fredag 20. november 2009

16) Jona 1, 4-16.

JONAS II.
JONAS KAP. 1, 4-16. JONAS BLIR STRAFFA.

Jonas hadde svikta kallet sitt og rømde bort frå Herrens åsyn. Han korkje ville eller kunne gå Guds veg. Det var for mykje som hindra, tykte han. Nå var han om bord i eit skip på veg frå Israel til Spania, til Tarsis.

Kallet kan bli ei tung bør for ein kristen. Det visste Jonas. Men det spørs om ikkje sviket mot kallet vart endå tyngre å bera. Det er vår erfaring i livet med Gud.
Me finn her at fleire ting hende som kastar lys over ferda hans og over Guds føring med sine. Her vil me kjenna att fleire ting i vårt eige liv og hjå andre.


1) Gud greip inn.
Etter at det er fortalt om Jonas sitt svik og flukt frå Herren, står det i teksten: Men Herren. Jonas flykta frå Herren, men Herren... Slik står det. Og dette "men" fører inn den rake kontrasten i samanhengen. Her kjem ei forandring, noko radikalt skjer. Gud grip inn. Han stansar det menneske som nå er på veg bort. Og det skal få fylgjer for ein heil nasjon.

Her viser Gud si makt. Ikkje alltid gjer han det. Mange gonger brukar han ikkje si allmakt for å stansa folk på syndarvegen og flukten. Det mistyder mange og meiner han ikkje har makt til å stansa dei ugudelege. Her gjer han det altså. Og han brukar naturkreftene til det: Gud sende ein storm. Slik kan han bruka mange måtar for å stansa menneske. Og her skulle noko utførast. Guds gjerning måtte skje, og han trong ein reidskap til å gjera det.

Nå er det slik at Guds gjerning må skje. Hans store vilje vil skje i verda i den eine eller den andre retningen. Me kan faktisk sjå det slik at enten tvingar han sine til å gå som her, eller han må kalla andre reidskap. Den som til sist taper er den som sviktar. Han får ikkje den velsigning det er å gå Guds veg og vera i hans plan med livet sitt. Her ser me korleis Gud innhentar Jonas på vegen bort. Og det var stor nåde: tenk at han ville bruka ein som sveik. Her er me alle. Ingen er betre når det kjem til stykke.


2) Folk i naud.
Stormen frå Herren gjorde at sjøfolka var i stor naud på havet. Det var ikkje ein vanleg storm som dei hadde vore i mange gonger før. Det skjøna også dei. Nå stod det om livet. Dei held på å gå under, og dei var redde. Båten held på å bli knust, står det.

Frykt for døden er naturleg for alle menneske. Det er slutten på dette livet, og det som kjem etter er ukjent for oss. Alle menneske er redd det, også dei som bannar mest og nærast skryt av at dei ikkje trur på noko etterpå eller fryktar for noko. I dødens time viser alvoret seg, og me står hjelpelause.
Desse heidningane var utan håp etter døden. Dei trudde ikkje på den levande Gud. Men dei var ikkje gudlause eller ateistar som ville klara seg på eiga hand i alt.

Det står at dei ropte til sin gud. Dei var altså religiøse og bad når dei kom i naud. Slik rekna dei med overnaturleg hjelp når naturen gjekk imot dei. Kva slags gudar dei bad til, er ikkje sagt. Men sidan det står i fleirtal, var det nok religionar med fleire gudar eller at fleire religionar var representerte ombord.

Dei ikkje berre bad. Dei kasta alt dei åtte som nå ikkje var naudsynleg over bord. Dei gjorde med andre ord det dei kunne for å berga livet og stolte ikkje berre på at når dei bad, var alt i orden. Det heiter alltid: bed og arbeid også hjå oss.

3) Jonas sov.
Midt i alt dette - kor var profeten? Alle dei andre bad og arbeidde for at alt skulle gå best mogeleg. Men Guds profet? Kva gjorde han? Det er mest tragikomisk: han låg i det nederste rom i båten og sov. Den greske omsetjinga Septuaginta (LXX) seier han snorka! Kanskje prøvde han å drukna uroa og kallet i fast svevn. Sume gonger kan det då vere vondt å sova, medan andre gonger er det nett utvegen frå det vonde. For det var jo bort frå kallet og Guds åsyn han ville. Likevel veit me at det ikkje alltid er lett å røma frå tanken. Den ville nok kome att når han vakna til ein ny dag.

Og det lukkast nesten. Nå skulle ein tru at han var trygg på veg bort frå Gud og sitt land.
Og så ser me det underlege at heidningane bad - og profeten sov! Kan hende det er tider då verda skjønar betre enn mange sovande kristne kor langt ut i ufreden og fråfallet me er komne. Her var det i alle høve dei skuldlause som skjøna fåren og ikkje han. Og han burde vel kjenna sin Gud slik at han visste noko slikt måtte henda.

I dag er det nok mange som døyver kallet frå Gud til frelse med mange verdslege ting. Dei drikk, kastar seg ut i grov synd, er travelt opptekne i verdslege ting eller kastar seg inn i t. d. politisk arbeid. Mykje av det kan vere godt i seg sjølv. Men det vert pinande vondt når det stenger vegen for Guds kall.

Eller folk kan siga inn i ein sløv verdslegdom der mat og klær vert det eine i livet. Og så nyting, gjerne framfor TV. Slikt er åndeleg svevn og fører inn i døden.

Er det mange sovande kristne nå? Slike som ikkje bryr seg om ei døyande verd omkring seg, og ikkje gjer noko for å berga sitt eige folk eller heidningane der ute. Det skjer når me har namn av å leva, men er døde eller manglar olje på lampen. Slik var det i Laodikea: dei var korkje kalde eller varme. Ikkje brennande kristne og ikkje kav verdslege. Dei var lunka. Noko sløvt midt imellom. Dei var så vel nøgde med seg sjølve og sin kristendom. Det er nok den alvorlegaste tilstand ein kristen kan kome i.

4) Jonas blir vekt.
Så skjer det som måtte skje: Jonas blir vekt. Gud brukar ein verdsleg til å få han på dekk. Kapteinen på skipet kjem og seier: Ligg du og søv?

Det var sjokkerande og ei skam. Tenk verda må brukast til å vekkja dei truande. Det har hendt fleire gonger og slik gjort skam på kristne som søv.

Korleis kan du sova nå? Slik spør heidningen. Det var ein kraftig anklage mot Jonas. Ein diktar sa visst ein gong: Dersom dei kristne trur på det dei lærer, beundrar eg deira ro.
Mange heidningar og sekter gjer skam på kristne, også bedehusfolk, med sin nidkjærhet i å breia ut sin bodskap. Tenk på muslimar som kan vere ivrige i tenesta, Jehovas vitne som går frå dør til dør med skrifter og prøver å overtelja folk til å bli med dei. Eller nyare åndelege grupper i folket som gjer meir enn mange av oss. Det burde vekkja oss til meir nidkjærhet. Me har jo noko mykje meir og betre enn alle andre.

Stå opp og rop til guden din, sa heidningen. Jonas burde be han som dei andre. Kanskje ville den guden hjelpa, sa dei. Og Jonas hadde større grunn til å be, han som trudde på den levande Gud som han flykta frå.

Nå er det mange som bed når dei kjem i naud, fleire enn me trur. Så snart faren kjem, sukkar dei eller ropar høgt til Herren: hjelp meg ut av dette. Og dei kan lova bot og betring i slike stunder. Mange "ateistar" og gudlause blir så mjuke i slike stunder. Det er som Wergeland sa i forteljinga om uværsnatta: I slik ei natt får du bøner, Gud. Og så - når berginga var der, var ofte bøna og løftet gløymde.

For mange er det siste utveg. Dei vil ikkje ha noko med Gud å gjera i livet og når alt går vel. Men i nauda, då er han god å ha.

Og Gud høyrer bøner. Han har høyrt mang ei bøn i naud og tunge dagar. Ti spedalske kom ein gong til Jesus og vart helbreda, veit me. Men berre ein vende attende til han for å takka. Slik er menneske. Slik har alle vore, kanskje ofte. Men det skulle ikkje vere slik.

5) Den skuldige, v. 7.
Heidningane skjøna nå at ein måtte vere skuldig i dette. Eit slikt uvær kom ikkje tilfeldig. Ein måtte bera ansvaret for det. Kanskje var det overtru i dette, eller kanskje dei såg noko unaturleg i det etter været å døma.

Så brukte dei den gamle måten å finna det ut på: dei kasta lodd. Den som loddet fall på var skuldig. Dei bad altså om eit teikn så dei fekk vita kven som måtte lida. Det har alltid vore vanskeleg å innrøma feil, og alltid har folk søkt etter måtar å finn den skuldige på. I GT hadde jødane urim og tummim (2. Mos. 28, 30) som truleg var steinar øvstepresten skulle kasta for å finna svar. Men me veit ikkje sikkert korleis dette var. Og i NT har me eit døme på at dei kasta lodd for å få svar: då Judas sin ettermann skulle veljast (Apg. 1, 26). Og nå har somme den vane å slå opp i Bibelen på måfå for å få eit ord som skal gi svar på vanskelege spørsmål eller når ein er i ein valsituasjon.
Her kan me spørja: er det rett?

Då må det først seiast at slikt er aldri påbode eller godkjent i Bibelen. Men me må og seia at i naudsituasjonar kan Gud bruka også det. Det viser nettopp soga om Judas og Matatias.

Men her skal me og åtvara: me skal ikkje slå opp eller bruka slike metodar av nysgjerrighet eller for å finna vegen på lettvindt vis. Satan kan og utnytta slikt. Når me er i tvil om viktige ting i livet, skulle me heller søkja hjelp i samtale med truande folk og i bøn til Gud om hjelp. Ikkje alle er i stand til å leia andre i kallsspørsmål eller i vonde kriser. Då skal me alltid søkja hjelp hjå folk som me veit trur på ein heil bibel. Korleis skal dei elles kunna hjelpa andre om dei ikkje har heile Bibelen som rettesnor? Då vil lett hjelpa bli feil. Det bør vere vår ledetråd. Og me skal slett ikkje gå frå den eine til den andre for å få det svaret som høver oss best. Det har me sett døme på. Me har det t.d. i skilsmålssaker. Der er det fleire syn mellom prestar og kristne. Så kan ein bli freista til å gå frå dei som er strenge og berre held fram Bibelens tale - til dei som tolkar Bibelen annleis og finn utvegar for å omgå dei strenge orda. Slik er det i mest alle kristne spørsmål.

I spørsmålet om å slå opp bibelord og ta det fingeren møter som eit gudesvar, vil eg berre seia dette her: Det gjer me først når alle andre vegar er stengde og når me er absolutt viljuge å fylgja det ordet som møter oss.
Her fall loddet på Jonas. Gud styrde det slik. Han var den skuldige. Og alle bøygde seg for det.

6) Jonas vert forhøyrd, v. 8.
Nå spør dei Jonas ut. Dei ville vita meir om han, kven han var og kor han kom frå og kva ærend han eigentleg hadde når han var skuldig i ulukka deira.

Og Jonas fortel. Han vitna rett og slett. Og det ser ut til at han ikkje skjulte nokon ting nå, v. 9: Eg er hebrear og dyrkar Gud som skapte himmel og jord. Det er full vedkjenning av trua si. Nå var ikkje Jonas feig. Midt framfor heidningane sa han det slik og skjulte det ikkje.

Han var heberar, dvs. jøde. Sidan desse sjøfolka låg i hamn ved Joppe, må dei ha kjent jødane som då budde lenger inne i landet. Og me finn ikkje noko antisemitisme hjå dei då. Dei må altså ha akseptert han som jøde.

Dinest sa han at han frykta Gud, skaparen av alt. Eit slikt ord ville dei forstå godt. Alle trudde på ein skapar og herre. Men det er grunn til å spørja om Jonas sa heilt sant nå: frykta han verkeleg Gud? Eller: var frykten på den rette måten - sidan han hadde rømt frå landet og kallet.

Dinest sa han den verkelege grunnen: han flykta frå sin Gud. Dei spør: Kva har du gjort? Og han fortalde dei at han flykta, v. 10. Kva tid han sa det, veit me ikkje. Har han nemnt det før på reisa eller sa han det først nå? Likevel var det ei sår vedkjenning: tenk å seia til verdslege menneske: eg har svikta kallet, og difor er dei nå i stor fåre! Det var ydmykande.

I den greske omsetjinga Septuaginta står: Eg er Herrens tenar (eller slave) og tilber Gud. Var det sant? Han hadde jo flykta frå tenesta. Difor skal me vere varsame med vitnemålet vårt ovafor verda. Det må framfor alt vere sant og ekte og ikkje pynta på det. Er eg ikkje ein tenar for Gud, skal eg ikkje seia det.

7) Folket var redde.
Då dei høyrde om Jonas sitt svik, vart dei redde. Dei visste at ingen kunne trasse gudane ustraffa. Heidningane er redde sine gudar, og noko rett og sant har dei her: Gud skal døma all gudløyse og synd ein dag. Ingen kan leva som dei vil utan at reaksjonen kjem ein gong.

Og nå visste dei ein ting: han måtte bort. Skulle dei kome velberga heim, måtte den skuldige straffast. Elles ville dei alle hamna i djupet. Sjølv om dette var rett i seg sjølv, låg nok ein egoistisk tanke bak om sjølv å verta berga.

Og nå ser me den fine og gode Jonas. Han var viljug å gå i havet for dei andre si skuld. Ta og kast meg i havet, sa han, v. 12. Det var menneskeleg tala den visse død. Men slik ville han ofra seg for dei andre. Nå kan det hende at det var litt redsle i han og. Skulle han ikkje ha gått i havet sjølv, berre kasta seg uti for å visa at han ville berga dei? Og det kan vere grunn til å spørja: ville han flykta frå kallet på denne måten og? Berre ta sitt liv og gjera alt slutt - så slapp han i alle høve å gå til Ninive. Nokre prøver den vegen i stor naud og depresjon. I svarte natta trur dei alt er slutt då, og dei skal bli fri det vonde.

Men sjøfolka var ikkje så viljuge til dette. Kanskje det var ein annan utveg? v. 13. Så freista dei endå ein gong å ro til lands. Dei må altså ikkje ha kome så langt ut på havet før stormen kom. Kunne dei berga Jonas sitt liv, skulle dei gjere det. Og det viser kor fine dei eigentleg var menneskeleg tala. Respekten for menneskelivet lyser av dei.

Det lukkast ikkje. Stormen var for stor. Og det var med i Guds plan. Gud skulle lære både Jonas og oss noko med det. Og når Gud har ein plan som skal gjennomførast, er det ikkje eit menneske på jord som kan forpurra den. Det må skje som Gud seier.

8) Heidningane ba, v. 14.
Endeleg måtte sjøfolka ta det siste steget: dei kasta han i havet. Det var ikkje ei lett avgjerd, for nå blei dei skuldige i hans død etter vår måte å rekna på.

Dei fekk straks prov for at det likevel var rett: havet la seg i ro straks Jonas var i sjøen. Nå kom Guds straffedom over profeten, han som var årsak til uværet og vanskane. Menneskeleg tala var han som død og tapt. Kven kunne overleva i slikt vær? Ingen av sjøfolka har nok tenkt at han kom til lands i live. Ikkje kunne dei hjelpa han meir, og ikkje kunne han gjera eit grann sjølv.
Dei ba berre om at dei ikkje måtte utausa skuldlaust blod, v. 14.

Då dei såg at havet la seg, fekk dei stor age for Herren, står det, v. 16. Der på skipet ofra dei takkoffer til Jonas sin Gud og gjorde løfter. Me må tru at dei lova å tru på han og vera hans etter dette. Dei "omvende" seg på ei vis - sjølv om dette naturlegvis ikkje hadde korkje lyset frå GT eller evangeliet over seg. Men det var det første resultatet av Jonas si reis.

Betalinga Jonas hadde gitt for reisa var nå bortkasta og tapt! Slik vil nok mange sjå livet sitt når Gud får snu dei i flukten: åra borte frå Gud og kallet var rett og slett bortkasta, til fånyttes. Det er berre i Guds vilje me får leva rett etter hans plan. Og berre der finn me livslukka.

9) Guds veg, kap. 2, 1.
Om mennesket ikkje hadde nokon utveg til å berga Jonas, ser me av kap. 2 at Gud visste veg. Den store fisken hadde Gud plassert i rett tid der. Det som såg ut som hans undergang, vart hans berging. Seinare vart han kasta på land, 2, 11. Dette skulle så bli eit førebilete på Jesu død og oppstode for oss. Det sa han sjølv (Mat. 12, 39f; Mat. 16).