle han vernast, v. 3a. Gud skulle stå vakt om han og gjera med andre slik dei fortente.
.
  I lovnaden ligg og eit ord om frelse for heile verda. I Abrahams ætt skulle alle slekter velsign­ast. Det kan dei berre oppleva i Kristus. Apg. 3, 25; Gal. 3, 8. Orda vart seinare tekne opp att for Isak og Jakob og slik stadfesta for slekta.
.
  3. Livet.
  Korleis levde så denne far for dei truande, og eigentleg og eit førebilete for oss? Me finn litt av det alt her, v. 6-9.
.
  Først ser me at Herren openberra seg for han, v. 7. Gud var nær, og dei hadde fortruleg samfunn. Salm. 25, 14. Herren kunne tala med Abraham, og han hadde ro og tid til å lytta. Me får og dette fortrulege samfunnet med Jesus og openberring frå han i vår Bibel, i bønestundene og samværet med andre truande. Det er heilage stunder for ein kristen.
.
  Dinest legg me merke til at han levde mellom heidningar, v. 6. Dermed var han i konstant fåre åndeleg sett. Dei dyrka Astarte og Baal i Kanaan, og dei framande gudane var ein trussel mot Guds mann. - Slik let me oss og påverka av verda ikring oss. Og det kan føra oss til fall og fråfall. Difor seier ordet: elsk ikkje verda. 1. Joh. 2, 15.
.
  Vidare ser me at han bygde alter for Herren, v. 7-8. Kor han kom i landet, reiste han eit alter for sin Gud. Det var både ei vedkjenning for dei andre og eit offer for han sjølv. Her måtte han heisa reint flag. Og der kalla han på Herrens namn. Abraham sitt liv var eit liv i bøn. Og det var berginga for han.
.
  4. Nederlag og synd.
  To av dei tristaste versa om Abraham er kap. 12, 13 og 20, 2. Då var han i Egypt og Geser. Der sa han at Sara var søster hans for å berga seg sjølv. Denne synda gjorde han altså to gonger.
.
  Han laug og ba Sara lyga. Det var halveis san­ning avdi Sara var halvsøster hans. Men det vart ei grov løgn avdi han ville skjula at ho var kona hans.
.
  Her tvilte han på Guds allmakt. Korleis kunne han vita at Gud ikkje hadde ein veg ut av denne knipa? Hadde han stolt på Gud, ville han løyst floken. Men Abraham stolte på seg sjølv og tenkte rasjonalistisk.
.
  I Geser tok han opp att den same synda. Han hadde ikkje lært av feila sine. Og me ser at Isak, son hans, gjorde den same feilen seinare, kap. 26, 7.
.
  Abraham vart bortvist frå distriktet, v. 19f. Det må ha vore ei skam og eit nederlag for ein stor Guds mann. Tenk, slik kan me truande bli til skam for evangeliet.
.
  Kva gjorde han då?
.
  I kap. 13, 4 finn me at han drog attende til den staden der han først hadde bygt eit altar for Gud. Han måtte attende til byrjinga, der han levde eit rett liv. Det er berginga for oss. Me må attende til vår Frelsar, der me eingong levde i glad lukke med Jesus. Me må reisa altaret på nytt.
.