tirsdag 13. april 2010

221) 1. Mos. 18.


5. Abraham i bøn.

221) 1. Mos. 18.

.
       Her møter me Abraham i bøn til Gud. Det er ei gripande stund - for han og for oss som les det nå. Abraham får vitjing av Herren, v. 1. Han hadde hatt det ofte, og levde i nær kontakt med Gud. Abraham hadde fått lovnad om ein son, Isak. Han var difor ein "løftes-son". Isak skulle ikkje bli fødd på vanleg vis. Det var knytt eit under til han.
.
       Difor er det kanskje ikkje så underleg at Abraham og Sara tvilte. Korleis kunne det skje? Dei var begge gamle og trudde ikkje lenger at det var mogeleg for dei å få born.
.
       Då kjem Herren med eit veldig ord: Skulle noko vera umogeleg for Herren, v. 14. Svaret på det var nei, sjølv om han ikkje sa det.
.
       Då er det at dei går mot Sodoma, der Lot budde. Det kom klagerop opp frå byen, v. 20. Synda var stor i folket der. Den var "utan måte". Og Herren ville sjå korleis det var, v. 21. Mennene gjekk då til Sodoma. Men Abraham vart ståande for Herrens åsyn, står det, v. 22. Han gjekk nærare Herren og innleia ein alvorleg samtale med han, v. 23. Og den vart til ei eineståande bøn. For her ber Abraham for dei verste syndarar i si tid. Og ikkje for sitt eige folk, som familien til Lot og sine eigne born og tenarar var. Denne Guds mann ber for den syndige byen. Difor lærer dette oss noko om bøn. Lat oss stansa litt ved det.
.
1) Det var ei bøn i tru.
Den første bøna i Bibelen finn me i 1. Mos. 4,26. Og Abraham hadde lært dette. Han hadde tiltru til at Gud høyrde han. Herren ville og kunne hjelpa. Difor går inn i bøn nå. Han bygde si tru på Guds lovnader. Då er det svar å få.  Me kan tvila på bønesvar, serleg når det dreg ut. Det skal prøva vårt tolmod. Jakob skriv om Elias som fekk svar. 1. Kong. 17 og Jak. 5,16-17.
.
2) Det var ei audmjuk bøn. V. 27 og 32.
Det er ei rett innstilling. Kan eg våga å be meir? Audmjuk for Gud er nøkkelen: eg har ingen rett og krav på noko i meg sjølv. Eg er ikkje verdig til bønesvar. Alle svar på vera nåde.
.
3) Abraham var uthaldande i bøna.
For han bygde si bøn og svar på kjærleik til Gud og desse menneska. Han byrja med 50 - og gjekk heilt ned til 10. Ja, sa Gud. 6 gonger bad han. Han prøvde igjen og igjen, vart ikkje trøytt og gav ikkje opp. Han bad i tru.
       Då kom svaret. Så stor makt har ein truande!
.
       Jesus sa ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje bli trøytte, Luk. 18,1. Og Paulus skriv i 1. Tes. 5.17: Be uavlatande. Er det ei av vår store synder nå?
.
4) Han stansa i tide. v. 32.
Han gjekk ikkje lenger ned enn 10. Kvifor? Somme meiner at det var så mange i Lot sin familie - og det var dei han skulle berga nå. Eller: det skulle ti til for å vera ein forsamling som i synagogen seinare. Det ser ikkje ut til at det var av vantru, men han visste i alle høve at han kunne ikkje gå lenger ned. Og det kjem eit punkt der bøna stansar. Sjå Jer. 7,16: Du skal ikkje be for dette folket. Forherdinga er komen så langt at Gud ikkje lenger kan nå dei, domen er neste steg. Jesus sa til læresveinane at dei skulle rista støvet av føtene der dei ikkje vart mottekne. - Berre Gud ser dette, og me må be så lenge me kan - om ikkje Gud stansar oss på ein klår måte.
.
5) Abraham hadde bønnenød.
Han vandra i bøn, v. 17. Han hadde hjartelag for syndaren og heidningen. Han kunne ikkje sjå på domen og gjekk til Gud. Herre, spar dei. Har det noko å seia for oss? Sjå desse døma:
Moses 2. Mos. 32,32.
Paulus Rom 9,2; 10,1.
Noreg treng mange slike nå. Folk som er viljuge til å gå med Abraham på troens veg - inn i bønekamp.
.