lørdag 28. november 2009

61) Klages. 5, 21.

Fornying.

Klages. 5, 21.


Fleire tekstar i Bibelen talar om fornying, slik som Salme 51, 12; 2. Kor. 4, 16, Ef. 4,23. Det kan gjelda den einskilde kristen, og eit heilt kyrkjesamfunn eller eit land. Fornying er som ein vår i naturen. Alt har visna vekk og det ser daudt ut. Ein dag spirer det, og alt teiknar til nytt liv. Her talar profeten Jeremia om Jerusalem og jødane. I åndeleg forstand kan det henda slik med oss og.


1. Kvifor er det naudsynleg?

Det kan vera fleire årsaker til at ein kristen er komen på avstand og har sovna inn. Då blir det ugreie i kristenlivet. Og då er det tid for ei ekstra fornying.


a) Ei synd kan vera grunnen. Det var slik for David. I Salme 51 og 32 ber han til Gud om ny nåde. Han veit han har gjort galt, og han er blitt klår over at all synd eigentleg berre er mot Gud. Han har synda mot Batseba og mannen og brote fleire av dei ti boda. Likevel seier han i Salme 51, 6: ”Einast mot deg har eg synda.” Det gale me gjer mot menneske når me sårar dei eller forbryt oss mot dei, er som ingen ting mot det å krenkja den Heilage Gud. Det hadde David sett. Og i Salme 32 kan han rope ut med fryd: ”Du tok bort mi syndeskuld,” v. 5b. Eigentleg er all synd mot Gud, som vår skapar og Herre.


b) Eit slurve kristenliv er ikkje sjeldan årsak. Du er oppteken med dei daglege ting, arbeidar og strevar i det jordiske og gjer det kanskje godt der. Men Ordet og bøna og den stille stunda i ditt eige rom, er blitt sjeldan og kanskje borte. Då går det som med ein annan salmist, me veit ikkje namnet: ”Mitt hjarta er som solsvidd og visna gras, for eg har gløymt å eta mitt brød,” Samle 102. 5.


c) Du er kanskje blitt sløv og verdsleg i kristenlivet? Det har liksom stivna til i rutine, og varmen og gløden er borte. Ein rutine kan vera både god og vond. Alt verkeleg liv må fornyast, elles døyr det. Det er som å stella planer og buskar. Dei treng tilsyn. Dersom dei jordiske ting er det viktigaste, kjem søvnen snart. Og då er du i fare.


2. Korleis det ikkje skjer.

I ein slik situasjon bør me vera ekstra varsame. Djevelen kan lett lura oss her. Då er det godt å kjenna til nokre av fallgruvene i fornyinga.


Det skjer ikkje ved stemning og kjensler. Dei er sjeldan varige. I så måte er typiske kjenslemenneske i ein ekstra fare her. Då kan ein tru at ved eit stormøte eller ved kjensleladd tale og song kjem fornyinga. Og så søkjer ein mest slike samlingar og kjenner seg oppglødd ved det som skjer. Men kva hjelper det om ei synd eller svik ligg til grunn?


Men det skjer heller inga fornying om du tek deg saman og gjer mange gode gjerningar, ofrar ekstra mykje til misjonen og les i Bibelen og ber lange bøner. Alt dette er bra nok i si tid. Men det er noko anna som må til om livet skal spira og bløma og bera frukt.


3. Kva då?

Gløym alt som har med gjerningar og ditt eige sjeleliv å gjera. Bli klar over kor di synd er og kvar du har falle. Ver realistisk og ærleg i dette stykke. All fusk og fant må bort. I v. 16 skriv Jeremia: Ve oss, vi har synda! Gleda er borte og hjarta er sjukt. Og det var ikkje berre på grunn av svolt og vanskelege tider.


Nå ropa folket til Gud: vend oss til deg att … nya opp att dagane våre. Det er altså ei bønestund me les om her. Den retta bøna er ikkje ritual og tillærte bøner. Dei kan vera til hjelp nokre gonger. Men her er det hjartebøna det er tale om. Ropet innafrå som lengtar etter fred med Gud og det rette livet med han. Då vil du alltid sjå synder i livet, små eller store menneskeleg tala. Men det er synd mot Gud – der ligg alvoret. Og det er naud i sjela: Herre, kan du tilgi?


Slik måtte David gjera då han hadde synda, Salme 51 og 32. Daniel ber og slik: Vi har synda, seier han, Dan. 9. Har du være der på kne for Gud med livet ditt? Det ventar han på.


Så les du i Ordet om korleis Gud er. Då går du til kap. 3,21ff. Ta det til hjarta: Herrens nåde og miskunn er ikkje slutt. Kvar morgon er ho ny. Eg kan vona på han, for han er min del og han er god. Jeremia skriv ein annan stad: ”Kom attende de fråfalne born! Eg vil lækja fråfallet dykkar. Jer. 3, 22.


Der ligg løysinga. Legg alt i Guds hender. Han er nådig og tilgjev. I den nye pakt veit me at han tilgjev på grunn av Jesu Kristi soning på krossen. Blodet reinsar frå all synd. Og det er nok. Det er ikkje mine gjerningar som fornyar meg. Det er Jesu gjerning i min stad. Der er nok miskunn og nåde i Guds hjarta. Det gjeld deg og. Ville du berre ta imot!

.