torsdag 28. januar 2010

89) Jes. 59, 1-3.


89) Jes. 59, 1-3.

Her er det tale om Isarel med tanke på fangenskapet i Babel. Korleis var det med folket der då? Her ser me åndeleg på det. Korleis stod det til?

V. 1 talar om Guds hand og Guds øyra.

Med tanke på frelse står det ikkje på Gud. Det er aldri hans feil. Han vil høyra syndaren sitt rop, og handa hans rekk ut til alle, kor djupt dei er falne og kor langt borte dei er. Israels si soge viser det.

Han ga mange lovnader, om Messias og berging og frelse. Abraham fekk ein slik lovnad og mange seinare. Gud var tålmodig med folket sitt – slik han er det for oss. Han rekker stadig ut handa og høyrer på oss. Gud har gjort alt. Det er kjærleiken hans som driv han til det.

Guds kjærlighet er langt, langt større enn penn og tunge tolke kan.
Den når høyt over himlens stjerner og ned til dødens mørke land.
Så dypt vi falt, den sonet alt, da Jesus dødens led.
Sitt fangne barn i syndens garn Gud frelste og gav fred.

Difor kan han frelsa heidningar og dei djupast falne. Det har han alltid gjort.

V. 2: Men misgjerningane dykkar.

Der ligg stengslet. Synda er alvorleg – for den er mot Gud. Den set skilje mellom oss og Gud, utan omsyn til om den er stor eller liten i menneskeaugo.

Det er fleire slag synd. I v. 3 les me om hender, fingrar, lepper og tunga som syndar. Det er tale om konkret synd. Og skal eit menneske bli frelst, må me erkjenna og vedkjenna oss synda for Gud – og nokre gonger og for menneske når me har synda mot dei.

Guds bod eller lova er ein kortversjon av Guds vilje. Når me bryt dei, syndar me mot Gud. Og det tek mange i dag ikkje på alvor. Difor må me minna folket om det.

1. Avgudar er ei slik synd. Ein avgud treng ikkje vera av tre eller stein som me tilber. Avgudar er alt me set høgare enn Gud, det du er mest oppteken av og som fyller sjela di og som difor styrer livet ditt. I Luk 14, 18-20 les me om dei som orsaka seg og ikkje tok imot innbydinga til gjestebodet. Det var lovlege ting alt saman. Det var arbeidet, heimen og eigedomen.

Kva var då galt? Det kom i vegen for Guds rike. Og alt det som hindrar Guds rike hjå oss, er avgudar. Då får me ikkje tid for Gud, mange andre ting fyller dag og tid.

2. Guds namn er viktig, for namnet er personen. Har du synda der? Du bryt ikkje dette bodet berre ved å banna. Namnet brukar me og når me be. Ein søndag i året kallar me bededag. Men eigentleg er det bededag kvar dag i året for ein kristen. Har du forsømt noko der?

3. Kviledagen. Kom i hug at du held kviledsagen heilag, står det i dette bodet. Det er lett å gløyma. Red. Arthur Berg i Dagen skreiv for mange år sidan: Tilhøvet til kviledagen viser om me er eit frafalle folk. – Her trur eg er mykje synd mellom oss. Søndagen blir nytta av mange til hagearbeid, plenklypping, reparasjon på hytta, båt og hus. Då har folk gløymt at søndag er Herrens dag og dermed ein heilag dag framfor alle andre dagar.

Norge må ned på kne her. Me har synda mot Gud og krenka han med fritida vår. Den høyrer Gud til.

Desse tre første boda gjeld vårt tilhøve til Gud. Det kjem først og er mest alvorleg. Dei neste boda gjeld tilhøvet til andre menneske. Korleis er me i høve til andre folk med møter?

Her trur eg er mykje hat, uvilje, uoppgjorde saker, pengar og lån. Det ligg og gneg i samvitet og mange prøver å gløyma og bortforklara alt saman. Men så lenge det ikkje er gjort opp med Gud og menneska det gjeld, står synda som ein vegg mellom deg og Gud. Du kjem aldri inn i himmelriket med uoppgjorde synder.

Lat oss ransaka oss og prøva oss sjølve. Og så gjera opp. Gå i bot og bøn til Gud den Allmektige. Gå så til nabo og slekt og gjer ditt for å ordna opp. Betal di gjeld, lever attende det du lånte og erkjenn at du har sagt usant og loge på dei.

V. 20: Ein utløysar for dei som vender om.

Ja, slik står det. Det er Guds lovnad til Sion og alle heidningar – for dei som vender om til Gud. Utløysaren er Jesus fra Nasaret som gjekk til Golgata. Der på krossen betalte han all syndegjeld. Sonen sine hender fekk naglemerke og sår. Då vart kvar synd sona, og difor kan du frimodig koma til han. Det er først då du sjølv får del i den frelsa som var ferdig Langfredag. Kom, for nå er det ferdig! Amen.