fredag 20. november 2009

14) Jona 2, 2-10.

JONAS IV.
BØN, kap. 2, 2-10.

I dette kapitlet får me høyre om den bøn Jonas ba medan han var i fisken. Då vende han seg til Gud og ba om frelse.

Nå har det vore fleire meiningar om kva tid han skreiv denne bøna. Somme seier at det var medan han låg i havet eller i fisken. Då tenkte han ut denne salma. Andre meiner det hende etter at han kom til lands.
Me må rekna det som sant nok at han skreiv det ned då han kom på turr grunn.Det kunne rimelegvis ikkje ha hendt før.

Men nå seier boka at sjølve bøna var beden i fisken, kap. 2, 1-2: ...då ba han til Herren og sa. Difor trur me det er slik.

Eit serdrag ved dette kapitlet og denne bøna, er at mykje er likt salmane i Bibelen. Her er faktisk direkte sitat frå fleire salmar: 18, 31, 42, 50, 103, 130.

Og det er igrunnen ikkje så rart. Jonas var ein Guds profet og har nok vore kjend med dei heilage skriftene. Difor kom det så naturleg då han sjølv var i naud å nytte bønesalmar i si eiga bøn. Det er og vår erfaring.
Hovudinnhaldet i bøna er eit inderleg rop til Gud om frelse og ei hjarteleg takkebøn for at Gud berga han. Den er eit prov på at Gud høyrer bøn. Herren frelste han frå den fåren han var i. Han skal atter møta Gud i Herrens tempel. Der vil han bera fram si takk til den miskunnsame Gud.

Ser me litt nærare på bøna hans, vert det eit førebilete for vår bøn og. Me finn han i djup samtale med sin Gud, jfr. Jerem. 3, 22. Først nemner han si eiga bøn og korleis Gud svara han: eg kalla på Herren, og ropa på deg, seier han. Og du høyrde mi røyst. Det er trusvisse i slike ord. Gud hadde ikkje forkasta han sjølv om han var i slik naud, i det djupe havet.

Og det er nett si eiga naud han han tenkjer vidare på, v. 4. Han var i djupet, straumar kringsette han. Berre det kunne få han til å fortvila. Slik er igrunnen mennesket på åndeleg vis. Me er nede i syndedjupet, og har lika lite von om å berga oss sjølve som Jonas i fisken. Det vonde er kring oss alle stader. "Brot og bylgjer går over" oss. Så djupt og så vonlaust var det. Ja, heilt "til bergbotnane sokk eg ned" og bommar vart stengde etter han. Jonas kunne takke farvel til livet for alltid. - Det tyngste var nok dette: Eg er støytt bort frå dine augo, v. 5. Det minner om Salme 22 og Jesu rop på krossen. Tanken om å vere forlaten av Gud, er det tyngste eit menneske kan ha. Det stel den siste von.

Trua på Gud svikta likevel ikkje. Han seier trygt i v. 5: Eg skal atter skoda opp til ditt heilage tempel. Og i v. 7 kan han seia slik: Du førde mitt liv opp or grava. Han hadde lært Gud å kjenna og hadde tillit til han: hjelpa ville kome.

Og svaret kom. Medan sjela var i djupaste naud, og Jonas sende tankar og bøner til himmelen, nådde bøna fram - heilt til Guds tempel. Slik er det ofte med oss: bøna er sterkast når nauda er størst. Ord åleine er inga hjelp, om dei er fint forma og framførde på rett måte gir ikkje bøna kraft. Det er hjarteropet som skapar den rette bøna. Og eit slikt rop kjem som regel ikkje før sjela er i verkeleg naud. Og at denne nauda var ekte, viser v. 9. Han hadde sett at avgudane ikkje kunne hjelpa, dei var tome. Difor er det han som får lovsongen, v. 10.

Og før bøna sluttar, gjev han lovnadar til Gud: han skal halda det han lova då han var i fisken. Og som den engelske puritanaren M. Henry seier, er det å æra Gud. Kor mange har ikkje gløymt sine lovnadar når faren var over. Og i kap. 3 ser me at Jonas heldt sine ord. Han gjekk til Ninive med Guds ord. Og bøna sluttar med eit veldig tillitsord: Hjå Herren er frelsa. Han har lova frelse i GT, han gjorde det mogeleg då Kristus døydde, han vil at alle skal bli frelst, og han kan frelsa den største syndar. Soga om Jonas skal oppmuntra oss til å søkja frelse og hjelp kor mørkt det så ser ut.