fredag 26. mars 2010

199) 2. Mos. 20.


Ved Sinai.
199) 2. Mos. 20.
.
Det var ein mektig dag ved Sinai. Moses møtte Gud, ja, heile Israel møtte han, kap. 19, 17. Fjellet låg omhylla i røyk, og Herren kom ned i eld og fjellet skolv. Det er bilete på og uttrykk for alvoret i det å møta Gud. Han er heilag og fullkomen. Då tala Gud til dei, Moses og Israel lova Herren. Nå skulle dei få Guds vilje meir konkret enn nokon gong før. For nå fekk dei lova, det jødane kallar Torah.
.
Ei lov er i prinsippet noko som krev lydnad av oss. Den stakar ut ein veg som lova krev me skal fylgja, slik det t.d. er med vegtrafikklova. Guds lov viser det han krev av oss menneske som hans skapningar. Det viser med andre ord korleis Gud vil me skal leva.
.
Israel var då i øydemarka og i byrjinga på den lange vegen nordover mot sitt eige land. Det skulle ta 40 år før dei var framme. Og dei var ein stor skare på om lag to millionar menneske, etter det somme har rekna ut. Eit heilt folk var på reis, eit stort samfunn av menneske. Dei trong reglar for livet og ikkje minst for gudsdyrkinga si.
.
Teologien definerer lova som krav og evangeliet som gåve. Det er alt det Gud gjev oss.  På ein serleg måte viser evangeliet kva Gud har gjeve oss i Kristus. Det er av nåde utan at me kan eller skal gjera noko for å få det. Og det er berre evangeliet som kan frelsa eit menneske.
.
Heile Bibelen er i grunnen delt i desse to læresetningane.

Gud vil læra oss begge delar, ikkje berre som ei lære, men til gagn for oss. Av natur er me uvitande og kan ingen ting om Guds vilje i eigentleg tyding.
.
Lova vart gjeven på to tavler, og dei viser to sider ved Guds vilje til oss. Den første delen har tre bod, og dei viser vårt tilhøve til Gud. Det kjem alltid først og er det aller viktigaste. Det er om Gud, om hans namn og hans dag. Dei andre boda handlar meir om vårt tilhøve til andre menneske. Folk flest er mest opptekne av dette siste, av di me snur opp-ned på dei åndlege sakene.
.
Her skal me tala om dei tre første boda, det me ofte kallare ”lova si første tavle”.
.
1. Gud skal vera din Gud.
Du skal ikkje ha andre gudar enn meg, vil Herren seia her. Gud er skaparguden som er frå æva og til æva. Han er suveren og har ikkje nokon som liknar seg. Og kva er ein Gud? Det er han eller det du set di lit til og som du elskar meir enn noko anna. Gud er det viktigaste i livet ditt og han du er mest oppteken av.
.
Heidningane tilber gudar av tre og stein eller t. d. sola og andre himmellekamar. Spørsmålet nå er kva du er mest oppteken av. Er det noko anna eller ved sida av Gud Den Heilage? Pontoppidan seier at me kan ha ei fin avgudsdyrking.
.
Me kan óg dyrka oss sjølve slik at me er våre eigne avgudar! Det er tankar me burde tenkja. Er eg så sjølvoppteken at eg ikkje har tid for den einaste Gud? Det kan vera vår eiga ære me set høgt, eller vår vilje, nytte og tidtrøytte (fornøyelse). Då kjem Gud i skuggen, og med det også omsynet til andre menneske.
.
Det er ikkje slik at du nektar at Gud er til eller har gløymt han. Men du kjem alltid først. Israelsfolket laga ein gullkalv då Moses vart lenge på Sinai, kap. 32. Det var ein erstatning for den levande Gud. Gjer me og det? Me skaffar oss alt mogleg som me kan få for pengar, til stas og status.
,
Me må kunna seia at Mammon og velstand er mange sin gud i dag. Levestandard og denne verda sine verdiar står høgt. Og dei har ein eigen evne til å dekka over Gud og hans vilje.
.
Gud seier det er synd. Du skal berre tilbe den levande Gud. Difor er du fortapt om du gløymer eller gøymer Gud bort. Det viser lova deg. Difor seier Skrifta at me skal ta oss i vare for avgudane. 1. Joh. 5, 21.
.
2. Namnet åt Herren.
Det er ikkje uvesentleg korleis me nyttar personnamn. Dei fleste er nokså nøye med at det vert nytta og skrive rett. Og Gud er nøye med sitt namn. Det er æra hans og person. Dersom nokon på urett vis kallar deg ein tjuv, tek dei æra frå deg.
.
Det andre bodet seier at me ikkje skal misbruka Guds namn. Og Luther forklarar det slik: ”Me skal ottast og elska Gud, så me ikkje bruker namnet hans til å banna og sverja, men kallar på Gud i all naud, ber, lovar og takkar.” Luther knyter altså det å elska Gud saman med å ottast han, og det verkar inn på korleis me brukar namnet hans.
.
Me skal ikkje banna. Det tyder også¨at me ikkje brukar namnet hans i utide. Det er forresten mykje utbreidd. Små born brukar Guds namn til banning, og kven har dei lært det av? Ofte er det foreldra som bannar og lærer borna til det. Og det kan vera større born som igjen har lært det av sine foreldre.
.
Banning er å bruka  og misbruka både Guds og djevelens namn – og andre ord som er knytt til dei. Er Gud heilag for oss, vil me vera varsame med ein slik bruk. Det er trist å høyra kristne som ikkje styrer tunga si her.
.
Me skal heller bruka Guds namn til å be. Det er rett bruk. I all naud kan me gå til Gud, og dei fleste er flinke til å be då. Wergeland skreiv ein gong: I slik ei natt får du bønner, Gud! Det naturlege og vanlege skulle vera at Guds folk ba til alle tider. Gode tider kjem og frå Han, og det skulle me lova og takka han for.
.
3. Kviledag er heilagdag.
I gamal omsetjing lyder dette bodet: Kom i hug at du held kviledagen heilag. Det er lett å gløyma at denne dagen tilhøyrer Gud på ein serleg måte. Det er Guds dag. Men han har gjeve oss ein slik dag av di me treng det. Kroppen er ingen maskin, men treng pausar og kvile.
.
Då skriv Luther at me ikkje skal forsøma forsamlinga om Guds ord, men halda Ordet heilagt, høyra og læra det. Når andre ting vert viktigare og kjem i vegen, tyder det at me forsømer Guds dag og hans ord. Og ved å motseia Ordet og kritisera Gud, foraktar me bodet. Tenk berre på kor ofte tankane våre flakkar vida kring til andre mennesker og anna arbeid når me er på møte og Ordet blir forkynt!
.
Mange vanhelgar søndagen på ulike måtar: Det skjer diverre ved sport (kor viktig det kan vera for kroppen), moro og fornøyelse, plukka bær om hausten, arbeida på hytta og i hagen og anna unaudsynleg arbeid.
.
Guds dom kjem over folket når me syndar. Mange er skuldig i avgudsdyrking, vanhelging av Guds dag og namn. Dei vanærar Gud ved å misbruka det Gud har skapt for oss.
.
Lova skal visa oss synda, at me er skuldige for Gud. Desse tre boda har me alle vore skuldige i. Ingen går fri. Det viser at alle er fortapte av natur. Ingen kan retta opp att det me har gjort galt i livet. Me treng ein frelsar. Nå skal eg få forkynna deg at Han er komen. Uansett kor stor synda di er eller kva slags synd du er skuldig i, er det frelse å få. Av nåde. Ved tru på Jesus som døydde for alle våre synder. Ta imot han og kom medan ennå det er dag.
Amen.
.