torsdag 15. april 2010

225) 1. Mos. 12, 1-5.


Med Abrahams på troens veg.
1. Abrahams kall.

225) 1. Mos. 12, 1-5.


Av Nils Dybdal-Holthe.
.

       Abraham er kalla dei truande sin far, og soga om han står mellom Urhistoria (1. Mos. 1-11) og Israels historie. Ettersom Abraham også er jødane sin far, er dette også byrjinga på det utvalgte folk si historie.
.
       Han blei først kalla Abram, som tyder "opphøgd far". Seinere fekk han namnet endra til Abraham (1. Mos. 17, 5), med tydinga "far til mange folk". Historia seinere vil visa denne skilnaden. Men her vil me heile tida kalla han med namnet Abraham - det er også NT sitt namn på han.
.

1. Slektsoge og kall.

       Første gang me finn Abraham nemnd i GT er i slektsoversynet etter historia om forvirringa i Babel, 1. Mos. 11, 26. Han hadde brørne Nakor og Haran. Haran var far til Lot som me møter i Abrahams historie.
.
       Far deira far var Tarah som vart 205 år gamal. Far til Tarah var Nakor, og me ser altså at Tarah kalla den eine sonen sin opp etter far sin - ein ikkje ukjend praksis både i vårt land og andre stader. Far til denne eldste Nakor var Serug, og fylgjer me hans historie bakover, kjem me til Noahs son Sem.
.
       Slik viser Bibelen her at Abraham var semitt. Og Gud hadde lagt ei spesiell velsigning over Sem si ætt. Noah talte profetisk etterat han hadde vakna av rusen sin og sa: Lova vere Herren, Sems Gud (1. Mos. 9, 26).
.
       Herren var altså Sems Gud, men ikkje Kam og Jafets. Dermed står Sems ætt i ei serstilling. Og det er nettopp Sems ætt som me nå kan fylgja vidare i Bibelen. Gud utvalde ei bestemt ætt, og i den skulle hans frelsesplan skje.
.
       Så skal me sjå korleis Guds utvelging går vidare. Han vel ut ei bestemt line i Sems ætt. For mange andre slekter tilhøyrer også Sems ætt, t.d. arabarane og nokre av Israels nabofolk. Men ei bestemt ætt i den utvalgde ætta ville han bruka.
.
       Slik viser Gud kor suveren han er i alt. Han har rett til det, for alt er hans skaparverk.
.

Abrahams kall. 1. Mos. 12, 1-5.

.
   Abraham er Israel sin stamfar, og han er kalla dei truande sin far. Han levde ikring 1900 år f. Kr. Han viser oss veg korleis livet med Gud er. Denne soga er sann historisk om Abraham, om Israel - og om oss kristne. Det har ein gong hendt slik - og soga er førebilete for oss. Slik Gud handla med Israel vil han handla med oss.
.
  1) Han fekk eit kall: dra ut.
Han skulle dra ut av det heidenske Kaldea. Ur var eit kultursenter på den tid i Sør-Babylonia. Det var i dette område og på denne tida at den "gode" Hammurapis lov vart til. Den har trekk som liknar på Mose lov. Men på same tid var det ein laussloppen moral og seksualitet i landet. Det var her astrologien tok til, som er avgudsdyrking.
.
  Abraham skulle forlata det. I første omgang drog han nord-vestover til Karan. Det var ein viktig handelsby, og her var han til faren døyd­de. Då drog han vidare til Kanaan og hadde dermed sagt farvel til det verdslege Kaldea.
.
  Me får og eit slikt kall. Omvendinga tyder m.a. å forlata denne verda og dens vesen. Me skal ikkje gå i kloster eller skilja oss ut frå alle menneske.  Men me skal forlata det verdslege i levemåte og tenkjemåte, synda og det halvhjarta. Omvending­skallet er å gi seg over til Gud og la han styra vårt liv. Elias sa på Karmel: Kor lenge vil de halta til begge sider (1. Kong. 18, 21). Og Jakob slår fast: Venskap med verda er fiendskap med Gud (Jak. 4, 4).
.
  Det er kallet til oss nå. "Farvel du brede stre­de, du ser meg aldri mer."
.
  2) Kallet var eit offer.
Han måtte forlata alt sitt eige og dei fleste av sine kjære. Han miste altså noko av den jordiske tryggleik og tok til på eit liv i uvisse. Hebr. 11, 8 seier det slik: han visste ikkje kor han skulle koma.
.
  Dette krevde tru. Han hadde berre Gud å stola på framover. Han visste truleg lite om verda utafor sitt eige land sjølv om han sikkert hadde høyrt ein del ettersom det var handelsvegar mellom landa. Likevel - han skulle reise - til det land Herren ville syna han.
.
  Slik er ein kristen sitt liv. Me ferdast i tru, ikkje i syn, 2. Kor. 5, 7. Og Jesus seier: Sæle er dei som ikkje ser og endå trur. Det tyder å gå på Guds lovnadar og å stola på Guds ord. Det er å tru. Ikkje alltid skjønar me alt eller føler så godt. Men trua grip tak i det Gud har sagt og lit på det uansett. Ved tru drog Abraham ut, Hebr. 11, 8. Slik har heller ikkje me noko anna enn Bibelens ord og løfter. Dei kan me gripe tak i.
.
  3) Han vart velsigna.
Dette var ein lovnad. Han skulle få Guds velsigning over livet og reisa si, v. 2. Sjølv om det vart eit liv i uvisse og offer, skulle det bli eit godt liv. Det fylgjer alltid lukke og glede med velsigninga om den ikkje kjem slik me trudde. Abraham var lydig mot kallet og gjekk på Guds ord. Den velsigning som han då opplever er meir verd enn det verda kan tilby.
.
  Filipperbrevet er eit gledesbrev. Men det var skrive i fangeho­let. Og Efeserbre­vet tek til med "all åndeleg velsigning" (1, 3). Det viser at orda i Ordspr. 10, 22 er sanne: Det er Herrens velsigning som gjer rik.
.
  Reknar me med denne velsigning i dag? Me opple­ver ofte at der offeret var størst, kom den rikaste velsigning. Og den største velsigninga me slik får oppleva er forlating for synd og skuld (Apg. 3, 19). Dei som trur vert velsigna med den truande Abraham (Gal. 3, 9).
.
  4) Han fekk lovnad om vern.
Eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna, v. 3. Gud tok altså omsyn til korleis folk stilte seg til Abraham og hans ætt. Det ville påverka deira eige liv. Det gjeld Israel som folk såvel som oss truande i dag. Gud handlar slik med folket. Guds folk er hans augnestein og han vaktar dei til alle tider. Me står under hans vern på serleg vis. Difor kan me rekna med Guds hjelp gjennom alle tider og tilhøve.
.
  5) Abraham skulle bli t i l  velsigning.
Du skal verta ei velsigning, v. 2b og: i deg skal alle ætter på jorda velsignast, v. 3b, seier Herren. Det er sterke ord. Og det må sikta vidare enn den jor­diske lukke og framgang Abraham sjølv opplevde. Då vart ikkje alle slekter på jorda velsigna ved han.
.
  Ordet i Gal. 3, 14 er tolkingsnøkkel for oss her: så velsigninga åt Abraham kunne koma over heidningane i Kristus. Dette er med andre ord ein profeti om Messias og frelsa som kom med han. Frelsa er ei velsigning. Og Kristus kom med den. Og den var ikkje berre for jødar - alle heidnin­gar skulle ha høve til å bli frelst. I desse orda ligg slik misjonen. Orda her er ein veldig misjon­stale til oss. Det er vår oppgåve å bera vel­sig­ninga til nye folk.
.
  Så kan me sjå på dette ordet på denne måten: Gud vil at du og skal bli til velsigning - både her heime og der ute. I dagleg bøn, i offer og misjons­arbeid sender me velsigninga ut til andre. Då opplever me at ved å arbeide for Gud blir me sjølv velsigna. Då gjeld ordet i 2. Kor. 9, 6: Den som sparleg sår, skal og sparleg hausta. På bokmål står ordet "karrig". Du får lite att av Gud ved å gi lite.
.
  Nå kjem ordet til oss. Har du brote opp frå verda og fylgd Abraham på vegen mot Kanaan? Og er du med og spreier velsigninga ut til andre som ikkje ein gong har høyrt ryktet om den?
.