torsdag 8. april 2010

214) 1. Mos. 25.


Jakob - ein patriark.
214) 1. Mos. 25.
.
Jakob er kalla for "den stillferdige mannen", han var mykje heime i huset sitt. Motsetnaden var Esau. Han var vanheilag og verdsleg og levde berre her og nå. Difor er han bilete på dei som ringaktar Guds nåde.

Jakob er derimot bilete på ein kristen, og her er fleire trekk der me er lik han. Det skjedde mykje med han, lat oss sjå litt på det. 1. Mos. 25 og kap. 28, 10-17 m.fl.


1. Først: han var ikkje fødd til arveretten
.

Han var arving nr. 2. Etter 1. Mos. 25, 26 heldt han Esau i hælen då han vart fødd. Hos. 12, 4. Og det tyder at han ikkje var den første av tvillingane som kom til verda. Etter naturretten burde Esau blitt stamfar i Israel. Han var eldst.

Men Gud ville ha Jakob, og her viser han litt av "nådens utvelging". Det tyder at den uverdige får alt, utan å ha rett til det. - Me eig ingen rett i Guds rike. Alle er fødde i synd. Me har ingen fri vilje til å gå til Gud og kunna bli ein kristen når me vil. Det er lova sin veg. Me er fødde i misgjerning, som David seier. Salme. 51, 7, og det gjeld alle. Rom. 3, 23. Me har ingen rett, me må fødast til den retten. Slik er frelsa.

Ein slik åndeleg stilling er vanskeleg å akseptera. Men det vart sagt då Jakob vart fødd, kap. 25, 23. Rebekka vart mor til to folk, og den eldste skulle tena den yngste. Jakob skulle verta leiar i folket.


2. Dinest: Jakob synda i gjerning. kap. 25, 27-34.


Denne personlege synda viser seg på fleire måtar gjennom livet.

Først så kjøper han arveretten av broren. Og det gjorde han med list og lureri. Kap. 25, 27-34. Esau varc trøytt og svolten, og Jakob utnytta situasjonen til sitt eige beste då broren var svak. Han får han til og med til å gjera eid på det. Då var han sikker på å bli herre i folket. Men Gud godkjenner aldri ei synd, sjølv om målet er bra i seg sjølv.

Dinest lurer han far sin til å få velsigninga, kap. 27.Faren var nå blitt gamal og blind. Og mora lokka han. Ho lova til og med at ho skulle ta ei forbanning for denne synda. V. 13. Isak var i tvil, mon dette var den rette guten? Men han let seg overtala og velsigna Jakob.

Etter Guds meining var det slik det skulle vera - men det skal ikkje skje ved synd og vår eigen vilje. Mon både Jakob og Rebekka og gutane hadde gløymt lovnaden frå Gud? Han kunne nok ordna det på sin måte sjølv om det tok lenger tid. Men trua har tid til å venta. Jakob hadde derimot ikkje tid. Han måtte til og med lyga for far sin, v. 24. - Men slik er hyklaren sitt liv.

Og seinare lurte han Laban og reiste heim utan samtykke. Han tok dei beste dyra - og gjekk sin eigen veg. Og sjølv vart han grundig lurt av Laban då han først fekk Lea til kone og ikkje Rakel.

Slik er menneske - fylt av synd og prøver seg på alle vis for å få sin vilje gjennom. Me ser det så ofte - at ei synd fører til ei ny synd for å dekka over den første. Og slik held det fram. Synda bur i hjarta og gjer menneska til slavar. Synda kan aldri ryddast ut or menneska her i tida.

Kanskje du og er ein Jakob?

3. Jakob måtte betala for synda si.

Å leva i synd vil alltid få sin konsekvens. Me gjer ikkje det ustraffa.

Han måtte røma til Mesopotamia, frå broren si hemn. Slik fekk han ikkje sjå mor si att. I alt var han 20 år borte frå heimen. 31, 38.

Laban lurte han og gjekk frå lovanden sin om at han skulle få Rakel etter 7 år. Det gjekk 14 år før han fekk henne. I mellomtida måtte han ta Lea.

Seinare i livet vart han lurt av sine eigne søner då dei selde Josef til Egypt.

Det er ein bibelsk lov: Synda skal finna deg att. Det kan skje her i livet, og vil sikkert skje i domen. 4. Mos. 32, 23. Mange må bera merker etter synda heile livet.

4. Jakob fekk møta Gud.

Det hende fleire gonger i livet. Det viser at Jakob vart omvendt. Men han var ikkje skikka til å verta leiar i Israel, han var for uferdig som menneske og Guds mann. Difor måtte Gud bøya han, audmjuka han slik at han erkjende si synd. Det er alltid først steg på himmelevegen. Det var slik Gud gjorde han skikka. To gonger peiker seg ut:

a) Ved himmelstigen, kap. 28, 16-17. Gud vil tilgi. Difor måtte det koma bod like frå himmelen, og Jakob skulle møta englane. Nå skulle han læra å rekna med Guds hjelp i livet, ikkje eigne påfunn.

b) Ved Jabok, kap. 32. Det var ikkje nok å tvinga seg til farens velsigning. Han behøvde Guds velsiging, 32, 24. Men han måtte knekkast og bøyast ned. Jakob vart nå halt for resten av livet. Slik bar han merke etter sitt syndefall.

Så fekk han spørsmålet: Kva namn har du? Det hadde han fått før, og då laug han. Nå var han liten og audmjuk - og tala sant. Nå fekk han eit nytt namn: Israel. Og det vart namnet på det nye folket han vart stamfar til (sjå art. om Jabok).

Jakob tyder ein bedragar - Israel er ein som kjempar saman med Gud - og difor vinn han. Namnet kan og tyda: ein som kjempar mot Gud. "Gud set seg ofte opp mot trusheltane sine, og vil at dei skal vinna over han med makt og alvorleg kamp. Og dette skjer sikkert ikkje av annan grunn enn for å øva dei opp i trua. Og slik vil dei vurdera høgare og bevara betre det dei har kjempa til seg" (Johs. Gossner).
.