fredag 20. november 2009

15) Jona 2, 1.

JONAS III.
JONAS SOM FØREBILETE PÅ JESUS, kap. 2, 1.

Jonas var ulydig mot kallet frå Gud til å gå til Ninive. Så rømde han i båt til Tarsis over Middelhavet. Midt i uværet og døden for Jonas hadde Herren berginga klar.

Det som hende då var eit stort under. Jonas vart verande i fisken sin buk i 3 døger - og så kasta han Jonas på land - i live.

Men det var ikkje berre det som var underet i denne soga og denne boka. Andre ting var og under frå Gud: at stormen kom slik, at det stilna då han vart kasta i havet, at fisken var stor nok og at han kunne overleva. Eit under var det og at sjøfolka omvende seg når dei såg det. Seinare vil me sjå underet då folket i Ninive verkeleg høyrde på han og tok han alvorleg og vende om til Israels Gud. Det var uhøyrt i den tida. Fleire under hende forresten i Ninive: Kikajontreet som vaks opp på bod frå Herren, og at det visna på hans bod.

Boka er full av slike under. Og det gjer at bibelkritikken har kritisert denne boka meir enn få andre bøker. Eit nedslag av det ser me i Bibelselskapet sit utgåve i 1966, "Utval or GT". I innleiinga til Jonasboka er det uklåre ord om denne boka. Dei seier boka ikkje var skriven før ned mot 500-350 år før Kr. Og dei opnar døra for at dette er ei oppdikta eksempelforteljing.

Jesus rekna med at Jonas var ein historisk person, Mat. 12, 40f, og at dette hadde skjedd slik. Me trur at Jesus har rett, og kan ikkje kjenna oss rolege for at han berre sa det dei fleste sa på den tida.
Jesus brukte dette som døme på og førebilete på si eiga oppstode. Slik Jonas var i fisken i 3 døger og fekk livet att, slik skulle Jesus vere i grava i 3 døger. Difor var det ikkje tilfeldig at Jonas var tre dagar i fisken. Guds tanke var nok å fortelle om påskemorgen flere hundre år på forskot.