lørdag 21. november 2009

31) Hos 6, 1.

Frelseskallet.

Hos 6, 1.


Israelittane oppmodar kvarandre her til å venda om til Herren. Då vil dei oppleva velsigning.

1. Kallet frå Gud.
Det er gildt når folk seier det. Og me har opplevd at både store og små har sagt: Me vil venda om til Gud og bli kristne. Nokre gonger kjem dei einskilde, ein etter ein. Andre gonger kjem dei i flokkar og tal. Då er det vekking i ei bygd eller by.

Når vekkinga og omvendinga er sann og bibelsk, er det alltid Guds gjerning. Det er Anden som menneska inn til Gud. Det er aldri noko me finn på av oss sjølve – difor blir det galt å seia: Me vil venda om. Har me eigentleg ein så fri vilje? Johs 6, 44 seier: Ingen kan koma til Jesus utan at Faderen dreg han. Det skal me aldri gløyma, og det vil halda oss audmjuke.

Guds folk må alltid vera i bøn om ei slik sann vekking frå Gud. Me skal både be og arbeida. Gud har sagt me er hans reiskapar og slik vil han at me skal stå i denne tenesta. Songaren har rett: Arbeid før natten kommer! Da er ei lenger tid…

Du som ennå er ufrelst: Sei Ja når kallet frå Gud lyder. Du kan ikkje gjera noko sjølv for å bli frelst, det står fast. Men når Anden gjer deg uroleg for di sjel og æva, kan du svara. Elles ville kallet vera heilt meiningslaust.

2. Guds vilje.
Gud vil at folk skal verta frelste. Den saka står og fast. Og han vil folk skal venda om alle stader i heile verda. Difor vågar me å tala frimodig om det. Det er ikkje sikkert at det alle stader kjem ei stor vekking. Men Gud vil henta ut nokre frå alle bygder og familiar.

Guds ord er tydeleg. Paulus skriv i 1. Tim. 2, 4: Han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanninga. Peter veit det same. I 2. Pet. 3, 9 skriv han: Herren har tolmod med dykk, for han vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal koma til omvending.

Det er klåre ord. Gud har sagt det slik for at ingen skal vera i tvil. Du skal ikkje kunna seia på dommedag at det ikkje var frelse for deg. Gud har sagt ALLE – og då er du med. Det er Guds vilje og den gjeld til evig tid.

Det same gjeld frelsesverket. Forsoninga er altomfattande og gjeld heile verda. Alle menneske er kjøpt med Jesu dyre blod. Det tyder m.a. at all synd er sona hjå Gud og vegen til han er open. Jesus er døra inn til Guds rike. ”Du kjem ikkje utanom Jesus om inn du til livet vil gå.”

Ola var ein liten nevenyttig kar. Han sat i snekkerbua kvar ei ledig stund og laga seg ein liten seglbåt som han ville leika med. Ein dag var han ferdig, malt og med segl til tops. Så sat ved brygga og heldt båten i ein tau. Han kunne dra han att og fram.

Så høyrde han plutseleg brannsirenen og brannbilen raste bortover gata. Han gløymde heile båten og sprang oppover for å sjå. Det var jo så spanande. – Då han gjekk ned att til brygga, var båten borte. Kva skulle han så gjera?

Ein dag gjekk han forbi ein butikk, og der såg han båten i vindauga. Han var for sal! Det MÅ vera min båt, tenkte han. Og gjekk til eigaren og sa det. Nei, sa mannen bak disken. Den har eg kjøpt av ein kar og skal nå selja han vidare.

Ola funderte mykje på det. Nå hadde han spart saman ein del pengar på ”børsa” si i lang tid. Nå sprang han heim det beste han kunne og henta pengane. Og det var akkurat nok – då han la dei på disken. Og Ola stod der med båten i hand – og sa halvhøgt for seg sjølv: ”Først så laga eg deg, så kjøpte eg deg med alt eg hadde – og nå – nå MÅ du vera min.

Slik var det Gud tenkte. Han skapte oss og kjøpte oss med Jesu blod. Du tilhøyrer med rette din Gud!

I tillegg har Gud bede sitt folk om å gå ut i all verda og tala om dette og prøva å vinna folket for himmelen. Mark. 16, 15. Det er Gud som gjer arbeidet, men han vil ha menneske som sine reiskap. Nå er denne talen også eit slik kall til deg.

3. Hindringar for frelsa.
Der er hindringar, elles ville jo alle vore frelste. Men dei er ikkje det, sjølv om dei er snille og gode menneske på utsida.-

- Ein slik hindring er djevelen. Han går ikring som ei brølande løve, står det. 1. Pet. 5, 8. Han har ei farleg makt. Og han har slukt mange menneske som let seg skrema av den stereke røysta hans. Men andre gonger kjem han som ein fin engel, seier Paulus. 2. Kor. 11, 14. Då er han endå farlegare. For då merker me ikkje så lett at han kjem. Han gjer alt han kan for at folk ikkje skal bli frelst. Det må du rekna med.

- I tillegg har han ei heil åndehær som han styrer dit han vil. Ef. 6, 11. Mange trur ikkje på noko anna enn det dei ser. I tillegg til det synlege, er det ei usynleg åndehær i verda. Desse åndene kan gjera oss motlause og kraftlause og senda hindringar av mange slag i vegen for oss.

- Menneske kan og vera hindring, både slekt og vener og andre. Til og med kristne menneske kan oppføra seg slik at dei hindrar folk i å koma til Jesus. Det er ein alvorleg tanke for oss. Jfr. Mat. 13, 58.

Matias Orheim song i sin ungdom, og eg trur det er noko i det han seier: ”Lat andre seia kva dei vil, eg dreg no likevel til himlens land…”

Viss du overgjev til Gud, let du han styra livet. Då må alt anna vika plassen. Jesus har all makt i himmel og på jord. Mat. 28, 18. Difor kan du trygt gå til han, han vil ta vare på deg.
..