onsdag 31. mars 2010

202) 2. Mos. 16,1-5.


Mat.
202) 2. Mos. 16,1-5.
.
Nå talar Moses om vandringa. Dei trong mat og drikke på reisa. Jødane knurra fleire gonger når det såg dramatisk ut. Gud gav dei det ved under då Moses bad.
.
Her handlar det om brød og kjøt. Då fekk dei manna og fuglar. Me finn dette omtala også i Salme 78,24-25 og Joh.6.
.
Jødane var i øydemarka og sakna mat. Det er i øydemarka Sin, før dei kom til Sinai. Dei hadde opplevd Elim, der fekk dei vatn, og i Mara fekk dei vatn ved eit under. Nå knurra dei, for 3. gong. Mange meinte dei ville døy. Gud sende då manna, også det ved eit under. Dei hadde dette til mat i 40 år, på heile reisa. Dei forstod det ikkje. Ordet ”Man” tyder: kva er det. Jesus sa om seg sjølv: eg er livs. brød. Kva fortel det?
.
1. Sendt frå himlen, v. 4. Joh. 6,51.
Guds hjelp og frelse kan aldri forklarast logisk eller vitskapeleg.  Gud greip direkte inn på sin måte, og Moses var hjelpelaus. I Egypt fekk dei mat - av jorda. Gud ville ikkje dei skulle døy her. Dei burde forstått det!  Menneska er ofte blinde for dei åndelege ting.
.
Gud hadde mat alle stader, frå sitt forråd og store lager. Slik er Jesus – han er sendt av Gud som Guds son. Underet var at Gud sende det. 5. Mos. 8,16: Fedrane hadde ikkje høyrt om det før. Nå gjorde Gud noko nytt.
.
2. Det var livsnaudsynleg.
Det fanst ikkje anna mat i øydemarka, v. 13.  Dei fekk vaktler og dogg – fuglar og manna.  Det var den einaste hjelp og mat dei hadde nå. Utan dette var det berre døden. Livet er ei øydemark, utgangen er berre evig død. Det fins eit brød, livsens brød, Joh. 6,35.
Alle fekk det gratis.
.
3. Den måtte hentast inn.
Folk måtte ut på marka og sanka inn, kvar til sitt telt. Det måtte skje kvar dag, det kunne ikkje lagrast, mannaen måtte alltid vera frisk. Men ikkje på sabbaten, det var heilagdag. Då var det ikkje manna, v. 25f. Difor var dette eit under. Gud gav det. – Dei skulle ikkje gøyma noko dei andre dagane heller.
.
Men nokre var ulydige, v. 20, då kom det makk i maten. Det er vantru å gjera mot Guds ord.
Gud hadde ei meining med det. Han ville visa at dei ikkje levde berre av den synlege, vanlege maten. Guds ord er óg mat for oss. 5.Mos. 8,3. Dette brukte Jesus då han vart freista i øydemarka. Han siterte det ordet for djevelen. Mat. 4, 4. 
.
Alt er gratis, trass i knurr - det viser nåden. Kva er denne maten som Jesus nemner i Joh. 6? Jesus ga livet sitt på krossen for å betala vår synd. Difor ser me ein skugge av forsoninga her. Vår åndelege mat er å lesa og tru det Ordet forkynner om Jesu frelsesverk.
.
4. På heile ferda.
Det varde like til grensa, v. 35. Josva 5,12. Dei hadde alltid nok, og aldri var det for lite. Slik forsyner Gud sine.  Slik er Jesus, Joh. 6,53f. Å tru på forsoninga og evangeliet er nok.  Det er frelse. Og me treng det kvar dag.
.
5. Dei skulle ikkje gløyma det, v. 32-34.
Noko lovkista. me skal minnast Guds godleik. Der låg det til minne om denne maten gjennom alle tider så lenge paktkista var der.
.
Prøve.
Gud ville prøva dei. Om dei ville gå Guds veg. Slik er Gud alltid, prøver oss. Ville dei lyda Guds ord? Og: Stod dei prøven? Dei fekk nok kvar dag. Men ikkje på sabbaten - den var heilag. Fredag samla dei dobbelt. Ikkje alle var lydige. Nokre samla meir andre dagar, var dei late? Det kom makk i det, vart gammalt, ubrukeleg, lukta vondt, v. 20. Er det vår kristendom?
.
6. NT og nå.
Kva er manna nå?  Joh. 6, 31-35. 48-51. Jesus er brødet. V. 53. Hans lekam og blod, står det. Og det er ikkje berre nattverd - den var ikkje innstifta då. Og i Salame 78, 24f seier Asaf: Herren let manna regna over dei til føde i øydemarka, han gav dei korn frå himmelen. Ja, menneske åt englebrød, seier han. Og dei vart mette. Det er himmelmat og englebrød me får i Guds ord.
.
Men: han skulle gå til Golgata og døy. Blodet skulle sona synda. Dei skulle eta det - dvs. personleg tru og tileigning.  Jesu frelsesgjerning blir min. Dvs. det han gjorde blir mi einaste von og redning. Dagleg kan eg ta imot hans frelsesverk, men la det ikkje bli vane eller sjølvsagt. Manna varte heile tida i øydemarka, heilt til grensa.  Me treng hans frelse heile livet -. Men ikkje på den andre sida av grensa.

Og: me vil seia til andre: der er nok til deg og!
.