tirsdag 23. mars 2010

196) 3. Mos. 16.


Den store forsoningsdagen.
196) 3. Mos. 16.
.
Dette er eit mektig avsnitt. Hebreerbrevet er fortolking av dette kapitlet. Tanken om offeret kjem der frå ein ny vinkel: I Kristus skjer det ein gong for alltid.
.
     Matthew Henry (d. 1714) skriv at kapitlet viser meir av evangeliet enn alle andre seremoniar i GT. Og C.H.Macintosh seier at det viser nokre av dei viktigaste prinsippielle sannningar som ei gjenfødd sjel kan vere oppteken av. Me må betrakta kap. 16 som eit av dei viktigaste og herlegaste avsnitt i Skrifta.
.
     Men det er lite tala over.  Av 8100 preiker eg har systematisert på database, er det berre to preiker over denne teksten. Og av dei nærare 3500 preikene me har av ”predikantenes fyrste” C. H. Spurgeon, er det berre 3 preiker - den er truleg vanskeleg og lite nytta.
.
     Og forsoningsdagen er spesiell. Det var minst fem andre offer omtala av Moses. Dei ofra kvar dag, på dei store høgtider, ved synd, fødslar og kvar nymåne. Denne dagen er den viktigaste høgtida for jødane, ved sida av påske. Også nå feirar dei den, kalla ”Yom kippur”. Krigen i 1973 starta forresten då – 5. okt. Fortolkaren F. Delitzsch kalla den ”GT’s langfredag”. Og den er så viktig at jødisk tradisjon kalla den berre ”Dagen” (Yoma).
.
     Korleis var dagen? Kva hende?
.
     Det var fastedag, den einaste i Israel – ein skulle førebu seg personleg.  Og det var fridag . Kvart år, eit halvt år etter påske kom han. Hovudsaka var soning for synd. Det er eit fint bilete på frelse, brukt i Hebr. 9-10. Her er noko likt, og noko ulikt. Alt i GT er berre skuggar av frelsen.
.
1)Berre ypperstepresten gjorde teneste.
Her gjeld det Aron. Alle andre prestar var fri. Aron måtte gjera alt sjølv og fekk ikkje hjelp av nokon annan. Han måtte tenne lys i lampane, bera inn nytt skuebrød på bordet, han måtte slakta offerdyra – levittane var ikkje der. Han måtte sjølv ta imot blodet som blei tappa av dyret og skvetta det. Han måtte sjølv ordna ilden på alteret, leggja på røykelse. Både røykelse og blodskåla måtte han bera inn bak forhenget. Heile tida var han einsam og åleine. Og berre då fekk han gå inn i det Aller Heilagste. Det viser kor spesiell og unik dagen og offeret var. – Slik er det med vår Frelsar også. Han gjorde alt åleine. Ingen kunne hjelpa til med frelsesverket.
.
2) Han skulle kle seg i lin.
Han la av seg embetsdrakten. Den var spesiell for han, med kostbare steinar. Nå måtte han leggja den av og kle seg i vanlege linklede som andre prestar. Han skulle ikkje vera ”betre” enn andre og skulle ikkje ha noko å visa fram. – Og slik var Jesus. Han la av seg sin himmelske drakt med herlegdom og ære, og så vart han menneske. Fil. 2,6-8; Rom 8,3; 2. Kor. 5,21. Berre ein gong på ein spesiell dag hende dette: Langfredag. Den skal aldri meir gjentakast.  Då skjedde frelsens under, då gjorde han alt.
.
3) Aron måtte først ofra for si eiga synd.
Han måtte gje eit syndoffer og eit brennoffer, ein okse og ein ver, v. 3. Først kom syndofferet som viser Kristus til forsoning og frelse for oss. Dinest brennofferet som viser Kristus som ofra seg sjølv til Gud i vår stad. Han er vår stedfortredar. Aron var ein syndar som heile Israel, og difor trong dei alle ein stedfortredar og full forsoning med Gud. Men først når soninga er skjedd, har me ein stedfortredar.
.
     Så gjekk Aron innafor forhenget med blod av sitt offer og røykelse og skvette blod på nådestolen. Men han var ein syndar og kunne ikkje sjå Gud og leva. Difor skjulte skya av røykelsen for nådestolen der Gud var, v. 13. Aron stod der som ein syndar for Gud!  Hans eigne synder måtte sonast. Først nå var han fri og rein, først nå kunne han tena Gud rett her!
.
     Korleis er det med oss? Er me reine i tenesta for Gud, har me vore innafor forhenget der Gud er? – Kor mykje annleis er ikkje Jesus. Om han står det at han var ”heilag, skuldlaus, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane”. Difor trong han ikkje ofra for seg sjølv. Hebr. 7, 26f.
.
4)   Deretter skulle han reinsa tabernaklet.
Det var eit jordisk hus, og alt her i verda er smitta av synd. 7 gonger skulle Aron skvetta blod framfor nådestolen. Dette peikar på at synda har trengt gjennom til alt på jorda.
.
5) Til slutt ofra for folket.
Då måtte han ha to bukkar. Og dei kasta lodd: ein for Herren og ein for Asasel, v. 8. Asasel har vore tolka på fleire måtar, som t.d. ei vond ånd. NB-88 omset det slik: den som skal sendast bort, og Bibelen Guds ord (1997) omset ordet med syndebukken.
.
     Den eine bukken var syndoffer for folket. Det var bukken for Herren. Syndofferet var blodig, men dyret vart ikkje brent på alteret men utanfor leiren. Blodet vart derimot stenka el. skvetta framfor forhenget, på røykofferalteret og på brennofferalteret. Røykofferalteret stod inne i det heilage, medan brennofferalteret  var ute i føregarden. Og blodet talar om forsoning og ein rett adgang til Gud. - Det gjorde Jesus for oss. På krossen vart alle synder sona, og me kan nærma oss Den Heilage Gud og blir frelst. Jfr. Rom. 3, 25; Hebr. 10,12-20.
.
     Den andre bukken var Asasel el. syndebukken, v. 10. Den skulle ikkje drepast. Aron skulle nå bekjenna folket sine synder og ”leggja dei” på hovudet til bukken, v. 21. Slik overførte han syndene frå Israels folk til bukken. Folket bar dei ikkje lenger, dei var fri sine synder. For nå leia dei bukken ut i øydemarka. Her står eit fint ord: ”Og bukken skal bera alle misgjerningane deira med seg ut i villmarka”, v. 22. Dei eksisterte ikkje lenger. Dei var løyste frå synda og fri dommen.
.
       Det gjorde Jesus. Han sona våre brot mot Gud, og har teke synda og bore den bort. Ordet i v. 22 er ”Lambanå” i LXX som tyder å ta den ved handa, ta den på seg. Same ord er brukt i Fil 2, 7 om Jesus: Han tok ein tenars skapnad på seg. Som me tar på oss klær, slik tok syndebukken folket si synd på seg. Kol 2, 14: Jesus  strauk ut skuldbrevet – ved at han tok det bort då han nagla det til krossen. Eit sterkare ord, ”airå” som tyder å fjerna noko. Han tok synda bort ved å fjerna den.
.
     Jødisk tradisjon har eit tillegg her: Vegen ut i øydemarka var delt inn i 10 stasjonar, der ein mann skulle berre skulle gå til den eine stasjonen og der var ein ny mann som tok over. Den siste mannen skulle føra bukken ut til eit berg og styrta den utfor klippen. Slik ville dei understreka endå sterkare at synda skulle bli heilt fjerna, den aldri kom attende til folket. Om vår synd. Me skal aldri møta den att.
.
     Det siste me tar med oss nå, er v. 29 og 31: Dette skulle vera ei evig lov og dei skulle ydmyka seg. NB seier faste, medan ”Guds ord 1997” skriv: Ydmyke sine sjeler. Og slik er det vel: I Guds nærleik vert me audmjuke. Me ser vår synd og fortener ikkje frelse. Me må berre bøya oss innfor den Allmektige. Nåden er nåde.
.