fredag 1. januar 2010

65) Jer. 31, 1-.

Ei ny pakt

Jer. 31, 1 -.

.

I Bibelen er det fleire pakter. Men det er to store hovudpakter – den gamle og den nye pakt. Og den nye pakta er betre av di ho er lovfest (eller grunnfest) i betre lovnader, Hebr. 8, 6. Eit godt ord om dette finn me i profeten Jeremias kap. 31, 31ff.

Pakt tyder ein avtale, ofte skriftleg, som i eit ekteskap. Der er det både krav og lovnad. Den gamle pakta var ikkje fullkomen, Hebr. 8, 7. Den vart til på Sinai og var tosidig og midlertidig og avgrensa til jødar. Alt avhang av om dei kunne halda lova på Sinai. Det kunne ingen.

Difor var det naudsynleg med ei ny pakt. Den er annleis, Hebr. 8, 9. Om folk skulle bli frelst, var ein ny pakt naudsynleg. Og det var i Guds plan frå æva av, men Gud har klarlagt det gradvis.

Denne nye pakta er einsidig. Det kjem fram nedafor. den er godt forklart i Jer. 31.

1. Pakta er av Gud, v. 31.
Eg gjer ei ny pakt, seier Herren. I den gamle pakta måtte menneska gjera gjerningar for å bli frelst. Paulus skriv i Rom. 10, 5: Den som gjer det, skal leva. I den nye pakta er alt av Gud, og det lukkar alt vårt eige ute. Difor er det nåde – for inkje og utan forteneste. Dette er ei hovudsak for Paulus, t.d. Gal 2, 16. Og me lærer dette seint. Det ligg i vår natur at me skal hjelpa til og ha litt ære for alt. Men Paulus skriv i Romn. 3, 27: Kvar er då vår ros? Den er utestengd. Her var og Luther sin kamp. Kyrkja hadde innprenta han at gjerningar var naudsynlege. Då han såg evangeliet om nåden, skreiv han: Trua grip Kristus.

2. Pakta er for alle, v. 34a.
Hebr. 8,11 seier og det: Alle skal kjenna meg. Det gjeld ikkje berre jødar og gode menneske. Her er alle medrekna. Evangeliet er og for taparen. Det er heller ikkje nokre spesielt utvalde dette handlar om, slik somme lærer. Nei, frelsa er for verda, Johannes. 3, 16. Og det er alle som bur her. Paulus skriv klårt om det: Gud vil at alle menneske skal bli frelst, 1. Tim. 2, 4. Og Peter seier det same: Han vil ikkje at nokkon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending, 2. Pet, 3, 9. Ikke en så ussel er at ei Jesus har ham kjær.

3. Pakta inneber full tilgjeving, v. 34b (Hebr. 8, 12).
Synda er tilgjeven og gløymt av Gud når me vender om. Det er ein grunnpillar i kristendommen. Dette bygger på Guds miskunn og Golagta. (Jfr. Hebr. 10, 12.14. 16.) For alle synder – det gjeld heile livet og ikkje berre fortida. Han tilgir igjen og igjen og igjen. ”Han glemmer msin syn der ved Golgatas høy.” Synda er så å seia gravlagd og borte for alltid. Mika 7,19: Han har kasta dei i havets djup. Jfr. Jes. 43, 25 og 44, 22.

I syndsforlatelsens rike, fortapte synderes hvilested, der Gud me slekten har sluttet fred, der Satans makter må vike…

4. Pakta gir oss ei indre lydnad, v. 33-34.
Det er ikkje tvang å leva etter Guds vilje og ord. Me har fått eit nytt hjarta og dermed ein ny vilje som vil gå Guds veg. Esek. 36, 26ff. Hebr. 8, 10-11. Den nye natura vår har faktisk lyst til å fylgja Guds veg. Det er ei guddommeleg natur, skriv Peter, 2. pet. 1, 4. Og Paulus skriv i Rom. 7, 22: Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov (NO-78). Elles er det omsett slik: Den har hug til Guds lov. Det er desse Jesus meiner i Johs 4, 23: Gud vil ha sanne tilbedarar.

Men – det er viktig å vita for ein kristen at han framleis har den gamle natura i seg, som slett ikkje vil vera Guds ven. Og det er her kampen står for oss så ofte. Desse to strir om plassen i oss.

5. Det er ei NY pakt.
Det tyder og at den gamle pakta er avsett, den er ikkje brukbar. Hebr. 8, 13. Og det skjedde ved Jesu død, Hebr. 9, 17. Jesu offer var det siste, og då Jerusalem vart øydelagt av romarane, var det slutt på ofringane i templet. Nå gjeld berre Jesu død. Ingen blir frelst utan å tru det. Hebr. 9, 12. 14. Det er det nye som kom, jfr. 2. Kor. 5, 17.

.