fredag 29. januar 2010

105) Jes. 40, 10-11.


Gud kjem til oss.
105) Jes. 40, 10-11.


Denne teksten talar om at Gud vil koma til folket. Menneska kan aldri røma bort frå Gud. I Salme 139, 5 er det sagt slik: På alle kantar er du kring meg. Han vil innhenta oss før eller seinare, for som skapar og Herre har han rett på oss. Og dette stiller oss til ansvar.

Mange ser ut til å ikkje bry seg. Dei har liksom avskrive han. Men Gud lever likevel. Og han kjem til oss på to måtar.

A. Han kjem med velde, v. 10.
Det viser at Gud er mektig, han er i stand til alt. Det ser nok ikkje slik ut i dag. Det ser nokre gonger ut som om Gud er død, som ein engelsk biskop sa for mange år sida. Eller at han kanskje har gitt opp.

Det vonde herskar mange stader nå. Kva meiner Gud med det? Mange av oss truande lir og tenkjer: Korleis skal det gå med folket? Det er lite vekking og mange ser ut til å vera sløve. Verda turer fram på sin måte uanfekta. Og skulen har langt frå den kristne basis den ein gong var bygt opp på. Djevelen er på offensiven.
Har kristendommen nokon sjanse? DET må fylla oss med naud.

Slik var det for profeten. Han såg folket profetisk i fangenskapet i Babel. Han visste me ville tvila og vera freista til å gi opp. Då sa han: Sjå, Herren kjem. Det er og vår von. Det er ein lovnad me må halda fast på. – Han kjem med velde og makt, og det tyder:

1. Han kan gjera folket sitt fri. Gud er med sine. Og det skjer i rett tid og på hans måte.Det har alltid vore slik, sjølv om me ikkje skjøna alt han gjorde. Det ser me t.d då Jesus vekte opp Lasarus, Joh. 11, 40. Der sa Jesus til Marta: Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du sjå Guds herlegdom. Og Moses skriv i Salme 90, 4: Tusen år er som dagen i går for Gud. Men det er ikkje lett å tenkja slik for oss alltid. Me har det ofte travelt og vil sjå utfriinga straks. Jødane måtte vera 70 år i babel før fridomen kom. Det tålmodet må me og læra.

For oss gjeld det i alle slags trengsler. Gud er med oss og vil fria oss ut. Til så lenge må me seia som Moses: Ein bustad er den eldgamle Gud. 5. Mos. 33, 27. Ta din tilflukt der og du er trygg.

2. Gud kjem og med dom. Det gjeld både verda og Satan. Guds rike skal sigra til sist. Domen vil koma – den kjem og i Guds time. Lat oss berre rekna med Domedag, kjære folk. Det er Guds tale og ikkje vår. Op. 20, 11ff.

B. Dinest kjem han som hyrding. V. 11.
Det viser oss korleis han er med sitt folk. Biletet er kjent både i GT og NT. Og Israels folk skjøna det godt når nokon tala om hyrdingen. Det viser at Gud tek seg av oss slik hyrden hjelper sauene.

Frå GT er Salme 23 godt kjent for folket. Der skriv David at Herren er hans hyrding. Han set altså si lit til Gud. Og Jesus seier i Joh. 10, 11: Eg er den gode hyrde. Det er han som kjem til oss. Han er vår von og vår redning. – Kva skal hyrden gjera?

1. Han skal gjeta sauene. Han vaktar dei mot villdyra, ulven og reven og løva og mot røvarar. Djevelen er aktiv mot Guds folk. 1. Pet. 5, 8 seier: Han går ikring som ei brølande løve. Han lokkara oss kristne til synd, til å verta sløve og likegyldige i gudslivet vårt og enda som ein lunka og fråfallen.

Skal me bli berga i ei slik stund, må me halda oss når til Gud. Slik seier Ordet. Jak. 4, 8. Det er ikkje ei lovisk haldning om noko eg må gjera. Det er ei åndeleg lov i Guds rike. Hvis du ikkje vil frysa ute ein vinterdag, du ta på deg mykje klede. Det er berre slik. – Noko av det same gjeld om me skal verta brukt av Gud til å vinna sjeler. Den sløve og kalde kristne kan lite brukast av Gud. Han treng varme sjeler i misjon og arbeid i Guds rike.

2. Han skal bera dei i armen. Dei veike og dei små treng ein ekstra sterk arm om segt. Og er me ikkje alle det? Jesu vil ha barna – han velsigna dei. Mange er ute etter barna i dag, for dei er framtida. Er kristne heimar vakne for det nå? Fortel du dei om Jesus og leier dei inn til han?

Ve over dei som forfører ein av desse små, sa Jesus ein dag. Eg trur det er mange slike forførarar nå. Nokre tek politiske grep som gjer at dei mest aldri får høyra om Frelsaren. Korleis kan dei velja rett når dei ikkje kjenner anna enn TV og banning på gata og anna verdslegdom? Her har djevelen gjort eit grundig arbeid. Guds folk må ta dette arbeidet frå han! For Gud elskar dei små.

3. Han vil bera oss. Alle kan bli trøytte i livet. Og somme dagar og tider er verre enn andre i så måte. Og det er ikkje synd å bli trøytt. Det fortel at me arbeidar og strevar for våre. Ein ting er at me gjerne må sjå etter om me gjer noko unaudsynleg, som ein like godt kunne lata liggja til ein annan gong.

Men når trøytleiken er uunngåeleg kan me gå til hyrden. Han vil bera oss, står det. Luk. 15, 5. Og dei som ventar på han, får ny kraft. Det er ei god sanning at Jesus tek seg av den skrøpelegte og elendige. Lat oss takka for det.

4. Han skal leia lamsauene. Han fører dei på rett veg når me berre let han sleppa til og let oss leia. Då går han med oss heilt til porten der me kjem inn til slutt i himmelen.

5. Hyrden set livet til for sine. Joh. 10. 15. Det tyder at han gjer alt for å berga sine. Ikkje noko offer er for stort då. Det viste han på krossen. Då døydde han for oss, og tok bort skuldbrevet. Har du teke imot han?