tirsdag 23. februar 2010

179) Josva 1,3.


Der du set foten.
179) Josva 1,3.
.
Landet vårt er vakkert med fjordar, fjell og dalar. Men også Israel er fagert. Dette vart jødane sitt land. Dei skulle få det av Gud, som ei gåve - kvar einaste bit av landet. Josva var føraren deira.  - Men dei måtte innta landet, og først når dei tok  bit for bit av landet, vart det i røynda deira land. Dette finn me i Josvas bok.
.
      Slik er det også åndeleg. Å vera frelst er å bu i Guds land, når me går inn gjennom porten dit ved omvending og tru på Jesus. Det er eit stort land og mykje å oppleva i samværet med Han.
.
Her gjeld og v. 3: Kvar stad du set foten, får du av Herren. Her nemner me noko av det:
.
1. Når eg og Jesus åleine er…
Det er ein fin dal i Guds hage. Der får du kvila, får ny kraft og styrke, og mykje mat frå Jesus. Me treng desse stundene. Læresveinane fekk oppleva det. Mark. 6,31-32: Kom med til ein øydestad der vi kan vera for oss sjølve, sa Jesus til dei. har du tid til det? Du får ikkje meir av denne gleda, enn du sjølv set foten på.
.
      Maria gjorde det. Ho valde den gode delen - og det var plassen ved Jesu føter der ho lytta til hans ord. Luk. 10,42. - Alle Guds store menn måtte det. Dei brukte mykje tid åleine med Gud. Er du travelt oppteken i Guds rike, er det endå meir naudsynleg for deg. Der får du ny og nok kraft til striden, der er rikdom og der finn du kvile for nerver og tunge tankar såvcl som for lekamen.
.
      Eg trur dette er mangelvare nå. Folk ser ut til å vera redde for den stille stunda og einsemda. Difor står radio og CD-spelar på heile tida.
.
2. Bibellesing.
I den gamle boka er det mykje godt. Der kan du finna nye sider ved Gud og frelsesverket og korleis Guds folk har det i denne verda og korleis det blir i Guds himmel. Du kjem liksom aldri til endes der.
.
Det er elles mykje elsestoff i verda nå. Det er bøker av svært ulikt slag, fargerike vekeblad og anna. I tillegg har me fåptt internett der det er uendeleg mykje å finna. Du kjem aldri til siste sida der.
.
Det er ikkje nok å bruka ”mannakorn-prinsippet” når ein les Bibelen. Det kan vera nyttigm i ein travel dag eller tid. Men det rekk ikkje i lengda. Dei nye små og helst tynne andaktsbøkene er heller ikkje nok mat for truande menneske. Dei kan også nyttast somme gonger, t.d. ved ein hastig morgonandakt.
.
Ein Guds barn treng likevel meir fast og innhaldsrik mat på vegen. Les systematisk gjennom bibelbøkene. Som ny kristen kan det vera godt å byrja med noko enkelt, t.d. Johannes-evangeliet. Det er ein god start. Så tar ein litt av breva, dei andre evangelia, salmane, profeten Jesaja og 1. Mosebok.
.
Me får ofte meir ut av Bibelen ved å elsa det same fleire gonger. Tenk ikkje slik at du er ferdig med ei bok i Bibelen, når du har lese henne. Der er meir å setja foten på. Gode evangeliske bøker og kommentarar kan vera til stor hjelp. Men spør gjerne truverdige, eldre kristne om kva dei seier.
.
3. Tenesta.
Mange ventar på hjelp her i verda. Det er plass til alle som vi gi ei god hand til folk som treng det. Det humanitære arbeidet er på moten. Du får ros for å hjelpa folk. Der ligg og faren: Du kan bli så oppteken av å få ros, at du vel ut slike oppgåver som dei fleste vil rosa deg for.
.
Større er likevel den tenesta som kan hjelpa folk i det åndelege, og visa dei veg til himmelen. Denne tenesta er ikkje like godt påakta av alle, sjølv om det er det største i heile verda. Det viktigaste me kan gjera er å visa folk himmelvegen. Det er ikkje sikkert at så mange vil takka deg for denne tenesta, for den er ikkje så synleg som anna arbeid.
.
Du har likevel bod frå Kongen over alle kongar her. Jesus sa at me skulle gå ut i heiele verda med bodskapen om frelse. Alle er syndarar, og alle treng difor å høyra om han som kan og vil tilgje synd av di han døydde for alle synder.
.
Det gir kraft og frimot til å stå på i tenesta. Gud velsigne deg og alle som vil gjera det. Kongen ventar faktisk på at nokre skal koma og seia: Her er eg, send meg” Jes. 6.
.