torsdag 15. april 2010

226) 1. Mos. 11, 1-9.


Babels tårn.
226) 1. Mos. 11, 1-9.
.
  Denne soga er velkjend - om Babels tårn i Sinearlandet. Det er det moderne Irak, og soga er sann. Bibelen talar om den slik. Det hende på denne måten. Og den har noko å lære oss i vår tid. For soga gjentar seg sjølv. Vår tid er Babels tårn - den får same utgang og ende som den.
.
  Slik er Bibelen ei profetisk soge, ikkje berre forbilde. Gud har skapt alt og veit alt. Denne Gud er og i stand til å tillata alt. Dermed er ikkje soga urimeleg. Guds ord si soge avspeglar alle tider sjølv om mange detaljar er ulike.
.
  Lat oss stansa ved Babels tårn og sjå om me finn likskap med vår tid. Finn me dei same trekk nå som då?
.
  1) Storhetstankar, v. 3-4.
  Me ser straks at folket var opptekne av seg sjølve, og tenkte stort om seg og sitt. Kom lat oss byggja, sa dei. Lat oss gå saman i oppgåva. Alle som ein. Dei skulle gjera noko, laga noko som gjorde dei sjølve namngjetne. Nå ville dei bygga eit tårn som rakk heilt inn i himmelen. Det er ynskje om å bli stor. Og slike tankar har alltid vore Djevelens freisting som i Paradis: de skal verta som Gud, sa han då (1. Mos. 3, 5).
.
  For vår falne natur ligg dette så nær. Som borna vil me alle verta store på eitt eller fleire område. Me er slik. Du vil og det. Me vart fødde inn i denne verda med storhetstankar. Difor seier Guds ord fleire gonger: audmjuk deg. 1. Pet. 5, 5. Og Jesus byrja si bergpreik med slike ord: sæle er dei fatige i ånda. Mat. 5, 3.
.
  Gud må bøya oss. Me må bli omvendt i hjarta. Pontoppidan seier: omvending er av hjarta å kjenna, føla, angra og hata sine tidlegare synder. Ja, det er å hata heile si tidlegare syndige natur si elende, og å lengta inderleg etter Guds nåde i Kristus og fatta eit alvorleg forsett om å betra sitt liv (sp. 675).
.
  Den store må altså bøya seg for Gud og erkjenna si synd, og tru Guds nåde og tilgjeving i Kristus for å bli frelst. Ingen kan byggja eit tårn av gode gjerningar for å nå fram til Gud. Det er lova sin veg som bygger på gjerningar. Og den er stengt. Ingen blir frelst slik. Det er ikkje me som kan eller skal stige opp til Gud. Det er Jesus som steig ned til oss. Det er evangeliet.
.
  2) Folket avsette Gud.
  Dei ville til himlen, få eit stort namn for seg sjølv og vere dei fremste. Det er i praksis å avsetje Gud. Dei tenkte ikkje på Gud og sa ikkje eitt ord om Gud. Alt var om dei sjølve. Det er egoisme.
.
  Slik er vår tid. Mange er flinke - både i teknisk arbeid og humanitert. Me kan laga mykje fint, og sume arbeider for fred på jorda og hjelper andre menneske.
  Men - kor er Gud i dette?
.
  Mange lever nå utan Gud, som om han ikkje var tid eller er død. Dei tenkjer ugudeleg, og tar han ikkje med i sine planar. Dei seier ikkje: om Gud vil (Jak. 4, 13-16). Dei tenkjer: om eg vil og får det til.
.
  Er ikkje dette eit varsko? Syner det ikkje at Noreg er ny-heidensk!
.
  Høyr Guds ord nå: Gud lever. Han er her. Me kan ikkje avsetja Gud - like lite som me kan utrydda døden.
.
  Gud steig ned i dette. Kva så?
.
  3) Gud spredde dei utover verda.
  Han forvirra språka deira. Kva språk dei hadde først og korleis dette hende i detalj, veit me ikkje. Men resultatet var klårt: ingen forstod einannan. Dei vart alle forvirra. Ordet babel tyder forvirring, v. 9. Og det er eit godt ord for situasjonen der folk er utan Gud. Gud skapte menneske som det skal vere, men dei søkjer mange kunster, Pred. 7, 29. I NO-78 heiter det: dei finn på mangt og mykje.
.
  Det er den falne natur som ikkje forstår Guds veg og er forvirra med omsyn til Guds vilje, frelsesvegen og eit rett gudsliv. Difor har me så mange meiningar. Ingen er samde, dei gjekk til kvar sin kant. Det visste Gud.  Difor heiter det i 2. Kor. 10,5: Me tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. Det tyder at me bøyer oss for Guds tankar, og dei finn me i Bibelen.  Der finn me orden, Guds vilje og frelsesvegen. Det kan koste for oss, men det fins ingen annan veg.
.
  4) Guds dom kom.
  Gud greip inn i folket. Han steig ned. Det skjer alltid før eller seinare der folket reiser seg mot Gud. Han tilbyr oss frelse og syner oss vegen. Men vil me fylgja han? Det er friviljug.
.
  Gjer me ikkje det, må me ta fylgjene. Det kan me ikkje unngå. Fylgjen av å vraka evangeliet er evig pine i fortapinga.
.
  Kva vil du gjera?
.
  5) Babel - ein Guds port.
  Ordet Babel tyder forvirring. Men det kan kanskje kome av ordet bab-ili. Og det tyder Guds port. Bakgrunnen er truleg at dei trudde dei kunne laga ein Guds port sjølve. Dei ville stiga opp til Gud på sin eigen veg. Og det er feilen med all menneskeleg religion, anten det er islam, buddhisme eller moderne humanetika­rar.
.
  Ein annan himmelstige finn me omtala i 1. Mos. 28, 12-17. Det er Jakobsstigen. Den rakk like inn i himmelen. Men den var ikkje laga av menneske! Den vart send ned frå Guds truna. Om den vart det sagt: Her er Guds hus og himmelens port. Jfr. Es. 64, 1.
.
  Jesus er den porten. Han steig ned. Stigen vart reist ved krybba og korset. Her kan arme syndarar kome til Gud. Her er berging for alle som kjem.
.