tirsdag 16. februar 2010

157) 1. Sam. 13 og 15.


Sauls nederlag 3.
157) 1. Sam. 13 og 15.                                             

I kap, 13. 1 ser me at det gjekk god i to år. I v. 5 finn me at fienden kjem, som ville ta kongen og leiaren for folket. Og dette er djevelen sin taktikk: Dei sløve kristne får fred. Men den aktive og brennande kristne blir freista.
Og Saul fall fleire gonger, til siste han vart ein fråfallen. Her kan me sjå litt på falla hans.

1. Ulydnad.
Denne synda var ikkje grov og ytre, synleg synd. Det var eit fall i hjarta. Det har ofte store konsekvensar. I kap. 10, 8 ber Samuel Saul å venta til han kjem att. Då ville profeten seia kva Saul skulle gjera. I kap. 13, 8-9 er det fortalt korleis det gjekk. Saul venta i sju dagar som var fastsett, men han venta ikkje heile den siste dagen. Han vart utolmodig og byrja å ofra på altaret. Det hadde han ikkje lov til. Han var av Benjamins stamme og ikkje av prestestammen Levi.

Då profeten spør kvifor han hadde gjort det, svara han (v. 12): Eg tok mot til meg og bar fram brennofferet. Han gjorde altså slik han sjølv tenkte og ville. Dermed var han ulydig mot Guds profet.

Det er det første steget bort frå kongekrona.

Då endra Gud sin plan. Han kan gjera det når Guds vilje skal skje. Og Saul fekk ikkje det Gud ville gi han.

Korleis er det n? Med oss? Å vera lydig er ei frukt og ikkje frelsesgrunn. Det er alltid Jesu verk som er vår grunn til frelse. Det seier Skrifta, Fil. 2, 8-11 og Rom. 5, 19. Men som kristne skal me fylgja etter Jesus. Ordet viser vegen me skal gå. Det kan kost for oss. Me må forsaka, og nekta oss sjølve noko. For vår vilje er alltid mot Guds vilje.

2. Hovmod.
Det neste steget er hovmod. I kap. 15, 12 står det at Saul reiste eit minnesmerke over seg sjølv. Matthew Henry skriv om dette: Han reiste ein triumfboge! Det er ein fare for oss alle, særleg arbeidarar i Guds rike. Ein predikant og misjonær og prest står i fare for å framheva seg sjølv. Ein triumfboge er noko som viser kva ein har gjort, og ofte er det sjølvskryt. Nokre gonger kan det vera kamuflert på ein ”fin” måte, ved at ein seier at det er nåde frå Gud og at me er små og uverdige. Men bak kan det liggja ein grunn til å framheva seg.

Ein sjølvbiografi – skriftleg eller munnleg - kan slik vera uhyre farleg. I kyrkjesoga les me om folk som har gjeve store gåver til ei kyrkje, t.d. Kvifor gjorde dei det – så openlyst?

Saul skulle heller reist eit altar, slik Noah og Abraham gjorde for å ofra og takka og tilbed Herren. Det sømer seg for Guds folk. I Bibelen min har eg skrive noko av eit dikt eg lærde i ungdomen: ”Kjærleiken går ut i verda og gjer det gode. Deretter går han attende i skuggen og seier ingen ting om sitt verk.” Eg veit ikkje kven som sa dette først. Men det ligg ei stor sanning i det.

Me er alle i fare her. Hovmod er ei gift som øydelegg sinnet og alt ikring oss. Peter skriv: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 1. Pet. 5, 5. Og Paulus skriv om dei gamle i den gamle pakta: Dette hende som førebilete for oss, for at me ikkje skal ha hug til det vodne. 1. Kor. 10. 6.

Noko av det same seier Samuel til Saul i 1. Sam. 15, 17: Då du var liten i dine eigne augo… Det var den gongen Samuel høyrde om minnestøtta. Han skjøna at Saul nå ville vera stor, og då kunne han ikkje vera ein konge for Gud.

I Dom. 6, 15 er det fortalt om Gideon som Gud sende ut. Då sa Gideon: ”Korleis skal eg makta å frelsa Israel? Mi ætt er den ringaste i Manasse… ? Det er slike smålåtne Gud kan bruka i si teneste. Men han var og svak her og laga ein livkjortel av gull som folket tilbad, Dom. 8, 27. ”Jeg går i fare hvor eg går…”

3. Løgn, 1. Sam. 15, 13-16.
Det er det tredje steget nedover. Saul skulle slå fienden, v. 3. Men han sparte noko av det godset han tok, rett mot Guds vilje. Dette tok han sjølv. Saul fuska, var ulydig og tok det Gud hadde forkasta.

Og då møtte han Herrens tenar. Då lyg han, v. 13. Eg har gjort etter Herrens ord, seier han. Men å møta Samuel var å møta Gud sjølv! Og i det møte lyg han beint fram: Eg har gjort rett, etter Guds ord. På same tid hykla han ei gudsfrykt når han seier: Velsigna vere deg.

Saul hadde det i munnen, han hadde lært korleis han skulle vera som ein Guds mann. Men nå møtte han ein verkeleg Guds mann, og det er fårleg for hyklaren. Tenk om me hadde fleire slike modige Guds talarar som våga å vera sann i møte med syndaren! For den som syndar, har ikkje gudsfrykt i hjarta. Han berre snakkar. Slik var også Ananias og Safira, Apg. 5.

4. Saul vraka Herrens ord, v. 23.
Korleis gjekk det då til slutt med Saul så langt? Då Guds lyskastar kom over han, fan Gud det som låg gøymt i dei inste krokane av livet hans. Og då svikta han. Han ville ikkje sanna si synd, slik Guds ord alltid har talt. Han var sjølvsikker, ulydig og stor i eigne augo. Slike menneske er ikkje frelste.

Nei, la lyset openberra alt. Erkjenn synda så grov som ho er, og gøym ikkje noko unna. Å fuska her er døden for trua vår. Der og då skal me få våga å tru på det reinsande blodet, og så vera der. Alltid.

Me må bøya oss, gråta og erkjenna synda, og be om nåde. Salme 2, 12 seier: Sæle er allesom tek si tilflukt til han – det er til Messias, Jesus Kristus. Kven annan kan me ta vår tilflukt til i vår naud? Der har du vegen. Den skulle Saul ha brukt – og soga hadde vore ei heilt anna.