fredag 20. november 2009

8) Sef. 3, 12-17.

Sef 3, 12-17


Her får me eit innblikk i korleis dei sanne Guds born er. Og det gjeld i Israel så vel som hjå oss i den nye pakta. For Gud er alltid den same. Lat oss trekkja fram nokre merke eller sider ved Guds folk.


1. Dei er audmjuke, v. 12. Han vil ha eit bøygd og ringe folk. Og i ein forstand er me det. For me ser vår synd og svikt og veit me er uverdige. Har me ikkje denne tanke og visse, er me ikkje Guds born. Dei ovmodige blir dømde av Gud.


2. Dei set si lit til Herrens namn, v. 12b. Det er vår tilflukt i all vår naud. Og dette er eit uttrykk for trua vår. Me trur ikkje på oss sjølve eller på noka menneskeleg makt. Me reknar berre med Jesus. Det er å setja si lit til han. I Salme 2, 12 (som er ei Jesus-salme, dvs. messiansk) heiter det så fint: Sæle er dei som tek si tilflukt til han, dvs. Frelsaren. Og i Salme 34, 23 skriv David: Ingen av dei som søkjer livd hjå han, dømest skuldig. Me er altså uskuldige når me trur på Jesus, frikjend frå alt det gale me har gjort. Det er ein stor tanke.


3. Dei lever eit rett liv, v. 13. Dei gjer ikkje synd, skriv Johannes, 1. Joh. 3, 6. Me syndar ikkje i medvitne gjerningar. Her er det ikkje tale om det me ufriviljug kan koma til å gjera. Men ein kristen kan ikkje leva i synder. Her i teksten er det uttrykt med konkrete ord: Dei skal ikkje tala lygn, det skal ikkje finnast ei svikefull tunge i munnen deira. Dei lever livet etter Guds vilje. Og når me fell i synder, må me gå den same vegen som før: søkja livd hjå han.


4. Dei har ei sann glede, v. 14. Og gleda er først og fremst over at Herren har teke bort straffa, v. 15. Her er det for oss tanken kjem på Jesu kross. Me er på langfredag nå. Der var all vår synd samla, og Jesus bar dom og ansvar og straff for alt saman. Korleis kan ein syndar som ser dette, lata vera å gleda seg og takka gud for underet: dette gjeld meg!


Her er grunnlaget for frelsa. Jesus døydde for synda vår, slik profeten ser det så lårt: Straffa låg på han for at me skulle ha fred, Jes, 533, 5.


Det er ikkje me eller vår gjerning og vårt liv som gjer oss til frelste. Alt det er ubrukeleg og skittent for Gud. Men Jesu verk er gyldig. Det gjeld. Og der er alt av nåde.