lørdag 17. april 2010

228) 1. Mos. 6, 9-22.

Arken.
228) 1. Mos. 6, 9-22.
.
  Arken er bilde på frelse, på Jesus som vår redning. 1. Pet, 3,20; 2. Pet. 2,5; Hebr. 11, 7. Det gir oss mange tankar om kva kristen­dom er.
.
  1) Folket var i naud. 1. Mos. 6, 13.11.
Det var synda som var den store nauda. Difor vart arken bygd. Elles hadde det vore den visse undergang for alt folket.
.
  Her er parallellen med oss klår. Det ligg ein evig dom over heile verda på grunn av synda, heilt frå fallets dag, 1. Mos. 3.  Rom. 5, 12-18.  Domen er evig fortaping borte frå Guds åsyn. Ingen er i stand til å berga seg sjølv.
.
  2) Det var ei lang førebuing før alt var klart.
I heile 120 år  arbeidde dei på arken, 6, 3. Det viser Guds langmod 1. Pet. 3, 20. Han venta på at folket skulle venda om. Difor var denne lange tida ei nådetid.
.
  Frelsessoga var og lang. Gjennom heile GT førebudde Gud frelse for alle og kom med profetiar om det som skulle henda. Han heldt på å bygga vår frelsesark. Den siste spiker vart slått i på korset på Golgata då Jesus ropte: Det er fullbragt, Joh. 19, 30. Då vart døra opna.
.
  3) Dinest ser me at arken var den einaste redning, og den fekk ein avgjerande betydning for menneskeslekta. Det var den einaste utvegen. Utan arken hadde ikkje slekta overlevd. Vatnet stod 15 alen (15 m) over den høgaste fjelltoppen (kap. 7, 20). Då vart alt liv utsletta. Berre dei som sat trygt inne i arken berga livet.
.
  Det er alvoret ved evangeliet og. Det er berre denne eine vegen, slik Peter sa: Det er ikkje gjeve noko anna namn under himmelen som me kan verta frelste ved (Apg. 4, 12). Og Jesus sa det klårt: Eg er vegen... Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg (Joh. 14, 6). Hvis du vrakar han, vrakar du sjølve livet.
.
  4) Men folket måtte gå ombord i arken for å bli berga. Ein for ein måtte dei kome innafor (7, 7). Det var altså ei personleg redning der kvar einskild måtte ta imot den utstrakte handa frå Gud.
.
  Slik er frelsa. Me kan ikkje leva på andre sin kristendom, eller tru at me er gode nok. Me må ta imot evangeliet. Joh. 1, 12: alle dei som tok imot han, gav han rett til å verta Guds born. Med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar me så me vert frelste, Rom. 10, 10.
.
  5) Dette var ei sikker redning. Dei som var innafor var trygge. Dei vart berga. Og det hadde ikkje noko med kor gode dei var eller kor sterkt dei trudde. Dei berga livet avdi Gud hadde sagt det, og dei tok imot det. Det er Guds nåde.
.
  6) Men det var den siste anledning til frelse. Alle dei andre drukna i havet. Dei stod utafor og bad: lukk opp for oss, Herre. Men dette bønemøtet var forgjeves. Dette viser at ein dag er håpet forbi. Døra vert stengt av Herren sjølv, 7, 16. Slik hender det i den siste tid og, Mat. 25, 10.  Då er det forseint. Er du innafort den dagen det skjer?
.
  7) Arken var skjul mot domen, 7, 14. Det var arken si oppgåve. Han skulle berga dei. Han var tjærebreidd både innvendig og utapå.
.
  Det er interessant å sjå at ordet for "bek" eller tjære er kafar på grunnteksta. Det er same ordet som er nytta om soning i GT og t.d. i 1. Joh. 2, 2 på nyhebraisk. Slik arken var stroken og tetta på utsida og innvendes, er soninga fullstendig og sikker for oss.
.
  8) Til slutt nemner me at det var god plass i arken, 7, 14-16. Alle slags dyr kom inn og plassert i tre etasjer. Ingen vart sette utafor. Det er eit flott bilde på frelsa i Kristus. Her kan alle koma: jødar, heidningar, nordmenn og afrikanarar. Her er plass for namnkristne og muslimar. Jesus tok imot alle og hjelpte dei som var i naud. Han helbreda sjuke, tok seg av borna og tilgav synd. Det viser at evangeliet er for alle. Difor må alle få høyra ordet om Jesus. Budskapen skal ut til kvar krok av jorda.
.
  Misjon er å fortelja om arken. Me skal peika på den opne døra og be folk gå inn. Dei må skjøna at det er det viktigaste på jord. Er du med i denne tenesta?
.