tirsdag 13. april 2010

220) 1. Mos. 18 og 21.


6. Abraham sine to søner.

220) 1. Mos. 18 og 21.

.
       Soga om Isak og Ismael finn me att i Gal. 4 der Paulus tolkar den allegorisk. Det gir oss også frimod til å bruka denne og liknande tekstar om den kristne trua - men me skal vera varsame med slike utlegningar. Ein kan lett tolka meir inn i teksten eller det me finn i teksten.
.
       Me møter to kvinner, to barn, to pakter - og to slags 'kristne'. Etter Gal.4,24 er dette bilete på noko i den nye pakt. Me møter Isak og Ismael, Sara og Hagar.
.
I. Likskapen.
       Dei to gutane var halvbrør og med det i nær slekt. Og det er ikkje alltid slik at slektningar går godt saman reint menneskeleg.
.
       1) Begge hadde Abraham til far, v. 22. Den eine vart stamfar til jødefolket - dei er Isaks born så vel som Abrahams born. Den andre er stamfar til arabarar - dei er Ismaels born. Dette fekk mykje å seia. Her skal me ikkje tala om folkeslag, men om tilhøvet til Gud.
.
       2) Begge er fødde, v. 22-24. Desse to slags menneske har hatt ein åndeleg "fødsel". Det har skjedd noko med dei, ei endring i livet. Dei er ikkje verdslege og heidningar. Dei trur på Gud, er "kristne", og meiner dei er på rett veg.
.
- Soga om Isak og Ismael er her interessant. Deira fødsler er svært ulike. Ismael er fødd etter kjøtet, skriv Paulus. Isak er fødd på grunn av ein lovnad. Sara fekk ikkje born på mange år. Då bad ho Abraham gå inn til ei trelkvinne, Hagar. Ho kunne ikkje venta lenger og greip til menneskeleg hjelp, noko som var vanleg mellom heidningane. Ismael er altså fødd på vanlig menneskeleg vis. Isak var det annleis med. Sara kunne ikkje få barn, men Gud gav henne ein lovnad: På Guds ord skulle ho få barn. Ho lo åt den tanken, men bøygde seg til slutt for det Herren sa. Og underet skjedde. Trass i sine 90 år, vart Sara mor. For Gud greip inn.
.     
3) Begge har vore "vakt" åndeleg tala. Dei har sett alvoret i livet og døden og æva. Dei vil gjerne til den rette plassen etter døden, og føretek seg noko for å koma dit.- Spørsmålet er korleis det går etter dette.
.
II. Tre vegar for den vakte. "Vekkelsen" er ei fårleg tid for eit menenske. Då kan det lett gå galt. For då arbeider djevelen intenst med menneska. Han vil enten føra oss til fall og slik få oss bort frå Gud. Eller han vil få oss inn i ein falsk kristendom og på den måten få oss til sine "barn". Her er det tre vegar å gå - ein av dei er me alle på.
.
       1) Djevelen fører eit menneske attende til det verdslege liv. Å vera ein kristen blir for tungt. Han overtyder deg om at det ikkje er noko for deg. Du vil ikkje klara det uansett. Du lyttar til han - og  gir opp. Mange har gjort det. Prisen vart for høg på ymse vis. Og verda er lettare på mange måtar.
.
       Samvitet er her sentralt. Dersom du ikkje let Bibelen korrigera ditt samvit, vil du til slutt missa det - og du lever livet etter din eigen (eller andre sin) vilje. Paulus skriv til den unge Timoteus: Han skulle strida den gode striden "i tru og med godt samvit. Dette har somme kasta frå seg og har lide skipbrot på trua". 1. Tim. 1,19. Prest og forkynner Peder Dreyer seier at "en våken samvittighet er et menneskes største lykke". Difor var det viktig for Paulus alltid å ha eit uskadd samvit, Apg. 24,16 og eit fullgodt samvit, 23,1.
.
       2) Djevelen fører den vakte inn i religiøsitet. Det er den andre vegen. Då blir du ikkje verdsleg, men heller ikkje frigjort. Du er "lunka" i gudslivet. Du har litt kristendom, men også litt eigne gjerningar. Din religion blir eit lappverk. Du  trur på Gud og på Jesus, ber til han og syng om han. Går på møte, gir til misjonen og oppfører deg som ein rett kristen i det ytre.
.

MEN: du har litt av deg sjølv i tillegg. Dine bøner, ditt  fine liv, offer og arbeidet i Guds rike er noko du i det stille reknar med som byggesteinar i din kristendom. Du vil prøva å "behaga" Gud med dette.
.
       Det er djupast sett å gå loven sin veg. Du gjer ditt beste i kristenlivet, og håpar på Guds nåde for resten, det som du ser at du ikkje klarer. Det er ein fårleg veg. Den har evne til å dyssa folk i søvn slik at du ikkje tek det så nøye lenger med truslivet.
       Å vera med Abraham "på troens veg" er det motsette. Det skal me sjå litt på nå.
.
       3) Den heilage Ande får då leia den vakte inn til nåden hjå Gud. Det er frelsens veg.
       Der er alt vårt eige stengt ute. Der er det ikkje litt arbeid og gjerning og litt nåde. Der er det berre nåde. Men ein vakt syndar kjem inn der berre på ein veg:
.
       Han må erkjenna si synd. Det tyder her at alt i mennesket er synd. Du ser at du er totalt mislukka. Alle fine bøner stoppar opp, og du har berre EI bøn att: Herre frels, eg går under, eg er fortapt, tilgi mi synd - eg har ingen ting som kan hjelpa meg.
.
       I Bibelen ser syndaren at det er ein veg å gå for å få hjelp: Berre evangeliet om Jesus kan hjelpa, han er vår stedfortredar og gjekk i vår plass og tok vår synd.
.
       Så får han ta imot utan betaling, uforskyldt, og tru seg frelst. Hans kristendom blir nå ikkje det Jesus gjorde - ikkje det han har prøvd eller kan gjera. Nå tonar det i sjela: "Han er min sang og min glede."
.
       Dermed blir du ført inn i ein ny fridom - der reknar du berre med Jesus. Det er jo han som har gjort alt.
.
       Luk 18,11ff. er døme på desse to menneska: farisearane og tollaren i templet.
.
III. Trel og fri - skilnaden.
       Me går attende til soga om Isak og Ismael. For der møter me skilnaden mellom gutane og paktene.
.
       1) Trælen forfylgde det frie barnet. Gal. 4,29. Det vart motstand og strid mellom dei to. For trælen skjønar ikkje den sanne fridomen og dømer dei frie.
.
       2) Trælen skulle drivast ut, v. 30. Ismael måtte jagast ut i øydemarka, bort frå Sara og Isak. Ismael skulle ikkje få plaga og uroa vesleguten Isak meir. Slik er det også i det åndelege: Me skal ikkje la oss påverka av åndelege trælar, 'kristne' som ikkje er frigjorde og som gjerne vil påverka oss til å gjera noko for å bli frelst.
.
       3) Trælen skal ikkje arva, v. 30. Me kan ikkje unngå åndelege trælar her i livet og skal ikkje reinsa dei ut. Det maktar me ikkje, men i domen kjem det endelege skilje. Då vil trælen gå fortapt. Religiøsitet kan ikkje hjelpa ein synda då.
.
Difor blir spørsmålet: Er du fri eller træl?
.