mandag 19. april 2010

232) 1. Mos. 4, 1-11.

Ofringa tek til.

232) 1. Mos. 4, 1-11.

Kain og Abels offer.
.
  Dette er frå byrjinga av Bibelen, kort etter skaping og fall og løfte om frelse. Det handlar om Adams to søner - og dei står som bilete på to slags menneske. Dei var heilt forskjellige.
 .
 Dette skilje finn gjennom heile Bibelen: du er for eller mot, det er eit uunngåeleg val. Salme 1, Mat. 7, 13f. 1. Kor. 1, 18 om dei frelste og fortapte. Me er ein av desse, enten me vil eller ikkje eller veit om det eller ei. Heilt frå fallet har det vore slik. Verda er delt i to.
.
  1. Abel er den eine. Han er her bilete på dei truande, på Guds folk. Soga om han fortel om oss, korleis kristne er.
.
  a) Han ofra eit dyr. Eit uskuldig liv måtte lata livet og døy. Og fettet vart ofra - det beste som var.
.
  Kvifor måtte han gjera det? Kvifor skulle eit dyr døy, verta slakta? Svaret var i kap. 2. 17. Gud hadde sagt til Adam: han skulle døy om han synda. Og han hadde gjort synd. Adam må ha fortalt om denne stunda, om alvoret ved å bli jaga ut or hagen. Abel visste nok at han var ein syndar og hadde dødsdomen over seg. Faren hadde sikkert fortalt om korleis jorda var forbanna av Gud.
.
  Skal tru om ikkje han såg på dette førstefødde lammet som eit sonoffer for seg sjølv? Som ein stedfortredar for sitt liv.  Han kom slik audmjuk og bad om nåde for sitt liv. Han gjorde det i tru til at Gud skulle ta imot han. Difor var det eit betre offer, Hebr. 11, 4. Han bad om nåde pga offeret. Det er tru.
.
  b) Det var altså i tru, seier hebreerbrevet. Han visste han ikkje var god nok i seg sjølv og måtte rekna med Guds hjelp. Tru er å ta sin tilflukt til Gud, og her til eit offer. Difor er trua det sterkaste i verda.
.
  Trua kan flytta fjell, Mat. 17, 20 og sigra over verda, 1. Joh. 5,4. Den kan sløkkja den vonde sin
brennenade piler, Ef. 6, 16.
Som truande er du overvinneleg! For Gud er på di sida. Abel si tru var at han rekna med Gud, og kanskje skjøna han litt av stedfor­tredartanken utan at det er nemnt her. Det var nok ei svak aning om kva Gud gjorde for han.
.
  c) Abel var rettferdig, Hebr. 11,4. Å vere rettferdig er å ha det rett med Gud trass i at han var ein syndar. Også det må ha skjedd ved tru. Og slik er det med oss alle som trur. Me har ingen ting i oss sjølve. Me må ta imot av Han. Trua er den opne handa som tek mot Guds gåve. Då blir ein syndar rettferdig og får del i Guds rettferd. Rom. 5,1.
.
  d) Abel vart ein martyr - den første martyr i soga. Han måtte lida for si tru, og det av sin eigen bror. Difor seg me her det første brodermord i soga. Liding høyrer ofte med i ein kristen sin lodd. Og det kjem mange gonger frå våre næraste. Det er den såraste liding.
.
  2. Kain.
Her ser me det andre slag menneskje i teksten og i slekta. Kain fekk ein trist skjebne der alt var forgjeves.
 .
 Kain er bilete på to grupper eigentleg: både den vonde og verdslege og på den religiøse som ikkje har livet i Gud. Han trudde på Gud, han ofre til Gud av noko av det beste han hadde. Men motivet var ikkje rett: han ville oppnå noko hjå Gud. Han åtte ein ytre fromhet og gudsdyrking. Men korleis var hjarta hans? Det er alltid spørsmålet. Lat oss sjå korleis han var:
.
  a) Han ofra - av si eiga grøde. Det var på ein måte resultatet av strevet hans, v. 5a. Gud såg ikkje til det offeret, godtok det ikkje. Og kvifor det? Kva var galt? Når me ser det i høve til Abel sitt ser me skilnaden: det var utan blod. Kain hadde ikkje sett at han trong ein stedfortredar. Han hadde ikkje sett alvoret i synda at den kravde død. Sjølv om det ikkje er sagt med klåre ord her, må dette etter samanhangen likevel tala om syndoffer eller mangelen på det.
.
  b) Kain var vreid, v. 5b. Han såg at Abel sitt offer vart akseptert og vart misunneleg. Og det viser at hjarta hans ikkje var rett for Gud. Han let synda få rom i livet. Og det er fårleg for eit menneske. For me kan ikkje rå med synda når den slepp laus. Den vert ei makt i vårt liv. - Korleis han såg at Gud ikkje godtok offeret, er ikkje sagt. Ein kunstnar har malt det som at røyken ikkje steig opp til himmelen men la seg langs jorda. Ved Abel sitt offer steig røyken opp til Gud som teikn. Det kan godt vere at det hende slik.
.
  c) Kain vart åtvara av Gud, v. 7: synda ligg på lur og vil ha makt over oss. Guds meining var at me skulle rå over den. Det har vore slik i slekta sidan.
.
  d) Han fall og vart ein syndar. Han myrda bror sin. Hjartesynda vart til handling. Det me gir rom i vår tanke og hjarteliv, vil lett bryta ut i opa synd. Men: det var like stor synd før han gjorde sjølve handlinga. Fordi synda tek til i tanken.
.
  e) Gud tala til han på nytt, v. 9. Nå krev han Kain til rekneskap. Blodet ropar: du er skuldig. Kain vreid seg unna: skal eg vakta bror min? Det er så likt oss. Ansvaret for livet vårt vil me ikkje ta. Nå lyder domsordet: du er bannlyst, v. 11. Og så gjekk Kain bort frå Herrens åsyn, v. 16.
.
  f) Kain kom likevel med ei vedkjenning, v. 13: Mi misgjerning er større enn eg kan bera, eller straffa er så stor (NO 78). Då meinte han: fylgjene var synda var store. Og dei kunne han ikkje bera. Det var konsekvensen av sitt liv han ikkje likte.  Men han angra ikkje sjølve synda, at han hadde gjort galt både mot Gud og broren. Han var truleg glad for at Abel var borte.
.
  Kva skulle Kain ha gjort? Han skulle erkjent - at han var skuldig til å døy og bede om nåde for sitt liv. Det er vegen til frelse. 1. Joh. 1, 9. Sml. Juda v. 11 og 1. Joh. 3, 12. – Har du gått den? Eller er du ein slektning av Kain? Det er ennå rom hjå Jesus!
.