mandag 15. februar 2010

130) Ester 2

Ester.

130) Ester 2


Namnet Ester tyder stjerne, og ho er den audmjuke og den opphøgde. Nå var dronning Vashti avsett, og kongen søkte etter ei ny. Men det var uikkje kven som helst som var aktuell. Jfr. Luk. 1. 48-49.


1. Ester si stilling.
Ho var utan far og mor (i live), v. 7. Ho syntes lengst borte frå det å verta dronning. Ho burde i det minste ha ei kjend slekt. Men her var ho ingen ting. Slik talar Paulus om oss kristne, 1. Kor. 1: Det som ingen ting var, det valde han seg ut. Slik er det ein parallell mellom Ester og oss kristne.



2. Kallet, v. 8.
Mange unge jenter var samle då kongen skulle velja ut ei ny dronning. Men ho vart og henta til kongsgarden. Ho veit ho er kandidat nå, men ho veit og at berre ei jente blir dronning. Og alt stod og fall med kongen sjølv. Ho kunne ikkje sjølv gjera noko.

- For oss kristne er det slik at alle får kallet. Men me er alle like hjelpelause. Det er Kristus som valde oss ut, ikkje me, står det. Joh. 15, 16.



3. Ester sin karakter, v. 9.
Kongen likte denne jenta. Det er som han tenkte: Ho vil eg ha. I v. 20 ser me kanskje litt av grunnen: Ester retta seg i alle ting etter det Mordekai sa – slik ho hadde gjort før som barn. Ho var audmjuk og lydig – men det var ikkje noko påtatt. Ho var slik. Nå skulle neste kapittel i livet hennar byrja.



4. Hennar val, v. 15.
Ho viser sitt sinnelag då møter kongen. Ho kravde ikkje anna enn det som kvinnevaktaren rådde til. Ho ville ikkje be om noko etter sin vilje. Ho var nøgd med det ho fekk. Og slike menneske har det godt, dei får leggja alt i Guds hand og seia: Skje din vilje, ikkje min.



5. Nådeløn, v. 17.
Den ukjende jenta utan familie ved sida av onkelen, opplever det største ho kunne tenkja seg. Alle jenter drøymer om å bli ei prinsesse, er det sagt. Men ho hadde nok ikkje ein slik draum. Ho visste det var urealistisk. – Men kongen fekk henne kjær, står det, meir enn dei andre jentene. Og den store dagen kom. Ho vart ikkje prinsesse – ho vart dronning. Kongen sette ei kongeleg krone på henne og gjorde henne til dronning, står det.



Ei slik nådeløn er det me frelste syndarar får. Me var ikkje verd det, men Kongenes konge gjorde oss til si eiga brur. Me kunne ikkje gjera noko for å bli det. Men han sette det i verk. Som prov på det sette han krona på oss. Det er altså stort å vera ein kristen. Tenk om folk kunne forstå det og fylgja oss på den vegen. Det er nåde – me er uverdige – men saka er like sann for det. For det var han som valde oss.