onsdag 24. mars 2010

198) 2. Mos. 33, 21.


Her, tett ved meg!
198) 2. Mos. 33, 21.
.

Dette hende etter at påsken var innstifta og folket hadde drege ut or Egypt. Det var etter at lova var gjeven på Sinai. Det er også etter at lovene for tabernaklet var gjevne. Gud hadde med andre ord ordna mykje for dei med tanke på framtida og livet i det nye landet.
.
Men det var før dei kom inn i landet og ennå medan Moses levde. Då fann Gud ein plass for venen sin: Her, tett ved meg er det ein stad. Den gamle Moses ville sjå Gud. Men det kunne ingen syndar gjera utan å døy. Eit svakt bilete på dette er å sjå på sola –og du blir blind. Heile Guds herlegdom er for stor for oss. Så veldig er Gud.
.
I v. 18 ber Moses om dette: lat meg få sjå herlegdomen din.Det var nok ei frimodig bøn. Han hadde alt sett meir av Gud enn nokon sidan Adam i Eden. Og nå fekk han eit delvis svar. Han fekk sjå Gud bakfrå, i etterkant.
.
Det er noko Gud ikkje kan svara på etter vår vilje. Me må då vera udmjuke og bøya oss for Gud. Og så kan me setja oss der, tett ved sida hans. Han innbyr oss til det nå. Kor er denne hola eigentleg?
.
1. Det Høgheilage.
Då er me inne i det aller heilagste i tabernaklet. Der skjedde forsoninga. Eit dyr var slakta og øvstepresten tok av blodet og strauk og skvetta på arken som stod der inne. Det skulle skje kvart år på den store forsoningsdagen, 3. Mos. 16.
.
Då den rette tida kom, skulle Guds eige lam bli ofra. Han skulle ta ansvaret for all synd – for alle og for alle tider. Hebr. 10, 12. Då er synda fullstendig borte. Du kan ikke finna henne att.
.
Kom og sett deg der! Du er aldri så nær Gud som når du høyrer om og trur forsoninga på krossen. La blodet få reinsa deg heilt der. Ved krossen hjå Jesus er det plass for deg. Og Jesu, Guds Sons blod, reinsar frå all synd. 1. Joh. 1, 7. Der er plass for deg.
.
Røvaren på krossen fekk oppleva det. Profeten Jesaja fekk sjå framover mot det og ante nok at det var store ting. Jes. 53. Paulus såg inn i det som få andre. 1. Kor. 2,2: Han tala om Kristus krossfest, og om han som vart gjort til synd for oss, 2.Kor. 5, 21. Han tala også om Berget, Klippen, 1. Kor. 10, 4. Det var Kristus som fylgde Israel i øydemarka.
.

Her, tett ved meg er det rom for deg!

.
2. Åleine med Jesus – i ”lønnkammeret”.
Her kan du seia alt til han, rett ut utan å pynta på noko. Og der vil han alltid tru deg. Mat. 7, 7f.
”Jeg har så lun en hytte, her i mitt stille sinn.”
”Det er makt i de follede hender, når i frelserens navn du får me.”
.
Her, tett ved meg er ein stad.
Du har opplevd det nokre gonger i dine bønestunder.  Det var så godt å få tala ut med han.
.
3. I Guds ord.
Det var ein som sa til Augustin: ta og les! Og det var til hjelp og kanskje til berging for han. Og Jesus sa til djevelen, og det gjeld faktisk oss alle: Mennesket lever ikkje av brød åleine. Men av kvart ord som kjem frå Herrens munn. Mat. 4, 4. Ein kristen lever av Ordet, og der møter me Gud sjølv.
.
Ved å lesa i Ordet ser du meir av rikdomane i Gud og storleiken hans. Og du ser kor stor frelsa er. Det er ikke det me opplever i oss sjølv, som viser frelsa, men meir det me ser i Guds ord. Våre kjensler skifter, men det gjer ikkje Ordet. Det er fast som fjell.
.
Ta deg difor tid. Sett deg i godstolen om du vil. Les og tenk over kva Ordet seier. Då er du tett ved han der i ”klippen”. Og takk han for Ordet. Der ser du krosssen og bønesvar og Guds frelsesplan.
.
Nikodemus fekk sitja der ein sein nattetime, i samtale med Jesus. Joh. 3. Det var han som fekk høyra ”den lille bibel” for første gong, v. 16. Men det same lyder for oss i dag.
.
Her, tett ved meg.
...