tirsdag 2. februar 2010

122) Job 19, 25.


122) Min gjenløysar lever.
Job 19, 25.
.
Job har eit profetisk ord med full evangelisk klang i kap. 19,25: Eg veit at min gjenløysar lever, skriv han. Han har hatt mykje motgang og dårlege vener til å trøysta seg. Dei klaga han og kona spotta. Det var grunn til å bli fortvila.
.
Då viser Job at han har eit klårt syn på åndelege ting og seier dette mektige ordet. Eit flott vitnemål og eit profetord om Messias.
.
1. Han har ein gjenløysar, seier han.
Gud skal hjelpa han, og det er den einaste redning. Ingen menneske kan, han set sitt håp til Gud. Han er gjenløysar, ein som skal skaffa han retten attende slik Rut opplevde det, Rut. 2-3.
.
For oss er Jesus vår gjenløysar. Han kjøpte retten til oss med blodet sitt. Der alt anna sviktar, står han fast. Og det skal han gjera til evig tid. Han tok vår syndeskuld, kjøpte oss og gjer oss fri ved trua på han. Jes. 53,5. Rom.8,3.32
.
2. Og han lever.
For han stod opp frå dei døde. Han seira over djevlar og synd og død og dom. Difor er han i stand til å hjelpa nå. Job "såg" faktisk påskemorgon der Guds son reiste seg frå grava, og det gav heila verda ei ny von. 1. Kor. 15,4.14f. Luk 24,5-8.
.
3. Job er viss her:
Eg veit det, seier han. Han er trygg. Det er ikkje eit laust rykte, ei svak von, ein "antagelse", ei aning eller andre folk si meining. Han har ei indre overtydning. Han veit. Det er stort. Denne vissa er fødd ut av nauda hans. Då har den også verdi. Han har ein stor redningsplanke mot fienden og tvil og motgang.
.
Slik er det for oss. Eg veit, skriv Paulus. 2. Tim. 1,12. Han er viss i si tru. Og til Fil.1,6 seier han: Han er fullt viss på at han som byrja skal fullenda verket.
.
4) Herren er den siste, skriv han.
Gud skal ha det siste ord. Difor er han trygg i trua. Vår visse byggjer på at Jesus er Gud. Og det er min Gud og redningsmann som er den siste. Då er eg trygg til slutt. For han er alltid den same og kan ikkje endra seg,
.
Denne Gud er det som skal døma. Han skal stå fram på støvet. Og då står han fram som min hjelpar. I dag ser det ut som om dei mest verdslege vil sigra. Dei er så trygge i sin spott og kan likesom ikkje tapa. Guds ord viser oss at Gud skal ha det siste ord i alle ting. Difor er det godt å leva med han.