tirsdag 16. mars 2010

192) 4. Mos. 20, 17.


Kongevegen.
192) 4. Mos. 20, 17.
.
Då Israel reiste vidare gjennom øydemarka, brukte dei den såkalla Kongevegen, jfr. kap. 21, 22. Nå reiste dei frå Kadesj til fjellet Hor på grensa til Edomslandet, v. 22. Der døydde Aron, og sonen Eleasar vart nå øvsteprest. Kongevegen var ein hovudveg frå Egypt til Mesopotamia, så det var ikkje uvanleg at det reiste folk der.
.
Det spesielle nå var at Israel var eit heilt folk på om lag 2 millionar menneske og i tillegg ei mengd husdyr. Difor måtte Moses gå varsamt fram og spurte om lov til å gå gjennom eit land. Då han ikkje fekk det, måtte dei ta ein omveg for å koma på austsida av Dødehavet.
.
Denne reisa er eit bilete på kristenlivet. Me er óg på reis, og me har himmelen som mål. Her finn me ulike sider ved kristenlivet og helginga vår. Difor skal me sjå litt på korleis kongevegen var.
.
1. Etter påske.
Dei byrja ikkje på denne vegen før dei hadde vore gjennom dei blodstenkte dørene i Egypt med påskelammet. 2. Mos. 12. Dei måtte først forlata det syndige Egypt før vegen tok til. Og etter Sinai hadde dei og stadige offer med blod som vitna om synd og soning. Ei serleg hending var nok hendinga med koparslangen, 4. Mos. 21.
.
Israel var utskilde frå verda og den verdslege levemåte der folk var opptekne og gull og makt og moro. Romarriket mange år seinare er eit godt døme på det. Der var slagordet: Gi oss teater og brød. Det var hovudsakene i livet.
.
Livet med Gud er på ein heilt annan måte, anten det er i øydemarka saman med Moses eller som kristen i dag. Me byggjer livet vårt på Jesu blod, som gir oss kraft, frimod og hjelp gjennom livet. Somme seier det er gammaldags. Realiteten er at Guds rike aldri vert gamalt. Det er det same gjennom alle tider. Gud er den same og menneska er i sin grunn alltid likt.
.
2. Gjennom fiendeland.
Det var ikkje alltid idyll og rolege tider på kongevegen. Dei reiste ikkje gjennom ei øydemark utan folk. Her var fleire kongerike, og dei var skeptiske til den store folkemengda som kom strøymande oppover landet. Det var strid og motstand, og dei måtte ta omvegar for å koma fram. Det var edomittar og moabittar m. fl.
.
Her har me det på same måte. Me har kamp mot makter og herrar i himmelrommet. Ef. 6, 12. Den store fienden er djevelen som går ikring som ein motstandar, 1. Pet. 5, 8. Jakob seier at me skal stå djevelen imot, og då vil han dra seg bort, Jak. 4, 7. Vår herførar er storre en dei vonde makter. Jesus er sigerherre over alle. Denne kampen tar ikkje slutt før me er heime i himmelen for godt.
.
3. Ein spesiell veg.
Denne vegen er annleis enn alle andre vegar som gjekk gjennom øydemarka. Det ser ut for at folket reiste mest kva veg dei ville. Øydemarka er jo open slette utan skog. Det viktigaste var at dei fann vatn der dei for.
.
Kongevegen var derimot meir synleg ettersom det var ein hovudveg mellom sør og nordaust med Egypt og Babel og Assyria i den andre enden. Det var ein likande veg som gjekk langs kysten, men dette er vegen inne i landet på austsida av Dødehavet. Me har eit likande uttrykk i Jes. 35, 8 om ein hovudveg.
.
Åndeleg tala kan dette tyda at dei ikkje skulle blanda seg med heidningane. Dei skulle vera eit annleis folk, og difor levde dei på anna vis enn andre. Og det høver godt med den kristne tanken om at me er eit heilag folk som går på ein ny og levande veg, jfr. Hebr. 10, 20. Sjå óg 1. Pet. 2, 9-12.  Dei skulle ikkje ta noko, heller ikkje vatn, kap. 21, 22. For Herren skal syrgja for alt, v. 16.
.
4. Det var ein veg med siger.
Israel opplevde mykje kamp og strid gjennom åra i øydemarka. Det kom serleg mot sluttet då dei skulle reisa gjennom land der det budde folk. Men dei nådde fram. Det visre at dei sigra heile vegen og nådde det målet Herren hadde sett for dei. Årsaka var at Herren var med dei som hærførar og stridsmann. Løysingsordet er kap. 21, 34: Eg har gjeve han i di hand.
.
Som kristne er me på åndeleg vis i samme situasjon. Me er i kamp heile livet. Nokre gonger er det meir intenst, medan andre dagar er rolege. Men me slepp ikkje fri så lenge me er her på jorda. Det er som songaren syng: ”Så lenge vi er her på jorden, vi plages daglig av vår synd…”
.
Då seier Bibelen: Ta på Guds fulle hærbunad … så de kan gjera motstand på den vonde dagen, og stå etter å ha vunne over alt. Ef. 6, 13. Og om nokre i himmelen er det sagt slik: Dei har sigra over han – i Lammet sitt blod. Åp. 12, 11.
.
Og ei viktig side ved dette er at vegen er ein bøneveg. Kap. 20, 3 og 16 .
Jesus er vegen. Fylgjer du han, kjem du fram til himmelen. Joh. 14, 6.
.