mandag 12. april 2010

219) 1. Mos. 22.


7. På Moria berg.

219) 1. Mos. 22.

Abraham i djup prøving - og stor frigjering.
.
       Kap. 22 er eit underleg avsnitt i Guds ord. Det kan likna på heidenskap der menneske er lite verd. Me er truleg på det djupaste vatn i Bibelen så langt i soga. Me må difor trø varsamt når me stig inn i dette "templet".
.
       Eg trur me må sjå på innhaldet i kap. 22 som to parallelle liner. Tilsynelatande handlar dei om to heilt ulike saker. Ved nøyare ettersyn ser me straks at dei har mykje å gjera med kvarandre.
     Det er ein gripande beretning - om offer og kjærleik. Flavius Josefus skriv her: Han skjulte det for Sara. Abraham blir bedt om å ofra sin eigen son.
.
A. Gud set Abraham på prøve.
     Gud sette han på prøve. Ville han tru Gud i alt, også det uforståelege? Abraham skulle lutrast og reinsast – og gå inn i anfekting. Det er også naudsynleg for oss. Han svarte ja, her er eg, v. 1. Han var lydig, også i det umogelege.
.

    Ein dag dreg han til Moria berg. Gud bestemte plassen, v.2. Han kunne ikkje gå nokon annan stad! Moria tyder: Herren ser, eller vil syna seg, v.14. Abraham skulle få sjå noko nytt og stort, og få eit heilt nytt liv. Me ser ofte mest ved store prøvingar.
.
     Først får me eit mektig og alvorsfullt bilete av Gud. Han krev. Guds mann skal ofra det dyraste han eig på jord. Sin einaste son skal han ofra - slik heidningane ikring han gjorde. Var hans Gud slik?
.
     Det må ha vore mange spørsmål i tankane hans på denne ferda. Og truleg såg han ikkje svar på noko. Når Gud tek oss truande inn i lutringsomnen, finn me få svar. Guds tankar er så store og høge over våre.
.
     Men Gud seier ingen ting før han er framme, når altaret er bygt og kniven er på veg til å ofra. Heile denne tida levde Abraham i uvisse om utfallet. Det var litt av prøven. Ville Guds tenar fylgja Guds vilje til siste stund, heilt fram der alt brann opp for han? Våga han å stå for Gud utan å ha noko att?
.
     Men nett her viser han kor sterk trua hans er! Nå reknar han ikkje lenger med Sara eller Hagar eller noko menneskeleg. Nå reknar han berre med Gud, og gir seg over til han. Det får bera eller bresta. Gud må styra, og han har ansvaret.
.
   Trass alt er det eit vakkert bilde av Gud. Det er skræmande, isolert sett. Ved nærare ettersyn finn me ein Gud full av omsorg for barnet sitt. Han må berre få ta oss i skule - læra oss det viktigste.  
.
     Var det kjærleik? Abraham hadde løfte ved sonen: ei velsigning. Fleire løfter kom til seinare: kap. 17.21: Guds pakt, det er frelse. Kap. 18.18 seier at det gjeld alle ætter på jorda.  Messias er altså for heile verda. Så stort var Guds løfte.
.
     Nå skal han drepast! Var det rim i det? Slik handlar Gud. Abraham var nok i tvil, han kjempa sin indre kamp. Ville trua halda?
.
Slik er det ofte for dei truande, om prøvinga ikkje er så dramatisk som for Abraham. Dei kjem inn i mørke tunellar, med anfekting og tvil.
.
     Kva då? Abraham gjorde som Gud sa! Utan å diskutera. Det er vegen. Og Gud sjølv hadde løysinga på det, slik at Isak fekk leva.
.
B. Ei profetisk vandring.
Han drog altså avstad. Tre dagsreiser. Taus. Bar på ved og ild. Han hadde to tenarar med seg. han såg fjellet, og hadde kanskje vore der før. Då vakna Isak, elller vågar å spørja: Han visste kva som skulle til ved eit offer: ild og ved og lam. Nå mangla det siste.
.
     Her finn me eit viktig spørsmål: Kor er lammet? Det er avgjerande for rett tru og kristendom.
.
     Og det er viktig nå - i teologien. Kor er lammet? I di tru? Er lammet viktigst? I ditt kristenliv? Les du om lammet, syng om det, er det di trøst?
.
     Me er ofte opptatt av mange ting: oss sjølv, andre kristne, vårt arbeid, gjerningar. Men kor er lammet? Her er mykje lovisk kristendom -: kva me skal gjera? Frigjeringa ligg i å sjå lammet. Kva seier ordet her?
.
     Abraham var lydig også her. Han bygde altar, fann veden, batt guten, tok kniven – det var berre eit sekund til han drap han. Tvilen var nok stor, men han trudde Gud.
.
     Då greip Gud inn. Stansa han - visste at han frykta Gud. Abraham trudde Gud.
.
     Då såg han noko nytt. Gud viste seg for han: ein vær. Kvifor såg han ikkje den før? Gud sende han i rett tid. Det gjer han alltid.
.
     Væren er bilde på Kristus - kva han er for oss kristne. Kva fortel dette bildet oss nå?        
.
1. Stedfortreder
Han var ein avløysar, ein vikar – og meir enn ein representant. Det er klart her.
Det er ein som tar alt på seg. Han blei ofra i staden for Isak - som gjekk heilt fri.
Bilde er klårt: den dødsdømde syndaren går fri i dommen. Abraham løyste Isak frå altaret. Han var fri.
.
     Slik blei Jesus vår stedfortredar, vårt brennoffer. Han døydde i vår stad.    
     Me er bundne av synda, dom og helvete truar alle menneske. Me må sjå det òg, sjå oss fortapte. Og så høyra: Jesus er vår mellommann. Eit par songar viser det:
     Nr. 278:"Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var slapp fri."
     Nr. 665:"Uskyldig lam som så for meg deg ville ofre hen. - Din kjærlighet har bundet deg, å få oss løst igjen."
     2.Kor. 5,21: Han som ikkje visste av synd, har Gud gjort til synd for oss (el. syndoffer). (Gml. sangbok: Domaren sjølv for den dødsdømde døde, Gud er forsona og Gud er oss god.
.
     2. Den einaste redning
Det var det for Isak. Han var alt bunden, og låg på altaret. Det var ingen annan utveg. Han trong ikkje trøst eller hjelp der han låg. Han trong ein mellommann - som ville døy!
.
     Bibelen er klar: Utan Jesus er folk fortapte. Det er ingen annan veg til frelse enn Jesus frå Nasaret. Apg.4,12: Det er ikkje frelse i nokon annan…
.
     Joh 14,6: Eg er vegen, sanninga og livet. INGEN kjem, til Faderen utan gjennom meg, ved meg - for han er den einaste døra til frelse og himmel.
.
     Difor er det galt å trøysta folk på dødsleiet og i livet med at alt går bra: døden er god, der er lys, og det er ikkje vondt å døy. Det er nyreligiøsitet, New Age, som forfører folket.
     Dei gjer folk mykje galt ved å tilsløra sanninga.
.
     3. Gud fann vikaren! 
Abraham hadde tru, v. 8. Det var profetisk. Gud vil sjølv finna lammet. Ingen annen er brukbar og kan sona vår dom.
.
     Det var bestemt i æva. Ef. 1, 4-5: Han har valt oss ut før verda var skapt, føreåt etla han oss til å få barnekår ved Jesus.
.
     Då held det! Det er pålitande, me kan døy på det.
     Han gjorde det var kjærleik til verda.
.
     4. Abraham hadde sterk tru.
Fleire gonger viser han det: Han gjekk villig til Moria.
     Han svarte tenarane, v. 5: me kjem attende. Og Isak fekk høyra dette: Gud vil sjå seg ut eit lam, v. 8. Det viser at Abraham hadde tru på Gud: Gud ville ordna opp på sin måte.
.
     Hebr. 11.19 viser det: Han tenkte at Gud var mektig til å vekkja opp frå dei døde. Då tenkte han rett. Me tenkjer ofte galt, ut frå vår fornuft. Det blir alltid galt, for vårt sinn er øydelagt av synda.
.
     Abraham tenkte ved tru. For ved tru ofra han Isak - han var alt ofre i trua, i tanken.
     Abraham fekk ei åpenberring om oppstoda. Guds veldige kraft skulle gjera det. Gud kunne vekkja Isak opp att.
.
     5. På Moria berg. V. 2.
Der blei templet bygt, 2. Krøn. 3,1. Der ofra jødane kvar morgon og kveld samt høgtider i ca. 1000 år. = ca. 1 mill. lam ga livet der. Det er bilder på Jesus. Alt det var skuggar av Kristi verk, Hebr. 8,5 og 10,1. Jødane visste: døden var nødvendig for evig liv. Like ved - på same fjellkjede i Jerusalem ligg Golgata – der gav Kristus sitt offer. Då skjedde det. Han ropte: fullbrakt. Joh 19,30.
.
     Døyparen Johannes var profet då han sa i Joh 1,29: Jesus var Guds lam som bær verda si synd. Det same ser me i 1. Pet. 1,18-19 og Åp. 5,6-10.
.
     Sang nr. 261: I det fjerne jeg skuer et underbart syn.
     V. 14 er ei fin forklaring: Der skal han la seg sjå. Der på Golgata vil du sjå frelsa, ikkje i ditt eige liv eller gjerningar eller følelser.
     Sang nr. 144: Det er liv i å se på det Golgata kors.
     Har du sett det? Er det ditt? Isak gjekk glad heim, i tre dagar. Og han gjekk med takk. Abraham gjekk der og, med undring og takksemd. Han hadde ein stor Gud, det hadde han sett nå.
.