onsdag 14. april 2010

223) 1. Mos. 12, 9-13, 4 + kap. 20.


3. Abraham sitt fall.

223) 1. Mos. 12, 9-13, 4 + kap. 20.

.
  Dette avsnittet syner at Abraham ikkje var fullkomen. Det er eit trist bilde av ein Guds mann. Kvifor hende det med han som var ein trua sin mann?
 .
 Han hadde den gamle natur, trass i at han var utvald av Gud sjølv. Slik er me og, med ei dobbel natur. Noko i oss vil det gode, og noko vil gje etter for synda.
.
  Kvifor står ei slik trist hending i Bibelen? Kunne den ikkje like godt eller betre vore gløy­md? Kanskje det, på ein måte. Men nå vil den visa oss Guds veldige nåde og langmod mot dei truande. Og den vil og visa oss at me er ufullkomne synda­rar som er i fåre kvar me går. Bibelen gir ikkje eit glansbilete av kristne. Den syner oss det realistiske bilde av slekta. Der kan me kjenna oss att, og der får me hjelp.
.
  Her vil me sjå på dette: Abraham sitt fall. Det er alltid alvor, men mest når ein truande og ein åndeleg leiar gjer det gale. Det skader Guds sak meir enn mykje anna. Og det er vår sorg at slikt skjer.
.
  Som i dei aller fleste fall skjedde det trinnvis. Suksessivt glei han bort frå den smale vegen og kom i utakt med Guds vilje.
.
  1. Sørover.
  I v. 9 finn me at han reiste sørover - mot øyde­marka Negev. Med det kom han nærare Egypt og heidenskapet. Han fjerne seg frå det landet eller det området som Gud ville han skulle bu i. Og det var mot Guds bod. Han hadde fått Kana'an, v. 7,. Det var Guds gåve til han og familien. Og der var velsigninga for dei. Litt etter kvart flytte han så bort frå det. Til sist finn me han heilt nede i Egypt, v. 10. Det var nauda i landet som dreiv han dit. Slik kan utviklinga bli for ein kristen. Det kan gå nedover. Sløvhet, verdslegdom og tilpas­sing til dei andre eller rein rutine i livet kan føra oss nedover i gudslivet.
.
  2. Brorsonen Lot.
  Han tok med seg brorson sin Lot på denne turen, v. 5 og kap. 13, 1. Han var frå Mesopotamia. Han fylgde dei til Egypt.
.
  a) Det var ikkje etter Guds bod at han skulle vere med i det heile. Han fekk bod om å dra bort frå slekta si, v. 1. I dette ser me ei delvis lydig­het ved Abraham. han gjorde ikkje alt eller heilt det Gud sa.
.
  Det er alltid fårleg. Han var for omsynsfull og svak for slekta si. Det såg lite ut og kunne vel ikkje vere skadeleg. Men det var ikkje etter Guds vilje, og då fører det galt av stad. Me skal vere varsame med små feil og avvik. dei fører ofte til store feil.
.
  b) Abraham fekk problem med Lot. Det hende fleire gonger. Mange kristne må lida livet gjen­nom på grunn av sine eigne "små" synder. Me må betale for det me har gjort sjølv om me får tilgjeving.
.
  3. Hunger i landet.
  Det var stor naud i landet, v. 10. Difor reiste han til Egypt. Han hadde fått bod frå Gud om at han skulle vere i Kana'an. Trudde han ikkje på Gud nå? Ville ikkje Gud kunne hjelpe han i denne nauda?
.
  Før hadde han trudd på Gud. Han tok han på ordet og drog ut av sitt eige land og forlet slekta. Han gav avkall på alt. Fleire gonger såg han korleis Gud hjelpte han. Nå fylgde han vitet sitt, fornuften. Var det vantru som viste veg for han nå? Han hadde gløymt lovnaden om velsigning og hjelp. Då kjem ofte tvil og uro. Han kunne ennå ha snudd og reist attende til Guds land. Det ville nok ha kosta. For då måtte han ha levd på tru.
.
  4. Ingen altar.
  Då han kom til Egypt bygde han ingen altar for Herren. Før hadde han bygd altar der han kom og ofra og tilbede sin Herre og Gud. Men ikkje her. Her berre samla han gods og verdsleg rikedom, v. 16 og 13, 2. Det jordiske tok all tida hans og truleg interessa. Han hadde ikkje krefter att til bønestundene og offeret til Gud. Det er ein viss veg til meir synd og verdslegdom.
.
  5. Direkte synd.
  Då Abraham kom i vanskar medan han var i landet, fall han for freistinga til synd.  Han laug og ba Sara å lyge, v. 13. Det var ikkje Gud som ba han om det.
.
  Kvifor gjorde han det så? For å berga livet! Han tenkte det var best. Mange menneske tenker feil i dette stykke. Dei tek ikkje Gud med og let sin eigen syndige tanke styra handlingane. Paulus skriv derimot i 2. Kor. 10, 5: "og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus". Det er vegen. Abraham gjekk sin eigen veg. Dei skulle tru at Sara var søster hans, så vart han sjølv berga. Han tenkte mindre på henne. Ho kunne blitt ei horkv­inne!
.
  Men Gud var der, midt i denne situasjonen. Og han hindra det djupe fallet som kunne kome. Abraham vart kalla fram til Abraham, og alt vart oppdaga. Han vart så bortvist, v. 20. Gud måtte bruka ein verdsleg konge for å fremja sin vilje med den gudfryktige Abraham. Slik er Guds vegar uransakelege. Det måtte vere ei skam for dei truande sin far å oppleva slikt. Han måtte kjenna seg audmjuka der han drog med seg og sine heim att frå Egypt. Han skulle vore til velsigning for alle folk. Det var lovnaden. Så vart han til uluk­ke.
.
  Likevel: det var oppreising for Abraham! Han drog attende til Kana'an (13, 1). Også nå hadde han Lot med. Kvifor vart det fornying nå?
.
  Han reiste attende til den staden der han før hadde tilbede Gud og reist eit altar, v. 4. Han vende attende til byrjinga, slik han hadde hatt det før då han levde rett med sin Gud. Korleis var det?
.
  Då ba du om nåde og tilgjeving. Du hadde ei von. Det var frelse og fridom i Jesu Kristi sår og blod. Det var byrjinga. Og slik held det fram så lenge me er her på jord.
.
  Der kalla han på Herrens namn, står det. Det var redninga til Abraham. Han tilbad ikkje. Han ba om nåde og frelse. Det første me treng er reinsing frå synd. Men det er ein audmjuk veg for dei stolte menneske. Men denne audmjuke veg fører til frelse og fornying. Berre den.
.
  Treng du og eg å bygga eit slikt altar?
.