fredag 29. januar 2010

97) Jes. kap. 53, 1-5.


Langfredag.
97) Jes. kap. 53, 1-5.


Dette er ein veldig tekst. Det er Langfredag i det gamle Testamentet. Det er som ein reportasje frå Golgata, med ei mektig forkynning om Messias. Han skal vera frelsar for heile verda.

V. 1 tek til med spørsmålet: Kven trudde den bodskapen me høyrde? Tragisk nok var det få som trudde. Og dei fekk det openberra av Guds Ande, ingen andre vil tru slike ord. Dei er imot all fornuft, og me treng den himmelske visdomen for å fatta det. Den får me og i møte med Jesus, som er visdomen. Kap. 52, 13f.; 1. Kor. 1, 29-31.

Det er mange som stenger seg sjølv ute frå frelsa av di dei ikkje vil ta imot Jesus og høyra om han.
I første omgang var det jødefolket det handla om. Det var til dei han først var send. Men mange ville ikkje ta imot, Joh. 1, 11. Og i endetida vil truleg mange jødar som heidningar spørja seg sjølv og kvarandre: Kven var det som trudde? Svaret er enkelt: Det var syndarar som såg dei trong nåde.
Her stansar me ved 4 sider ved Jesus Messias:

1. Han var liten og ringe, v. 2.
Han var som ein kvist av turr jord: Jesus vart fødd som eit lite menneskebarn i eit okkupert land. Det gav lite von. Han var som eit rotskot. Det var lite, men det hadde liv i seg og difor var det von her.
Han hadde ingen herlegdom og ingen skapnad som folk ville sjå. Han kom som menneske og var forakta av dei store. Til slutt akta dei han som ei røvar og vart drepen som røvar. Det var lite å ha som leiar og redningsmann. Det å vera liten vil folke ofte støyta seg på.

Verda er motsett. Dei ser opp til dei store og ventar av ein leiar at han skal vera større enn folk flest. Den verdslege ånda har ikkje tru på det som er lite. Jo større jo betre.

Bibelen seier noko anna. Paulus skriv til korintarane: For dykkar skuld var han fattig for å gjera dykk rike. 2. Kor. 8, 9. Og til ein annan kristenflokk skriv han: Jesus tok ein tenars skapnad på seg og nedra seg sjølv. Fil. 2, 8-9. Det er grunnen til det neste:

2. Jesus var forakta.
Det var reaksjonen på Jesu menneskelege liv. Ein slik mann kunne ikkje vera frelsar for folket. Han var difor vanvørd og rekna for inkje. Folk foraktar ofte det svake og ser opp til det sterke og store. Ein boktittel var talande ein gong: ”Vår forakt for svakhet.” Likevel har songaren rett: ”Vidunderligst av alt på jord er Jesu Kristi rike.

Men Jesus kom ikkje som konge den gongen. Då ville nok mange bøygd seg i undring og tilbeding. Men først måtte Jesus gjera ei heilt annan gjerning.

Då han kom, såg dei ikkje at han skulle skapa eit åndeleg rike av frelste syndarar. Det er i grunnen underleg at jødefolket ikkje såg det. Ingen kjende Skriftene slik som dei. Og her står tydeleg om ein lidande tenar. Dei undra seg og vart forferda, kap. 52,14. Så ufatteleg og fråstøytande var dette.

I ein moderne jødisk studiebibel (for GT!) er det sagt om dette avsnittet (kap. 53) at det ikkje viser til Messias, av di han ikkje er omtala andre stader i denne delen av Jesaja. Men dei viser til den gamle Targum der tenaren fleire stader (i ulike Midrasjim) er identifisert med Messias. Det viser at det har vore ulike meiningar om desse versa.

3. Kvifor kom Jesus?
Kva var gjerninga hans? Det er hovudsaka.
Svaret er: Han kom som ”stedfortredar” for oss. Han skulle lida i vår stad. Det ser me klårt frå v. 4-5.
Grunna er synda. Det kjem att gong etter gong i Bibelen. Synd er fleire ting. Det er å bøya av frå Guds veg og bryta Guds bod og ikkje nå det målet Gud har sett for oss. Våre sjukdomar er bilete på alle lidingar og det som gjer vondt. Ikkje minst har me åndelege lidingar.

Pinslene våre bar han, og han vart såra på grunn av våre synder. Det er kanskje eit svakt uttrykk. Men det aukar i intensitet: Han vart knust og dermed gjort til ingen ting. Det er som med druer eller glas. Dei vert øydelagde.

Jesus vart og straffa – etter rettargong og dom. Han måtte bera det andre skulle ha vore. Det var me som var skuldige. Men han tok alt på seg. Det er sterke ord. Vår synd og skuld og misgjerning vart hans. Han tok det alt.

Forsoninga er at Gud let Sonen sin lida for vår synd og tok vår dom. Heile Bibelen vitnar om det. Dette er ein profeti som gjekk i oppfylling på krossen på Golgata. Gjeldsbrevet vart innløyst og alt er fullbrakt.

Fleire ord i Bibelen seier noko om dette: Kol. 1, 20 og 22; Kol 2, 14-15. Joh, 1, 29. Mat. 27, 29-44. Og Luther skriv i den vesle katekisma: Han har atterløyst meg fortapte og fordømde menneske, kjøpt meg fri frå alle syndene mine.

4. Resultatet:
Etter Golgata kan alle syndarar blir frelste personleg. Dei kan koma til Jesus utan gåver og gode gjerningar. Han står og ventar på syndarar som vil erkjenna synda.

Me kan bli fri synda, det vonde samvitet og uvissa for døden og æva som mange gruar seg for.
Då får du fred. Sjela får kvila hjå Gud. Og du får lækjedom for syndesåra. Synda blir tilgjeven og stroken ut. Og alt dette er nåde. Me får det gratis ved trua på han. For alt er ferdig. Me kan kvila i at det er fullbrakt.
- Kven trudde dette? Kven får sjå frelsa med sitt åndelege auga?

Den fattige, angrande syndaren. Ikkje dei kloke eller dei store og mektige. Men dei som ingen ting åtte. 1. Kor. 1, 26.

Du er vel ein av dei?