tirsdag 6. april 2010

207) 2 Mos. 4-10/11.


Utgangen frå Egypt.
207) 2 Mos. 4-10/11.
.
Her er ei veldig hending. Mange ting hender, og me kan berre ta med eit oversyn og litt meir om einskilde saker. Israel var i Egypt i 430 år (Gal 3, 17). Folket var nedslitne, 2 Mos. 6, 9. det var ikkje (berre) uvilje, med dei var sløve og trøytte. Talet 430 har vore diskutert. M. a. trudde Luther at det var tida frå Abrahams fekk sitt kall. (Hans kommentar til 2. Mosebok). Andre har meint det same. Her stansar me berre ved sjølve saka.
.
Kva skjedde?
.
1. Gud kalla ein reiskap, kap. 3. Moses var utvald. Det var nåde – han hadde vore ein mordar.
.
2. Reiskapen hadde tvil – fleire gonger. Moses kjende seg uverdig, for liten – det er eit godt teikn! Kanskje me har for mange ”flinke”. Han hadde fire orsakingar:
.
a) Han var udugeleg, 3, 11: Kven er eg? Han fekk eit teikn, v. 12. Han skulle kom att til same staden/fjellet. Sjå kap. 19, 2. – I 2 Kor 3,5 ser me den rette innstillinga: Vår dugleik er av Gud.
.
b) Han kjende ikkje Guds namn. Kven han er, kva er namnet hans, v. 13. Slik spør han. Det var mange gudar i Egypt, og korleis kunne han vera viss om at dette var Israels Gud? Det er farleg for ein Guds tenar å ikkje kjenna Gud! Det gjeld ikkje kunnskap i tanken, men hjarta er viktig. – Svaret var: Jahve = Eg er – ein levande Gud, v. 14. Moses fekk mykje å gjera med han.
.
c) Folket var vantru. 4, 1. Moses var redd. Han hugsa nok for 40 år sidan! Folket si vantru er ofte ei lekkje for oss, og me tenkjer: det nyttar ikkje meir. Svaret var tre under: Stav, hand, vatn til blod. Gud er allmektig, og vil visa folket det. Han vil også visa det nå, i vår tid!
.
d) Eg kan ikkje tala. 4, 10. Kanskje Moses stamma? Han fann ikkje dei rette ord? To svar fekk han: 1) v. 12: Herren skal læra han – var ikkje ferdig i Guds skule. 2) v. 14: Men han fekk ein medhjelpar: Det var Aron, broren. Moses var mest fortvila no: Send kven som helst, sa han, v. 13. Men Gud gav ikkje opp!
.
- Gud har alltid svar, hjelp og utveg. Moses gav seg til slutt – og gjekk til Egypt.
.
3. Moses i Egypt.
Det vart hans misjonsmark no. Her møtte han farao. Hovudsaka var: Folket skal ut, og dyrka sin Gud på sin måte. Guds folk måtte ut or synda, verda, trældomen.
.
Her møtte Moses hindringar. To krefter stod mot kvarandre: Moses var representant for Gud/Jahve, og farao var representant for verda og djevelen. Slik er det alltid.
Farao representerer òg makta, militæret, politikken. Desse har ofte vore på djevelen si side. Gud måtte tvinga farao, og senda 10 plager. Meininga med dei var dobbel: 1) Gud skulle audmjuka farao slik at han gav etter; og 2) prova at gudane i Egypt var utan makt, at det var Israels Gud som styrte. Og dette skulle gje Israel mot til å dra ut.
.
Dei ti plagene:
Dei kan me dela inn i slik: 3 x 3 + 1.
Den fyrste i kvar av dei tre gruppene skjedde tidleg om morgonen (kap. 7, 15). Dei to fyrste i kvar gruppe kom etter varsel til farao – den siste utan forvarsel. Gud trugar med straff, og let ho koma.
.
1. gruppe: gjaldt heile Egypt – òg Israel.
2. gruppe: Her kom skilje mellom Israel og Egypt, kap. 8, 23: ”ei frelse til skilje”, dvs. Israel skulle verta berga, det skulle farao sjå.
3. gruppe: Denne var verre enn dei fyrste, og berre over Egypt. Det var eit varsel om den endelege domen.
.
Guds straff og dom over Farao og Egypt. 2 Mos. 7-11. Salme 105, 24-36.
Det var kamp mellom Moses (som representerte den einaste sanne Gud), og Farao (som representerte Egypt – både stat og religion).
.
I Guds rike har det alltid vore slik i prinsippet. Det er kamp mellom Gud og Satan. Me menneske er i teneste anten hjå den eine eller den andre. Me kan ikkje vera nøytrale her. For å vera med i Guds hær og slik stå på hans side, må me la oss frelsa av Guds Son. Han gjer det av nåde av di han har betalt for alle.
.