mandag 1. mars 2010

184) 5. Mos. 27-28.



Velsigning og forbanning.
184) 5. Mos. 27-28.
.
Ved grensa til Kanaan. Israel fornyar lova og pakta.
.
Velsigning og forbanning heng saman med om folket held Gud lov eller ikkje. Djupast sett gjeld det folket sitt tilhøve til Gud sjølv. For Gud er i ordet sitt og lik ordet sitt. Korleis folk ser på og fylgjer Guds ord, viser korleis dei er mot Gud. Når me respekterer eit menneske, vil me og gjera det han seier.
.
Det er minst to sider ved Guds lov og vilje som me må tenkja på her. Det eine er å halda lova fullkoment i alle delar og av heile hjarta. Den andre er å halde seg etter dei ytre føresegner så godt eit menneske kan. Det første har meir med hjarteliv og tilhøve til Gud å gjera. Det andre kan me seia talar meir om moral og etikk – korleis folk er mot kvarandre.
.
Bibelen lærer oss klårt at det første kan aldri eit menneske gjera fullkoment. Den andre sida ved lova er meir på det menneskelege plan.
.
For Israel høyrde velsigninga til å fylgja boda og førskriftene, medan forbanninga gjaldt dei som ikkje gjorde det. Sanne israelittar var dei først når dei gjorde det av hjarta. Natanael var ein slik ekte israelitt, som det ikkje var svik i. Joh. 1, 48.
.
Me menneske kan ikkje sjå dette på folk. Det me kan sjå og skjøna noko av, er kva frukter deira åndelege liv har. Korleis verkar truslivet vårt på det ytre livet og dermed på dei me lever saman med? Nokre gonger er det så tydeleg at me ikkje kan ta stort feil. Me veit godt at ei sann og fin vedkjenning er ikkje nok, om livet syner det motstte.
.
Me ser dette mange gonger i Israel. Nokre gonger ofra folket etter lova og heldt høgtider som Gud hadde sagt. Men korkje hjarta eller det ytre livet var i harmoni med Guds vilje. Dei levde i synder og dyrka framande gudar ved sida av Herren. Då sende Gud profetar for å åtvara folket og visa dei Guds vilje. Då viste dei alltid attende til Guds lov og ord.
.
Moses fekk bod om å tala både velsigning og forbanning til folket. Josva skulle gjera det når dei kom over Jordan. Velsigninga var ei oppmuntring frå Gud, medan forbanninga var ei åtvaring om fylgjene av å falla frå.
.
Me legg merke til at forbanninga frå Ebalfjellet er først opprekna (kap. 27, 12ff), og deretter velsigninga (kap. 28). Sml. Josva 8. Luther meiner årsaka er at Moses såg på seg sjølv som tenar for synd og død ved lova. Og den legg alle inn under forbanning, Gal. 3, 10. Men Josva talar også om velsigninga for å peika på Kristus.
.
Forbanninga, kap. 27.
Me legg merke til at forbanninga gjeld brot på Mose lov, dei ti boda. Her er nemnt Her er nemt minst seks bod, og eitt av dei (det 6.) er omtala fire gonger – 1, 4, 5, 6, 7 og 8. bod. Me kan sjå på dei som døme på kva Gud dømer.
.
I tillegg er det forbanning over dei sopm flytter merkesteinar – det er ei form for steling (7. bod), og den som får ein blind til å fara vill på vegen og forvender retten for ein framand.
.
Ei oppsummering kjem så i siste vers: ”Forbanna vere den som ikkje held orda i denne lova og ikkje gjer etter dei!”
.
Velsigninga, kap. 28.
I dette kapitlet kjem velsigninga først og sidan nokre nye forbanningar. Her talar han og om konsekvensane for folket om dei ikkje fylgjer han. Han innleiar kapitlet med å tala om vilkåra for velsigning: Dersom du … Dei må høyra på Herren, og akte vel på å halda alle boda. Alle desse velsigninagne skal koma over dei, så sant du høyrer …. V. 2.
.
Den første delen av velsigningane gjeld staden dei er og det dei gjer, v. 3ff. Over alt vil velsigninga fylgja med Guds folk: i byen, på marka, livsfrukta di, grøda, buskapen, når du går inn og når du går ut. Du er med andre ord omgjeven av Guds signing. Den er til og med eit vern mot fiendar, v. 7. Ja, Herren skal byda at velsigninga vil ”fylgja deg i alt du tek deg føre”, v. 8.
.
Den som ikkje går Guds veg, skal derimot oppleva motgang i alt, sjølv om det nokre gongere ikkje ser slik ut, jfr. Salme 73. Hovudsaka er slik det går til slutt.
 – Må Gud få velsigna oss slik han ser det er best.
Amen.
.