lørdag 30. januar 2010

108) Jes. 25, 6-9.


Gjestebod !


Historisk sett er det tale om utfriinga av jødane frå Babel og anna naud dei var i. Vidare er det om nåden og frelsa i Kristus, og i forlenging av det om vår oppstode i Kristus. Då skjer det som står i 1. Kor 15, 54: Døden vert slukt opp til siger. Det er altså ein profeti om frelsa både nå og i æva. Og då er det eit flott ord å ta med seg her.

På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud, gjera eit gjestebod for alle folk, ... med feite retter. --- Han skal gjera til inkje det sløret som sveipar seg kring alle folka. --- Han skal gjera døden til inkje for evig.

Lat oss notera noko om frelsa vår her:

Frelsa er ein fest! v. 6. Slik er han omtala i NT og: Eit bryllup i Mat. 22 og eit gjestebod i Luk. 14. Det er ein glad forsamling.

1. Det er Gud som innbyd - den Allmektige som ber syndarar koma! Det er eit under. Og då blir festen slik han vil og kan laga den.

2. Her er alle invitert. Det er jødar og heidningar, store og små i samfunnet og i alder, fattige og rike. Det er nok til alle og rom for alle. Ingen er for elendig til denne festen. Ved borda vil det sitja folk frå alle folkeslag og slekter. Op. 7.

3. Festen skal vera på Sions berg, kap. 24, 23. Guds folk er det nye Jerusalem. Der er festen og dit er me innbedne. Songaren syng så fint:

Guds menighet er jordens største under! Mens verdens skikkelse i hast forgår, er Kristus i all evighet den samme, og fast hans rike på sin klippe står. Mens verdens riker stiger og de synker, går kirken mot fullkommenhetens vår. (Ronald Fangen i 1942, midt i verdskrigen).

Me kristne lever ikkje isolert. Me søkjer til samfunnet av dei heilage og kjenner oss heime hjå andre kristne. Me har erfart det salmisten skriv: Ein dag i dine føregardar er betre enn elles tusen. Salme. 84, 11.

4. Det er meir enn nok av alt til alle. Og berre det beste blir servert. Den allmektige Gud innbyr og han eig alt og gje oss alt.

- Det er feite retter som gir god næring og styrke på himmelvegen.
- Det er margfulle retter som gjøkalven i Luk. 15. Det er og eit uttrykk for styrke og kraft.
- Det er klåra, gamal vin. Det er den beste og er då reinsa frå alt rusk som er falle til botn.

Slik er evangeliet, ordet om Jesus og hans verk. Det er hans nåde og frelse og fred. - Det er det sæle innhald og vår åndelege mat.

Og Gud skal ta bort sløret som ligg over alle folk slik at dei ikkje skjønar kor stort evangeliet er. Og det skjer med kvar einskild av oss når me vender om. 2. Kor. 3, 16.
Har du kome til han? Det er ennå rom - nå i dag!
.