onsdag 20. januar 2010

73) Jer. 11, 3.


Forbanna.
Jer. 11, 3.
.
Ordet forbanna er alvorleg. Me møter det fleire gonger i Bibelen. I denne teksta gjeld det dei som ikkje vil høyra det Gud seier i si pakt. Og det gjeld alt Guds ord. Vårt tilhøve til det vil avgjera vår plass i æva. Å vera forbanna av Gud er å vera under hans dom. Der kan ingen gøyma seg bort og heller ikkje forsvara seg. Gud er allvitande og tek aldri feil når han dømer eit menneske.
.
Lat oss nå sjå på nokre stader i Skrifta der me møter ordet ”forbanna”.
.
1)
Den første gongen me ser dette ordet er i Eden. Der seier Gud til slangen etter syndefallet: Du er forbanna. 1. Mos. 3, 14. Han hadde forført Guds høgaste skapning og ført folket ut i synd og mørke bort frå Gud. Som eit resultat av det skulle jorda vera forbanna for hans skuld, v. 17.
.
Etter denne alvorlege dagen har alle menneske levd under domen. Me er under Guds vreide og dom av di me alle har synda.
.
2)
Den andre gongen me møter forbanninga er då Kain slo broren i hel, 1. Mos. 4, 11. Då sa Gud: No skal du vera bannlyst frå jorda. Drap er ei stor synd, ho kan ikkje rettast opp att når eit liv er gått tapt.
.
Livet høyrer Gud til, og ingen kan eller skal ta seg til rette og ta liv. Slik er livet heilagt, og menneske sjølv skal ikkje røra det. Men når Gud seier at ein skal ta liv, kan det skje. Det gjorde han i Israel nokre gonger og sa at folk skulle dømast til døden. Men me skal vera svært restriktive med det, utan at det kan vera absolutt.
.
3)
Neste gong me møter forbanninga er på Noahs tid. Då var det ikkje berre einskilde menneske som braut Guds lov og levde grovt i synd, då hadde synda nådd heile folket, og den var stor. 1. Mos. 6, 5 og 11f. Nå viser forbanninga seg at Gud dømer folket til undergang. Berre ein liten familie slapp fri. Gud ville visa at han hadde makta og at han meinte det han sa i sitt ord. Gud ville ikkje at dei skulle synda slik, og rettferda hans sa at straffa måtte koma.
.
At dette var ei forbanning frå Gud, ser me i 1. Mos. 8, 21. Gud tenkte med seg sjølv at han ikkje meir ville forbanna jorda på grunn av menneska si synd. Alt levande skulle ikkje gå under på denne måten meir, v. 22. Det tyder ikkje at Gud aldri meir skal døma folket, men det skal ikkje skje på denne måten.
.
Me finn ordet forbanna el. l. ikring 166 gonger i Bibelen. Me skal ikkje gå gjennom alle dei, men trekkja ut nokre få til. Det gjeld både einskildpersonar og heile folk.
.
4)
Moses lyste velsiging over dei som lydde Guds ord og forbanning over dei som ikkje gjorde det. 5. Mos. 11. Det er ein slags profeti om det som skulle skje seinare ved Josva når dei kom inn i landet. Og dette kjem att i kap. 27ff., der han gjev føreskrifter om kvad ei skulle gjera når dei kom inn i Kana’an. På Garisim-fjellet skal velsigninga lysast og forbanninga på Ebal-fjellet.
.
Heile tida er spørsmålet om dei er lydige mot Guds ord eller ikkje. Tek dei Guds ord alvorleg, vil dei ikkje synda så grovt og med vilje som dei ofte gjorde. Det kjem klårt fram i 5. Mos. 28, 1f og 15: ”Dersom du no høyrer på røysta åt Herren din Gud så du aktar vel på å halda alle boda hans, som eg gjev deg i dag,  då skal Herren din Gud setja deg høgt over alle folka på jorda. Og alle desse velsigningane skal koma over deg…”
.
I v. 15 kjem det motsette: ”Men dersom du ikkje høyrer på røysta åt Herren din Gud, og ikkje aktar vel på å hald alle boda og lovene hans, som eg gjev deg i dag, då skal alle desse forbanningane koma over deg og nå deg.” På kvar stad er her opprekna mange ting som Gud vil gjera.
.
Heile tida gjeld det altså kva stilling me tek til Guds ord. I den gamle pakta var det spesielle lover for det utvalde folket. Men Guds ord gjeld for alle folk. Å høyra tyder ofte i Bibelen å gjera det me høyrer, altså vera lydige mot Guds ord og tale. Det er ikkje noko som berre gjeld jødane. Gud har talt til alle folk, og me står ansvarlege for Gud med våre liv. Difor ligg det forbanning over kvar ein som syndar og ikkje gjer opp si sak med Gud.
.
Noko av det siste som står i GT er nett ei forbanning: ”Forbanning har råka dykk,” skriv profeten Mal. 3, 9 (sml. 1, 14 og 2, 2). Folket vende ikkje om frå synda. Og då gjekk det til og med slik at Gud forbanna velsigninga, 2, 2.
.
5)
I N.T. ser me noko av det same, men også noko nytt. Jesus kallar dei gudlause ”forbanna”, og dei skal gå bort til den evige elden, Mat. 25, 41. Det er ikkje noka endring på deira endelikt. Dei gudlause må ta domen over livet sitt.
.
Paulus viser oss så storleiken i evangeliet, t. d. i Gal 3. På den eine sida seier han at dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning, v. 10. Her viser han til GT og seier det er skrive der. Det er Guds ord. For det er ikkje ved vårt eige liv me skal eller kan verta frelste. Det hender berre ved tru.
.
Då viser Paulus oss kva som var naudsynleg. Synda måtte sonast, og då måtte andre ta forbanninga og fortapinga på grunn av synda. ”Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga under lova ved at han vart ei forbanning for vår skuld,” v. 13. Her viser han også til Skrifta. 5. Mos. 21, 23.
.
Så er vegen open for alle syndarar. Me kan berre koma. Om du kjenner deg aldri så dømd, er det plass for deg. Kom i dag! Jesus helsar deg velkomen inn i fridomen.
.